Reagerer på dårleg omsetting på eksamen: – Vert vanskelegare å vere nynorskbrukar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 19.06.2019 13:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein kan kalla det undertrykking av nynorskbrukarar om ein skal setje det på spissen. Når det er omsett ord for ord, vert det vanskelegare å vere nynorskbrukar, seier Reidunn Hånes Egge.

19-åringen som går tredjeklasse studiespesialisering på Volda vidaregåande skule vart trekt opp i eksamen i biologi 2.

Ho reagerer på dårleg nynorskomsetting og fryktar det kan gå ut over eksamensresultata til nynorskelevane som tok eksamen.

«Hvilke oppsett» vart «kva oppsett»

Etter eksamen var det ifølgje Hånes Egge fleire i kullet som fortalde at dei ikkje forstod  spørsmålsstillinga i oppgåve 4 a og b.

I bokmålsversjonen heiter det: «I hvilke oppsett avtar konsentrasjonen av oksygengass?» Dette har på nynorsk vorte omsett til: «I kva oppsett minkar konsentrasjonen av oksygengass?»

Til venstre er bokmålsversjonen og til høgre er nynorskomsettinga, som Norsk Målungdom har klaga inn til Utdanningsdirektoratet. Foto: Norsk Målungdom

Hånes Egge reagerer på at den nynorske omsettinga er tvitydig samanlikna med bokmålsversjonen, noko som gjer at ein ikkje kan lesa ut av teksta om oppgåva spør etter eitt eller fleire oppsett.

Fryktar for karakterane

19-åringen, som er medlem i Norsk Målungdom, meiner det er urettvist at bokmålsbrukarane får ein tydeleg indikasjon på at oppgåva spør etter fleire oppsett, noko nynorskbrukarane ikkje får.

Avgangseleven håpar difor at sensoren tek omsyn til det i rettinga si.

– For nokon er kanskje den karakteren avgjerande for om ein kjem inn på det studiet ein vil inn på, understrekar ho.

19-åringen synest det er «kjempedumt» at nynorskelevane igjen får dårleg omsett materiale og fryktar at det kan gå ut over språkmangfaldet ved at fleire elevar byter hovudmål til bokmål.

Udir: – Ikkje ei feilaktig omsetjing

Norsk Målungdom har sendt ei skriftleg klage på til Utdanningsdirektoratet med kopi til Språkrådet og Kunnskapsdepartementet.

Seniorrådgjevar Marianne Elgen Bøhler forsikrar om at dei formidlar til alle sensorar at dei skal sjå på heilskapsinntrykket når dei sensurerer.

«Dersom ordlyden i ei oppgåve fører til at det er mogeleg å tolke oppgåveordlyden på to måtar, skal sensorane ta omsyn til dette når dei sensurerer,» skriv ho i ein e-post til Framtida.

Ho forsikrar om at Utdanningsdirektoratet har strenge og gode rutinar på både fagleg og språkleg kvalitetssikring av alle eksamensoppgåver og er ikkje heilt einig i kritikken.

«Det er etter vår vurdering ikkje ei feilaktig omsetjing frå bokmål til nynorsk i denne eksamensoppgåva, men det er mogeleg å tolke oppgåveordlyden på nynorsk på to måtar. Sensorane er derfor informerte om at dei skal vere spesielt merksame på dette,» forsikrar ho.

– Eg er sikker på at det er store mørketal og mange som ikkje melder frå om at dei ikkje får rettane sine oppfylte, seier Eline Bjørke, skrivar i Norsk Målungdom.

Eline Bjørke er skrivar i Norsk Målungdom. Foto: NMU

Målungdommen er ikkje imponert

– Udir må ta jobben sin på alvor, seier skrivar i Norsk Målungdom, Eline Bjørke.

Ho synest det er «voldsomt problematisk» at elevar med nynorsk hovudmål får ei oppgåve med ei meir tvitydig tolking enn bokmålselevane.

Skrivaren i Målungdommen meiner det ikkje burde vere vanskeleg å fange opp slike ting på førehand og etterlyser ein skikkeleg kvalitetskontroll av nynorskmateriellet.

Bjørke er heller ikkje særleg imponert over svaret frå direktoratet og meiner dei fråskriv seg all skuld.

– Dei meiner at elevane sjølv er såpass nynorskkompetente at dei veit at dette kan ha fleire tydingar. Men det er ikkje nødvendigvis sant, når me veit at nynorskelevar ser mindre av språket sitt enn bokmålselevar. Det hadde aldri skjedd i ein bokmålseksamen at ein hadde ei så tvitydig oppgåve, meiner Bjørke.

Fryktar mørketal

Skrivaren meiner eksamensoppgåva i seg sjølv er prov nok på at rutinane til Utdanningsdirektoratet ikkje er gode nok. Målungdommen fekk tips om ein liknande feil i ei eksamensoppgåve i 2017 og fryktar mørketal.

– Me veit ikkje kor mange gonger det har skjedd. Men me mistenkjer at 2017 og dette ikkje er dei einaste tilfella i nyare tid.