Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den mest diskriminerte gruppa i samfunnet

I sommar har ho stått fram og kjempa for bror sin. Norwegian ville plutseleg ikkje frakta stolen til den multihandikappa broren heim frå ferie. Stolen var for stor. Då familien frustrert. Norwegian frakta dei ned på ferie, men nekta å frakta broren heim att.

– Me har aldri hatt problem med SAS til dømes. Me kjem aldri til å fly med Norwegian att. Me har fått kompensasjon, men dei vil ikkje endra reglane.

18-åringen får vera med på ulike arrangement som nestleiar i NHFU. I sommar har ho vore på konferanse i London , som utsending frå NHF.  Saman med 750 andre delegatar frå ulike land, prata ho om like moglegheiter for alle i verda.

Den mest diskriminerte gruppa

NHF meiner at personar med nedsett funksjonsevne er den mest diskriminerte gruppa i Noreg. Knudsen meiner diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne ofte er skjult.

– No har det til dømes kome ut at ein har eigne rom for funksjonshemma der ein tek blodprøvar, på same måte som ein har eigne rom for kvinner og menn.  Men ein er jo både kvinne og mann, sjølv om ein er funksjonshemma.

Ein vert fråtekne sentrale rettar, og ingen tenkjer at det ikkje er greitt.

– Det same problemet har ein viss ein ikkje kjem inn på ein restaurant eller ikkje kan gå på nærskulen sin. Viss ein hadde vore ein annan minoritet, til dømes mørk i huda, homofil eller kvinne, hadde det vore heilt horribelt om ein ikkje fekk gå på nærskulen sin. Når det gjeld oss,  er det på ein måte greitt.  Difor tenkjer eg at personar med nedsett funksjonsevne er den mest diskriminerte gruppa, fortel Knudsen.

– Ein vert fråtekne sentrale rettar, og ingen tenkjer at det ikkje er greitt. Ein har heller omsorgsperspektivet i staden for å ta omsyn til rettane.

LES OGSÅ: Noreg får FN-kritikk for ekskluderande undervising

Marianne Knudsen på landsmøtet til Norges Handikapforbund i 2017. Foto: Ivar Kvistum/Handikapnytt

Bør engasjere organisasjonar utanfor brukarorganisasjonane

Marianne Knudsen meiner at desse problemstillingane ikkje berre bør engasjera brukarorganisasjonane.

– Det er viktig at politikarar snakkar om det, at organisasjonar utanom brukarorganisasjonane tek opp problema. Ta desse borna som ikkje får gå på nærskulen sin fordi den ikkje er tilrettelagt godt nok. Det bør vera ei like viktig sak for Redd Barna eller Elevorganisasjonen. Det er viktig at me står saman, at journalistar skriv om det, fortel den engasjerte nestleiaren.

Ho trur òg det er viktig at funksjonshemma sjølve går i bresjen for eigne rettar.

LES OGSÅ: Mange med nedsett funksjonsevne blir mobba

Betaler ein høg pris

Den engasjerte 18-åringen betaler ein ufrivillig pris når ho står fram i media.

– Kommentarar som at eg ikkje er intelligent nok til å uttala meg, eller at eg kostar for mykje pengar, er døme på kommentarar eg har fått. Eg synes det er tøft at folk står fram med historiene sine.

– Det er så mange ungdommar som ikkje får leva eit liv med fridom. Det opprører meg å lesa lesarinnlegg om folk som ikkje får skulegong. Som ikkje får møte kompisar og vener. Dette er ting som er essensielt i eit kvart menneskje sitt liv.

LES OGSÅ: Medelevar kopla hjula av rullestolen hennar

Kan råka den psykiske helsa

– Ungdommar som bekymrar seg for om dei kjem på do, liksom. Det er perspektivet på fridom, for så mange. For meg handlar det om grunnleggande ting, som å ha ein normal kvardag. Når eg les slike lesarinnlegg så tenkjer eg, kvifor tenkjer ingen at dette er gale?

Knudsen trur at denne innskrenkinga av livet på grunn av for lite hjelp, kan føra til psykiske problem:

– Eg har merka personleg at den kampen ein fører kostar. No bur eg i Trondheim.  No er eg nøgd med Brukarstyrt assistent  vedtaket mitt, men når eg flyttar attende etter folkehøgskule i Oslo, heng BPA-vedtaket i ein tynn tråd. Ingen har nokon garantiar. Berre å leve med den frykta. Du er jo glad i det livet du lever no, men når du søkjer på ny, veit du ikkje om du kjem på do, veit ikkje om du får laga middag, veit ikkje om du får studera eller vera politisk aktiv, fortel ho.

LES OGSÅ: Vil lovfesta rett til spesialundervising

Marianne Knudsen sin video i aksjonen #jeggodtarikke har blitt sett over 180.000 gonger:

Ein likestillingskamp og den er ikkje over

Når Knudsen vert konfrontert med at mange meiner at likestillingskampen er over, er ho langt frå samd i det.

– Eg er jo 18 år i dag, men eg ser kor mykje samfunnet har endra seg, berre på dei få åra eg har vore i politikken. Du ser Pride, du kan tenkje attende på kvinnekamp eller raseskilje med Nelson Mandela. Du ser alle dei store likestillingskampane som folk på den tida ikkje tenkte var likestillingskampar. Eg trur dette er ein sånn type kamp, fortel ho.

Den engasjerte 18-åringen trur dette er funksjonshemma si storheitstid.

– No er me ferdig med omsorg og ta vare på og desse merkelappane. No er det eit nytt perspektiv. Eit perspektiv som står sterkt, om at funksjonshemma kan bidra og vera ressursar for samfunnet, avsluttar den engasjerte nestleiaren.