Liva fekk 23 seksarar på vitnemålet – her er dei beste eksamenstipsa hennar

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor gjekk Liva Thiis ut med 23 seksarar på vitnemålet frå Odda vidaregåande. Førre veke blei norskeksamen hennar kåra til éin av dei tre beste i Noreg.

Her er dei beste eksamenstipsa til Liva Thiis:

1. Bruk gode kjelder!

Ikkje ver redd for å trekkje inn fagstoff frå andre fag – det vil i dei fleste tilfelle gjere teksten din meir interessant og unik. Å skaffe seg oversikt over pensum i forkant av eksamen er viktig her, fordi ein då òg kan finne aktuelle kjelder for dei ulike delane av pensum.

2. Sjå eldre tekstar frå nye vinklar!

Svært mykje av den litteraturen som er pensum og som kan verke litt «tung» og gammal er like aktuell i dag. Sjå eldre tekstar frå nye vinklar, bruk dei i samband med dagsaktuelle saker og samanlikn dei med nyare litteratur.

3. Lag ein skikkelig disposisjon!

Bruk god tid på dette. Eg lagar først ei tankekart for å få oversikt over vedlegga og kartleggje alle tankane mine rundt temaet, gjerne medan eg går gjennom ulike eksterne kjelder (fagbøker, artiklar osb.). Så finn eg ut kva som kan setjast saman og nyttast til å forklare dei ulike problemstillingane eg vil ta for meg.

Vidare lagar eg ein disposisjon i dokumentet eg skriv i, og skriv kvart avsnitt i stikkordsform, og ordnar avsnitta slik at dei er i den rekkjefølgja eg vil ha dei i. Til slutt skriv eg ut heile teksten, og dersom disposisjonen er god nok, går dette steget veldig radig.

(Og sjølvsagt: alle bør melde seg inn i Norsk Målungdom! Både for nynorsken si skuld  og fordi dei har mange gode informasjonsskriv som er supre som kjelder på eksamen.)

LES OGSÅ: Sjå seksar-Torstein sine beste eksamenstips!

Og sjå andre eksamenstips her!