Mange med nedsett funksjonsevne vert mobba

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når det gjeld tal på funksjonshemma som vert mobba, har me ikkje tal for heile gruppa, men me veit at funksjonshemma elevar mobbast meir enn andre, seier Berit Therese Larsen.

Berit Therese Larsen er fagpolitisk leiar i FFO. Foto: FFO

Ho er fagpolitisk leiar i Funskjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO), ein paraplyorganisasjon med 82 medlemsorganisasjonar.

Blant dei er CP-foreining. Der er Sofie Jansen, som Framtida.no skreiv om i går, medlem. Framtida.no har også skrive om Thomas Findal Andersen frå Kristiansand, somer medlem i Hørselsforeininga sitt landsforbund (HILF). Begge to har slitt med mobbing. Du lan lese historiene deira her:

I fjor gjorde CP-foreininga ei undersøking, som var omtalt i Handikapnytt.

Foreininga har intervjua foreldre til born med CP i grunnskulen. Resultata viser at minst éin tredel av alle born med CP, har erfart mobbing. 14 prosent fortel at dei vert mobba oftare enn to-tre gonger i månaden. Fem prosent fortel at det skjer fleire gonger i veka.

– Skulane må auka kompetansen

Larsen meiner at skulane kan gjera mykje, og mange kan gjera meir enn dei gjer i dag.

– Dette er sjølvsagt varierande, men alt for mange elevar opplever mobbing i skulen i dag. Skulen er den instansen som har ansvar for å ta tak i mobbinga, seier ho.

Larsen meiner at skulen kan arbeide generelt med antimobbing og søkje støtte frå eksterne fagmiljø for å bekjempe mobbing.

– Dei kan òg jobbe for ein meir inkluderande skule, der elevane arbeider saman i klassen. At funksjonshemma born vert tatt ut av klassen gjennom største delen av skuleløpet, og får undervisninga si i eigne rom, bidreg ikkje til inkludering og mangfald. Når elevane er samla, lærer dei om mangfald og får større forståing for kvarandre. Då er det vanskelegare å mobba, seier Larsen vidare.

Ho meiner òg at lærarane må ha kompetanse på funksjonshemma born og tilrettelagt undervisning.

Larsen viser til aktivitetsplikta i saker som gjeld mobbing av enkeltelevar – i lova om psykososialt miljø i skulen. Plikta er klar. Her er eit utdrag frå det skulane er forplikta til:

«Alle som arbeider på skolen har plikt til å følge med, gripe inn og varsle, hvis de får mistanke om, eller kjennskap til at en elev ikke har et trygt og godt skolemiljø.»

Ansvaret skal ikkje liggja hjå elevane

– Når det gjeld kva elevane kan gjera, meiner me at ansvaret ikkje kan leggjast på enkeltelevar. Det er skulen som må jobbe med dette ovanfor elevane, og bevisstgjera dei, seier Larsen.

Likevel finst det grep som kan vera effektive for at elevane skal endre oppførsel. Larsen meiner at «lærar Bjørndals metode», omtalt av Trine Eilertsen då ho jobba i Bergens Tidene, er eit godt døme. Læraren til Eilertsen hadde snakka med dei mest populære elevane med mest innverknad på dei andre. Han utfordra dei til å gripe inn når dei var vitne til mobbing.

– Når mobbarane vert oppstramma av ein populær elev, har det meir effekt enn om ein lærar eller inspektør gjer det,  seier den fagpolitiske leiaren.