Ingeborg Steine Jensen fekk panikk då ho såg eksamensoppgåva. No legg NTNU seg langflate.

mm

«Fyr ein omfram fresemaskin verdsetjas denne mot kjøp av ny», stod det i oppgåvaIngeborg Steine Jensen fekk i statistikk og økonomi sist torsdag.

Ho er frå Norheimsund i Hardanger og studerer byggingeniør ved NTNU på Gjøvik.

«Kvisleis» og ei rad andre parodiske uttrykk gjekk igjen i eksamensoppgåva ho fekk ved NTNU.

– Eg blei redd eg skulle gå glipp av mykje informasjon som eg ikkje forstod, seier Ingeborg Steine Jensen til Framtida.no.

I går ettermiddag la ho ut eksamensoppgåva på Twitter. Reaksjonane har ikkje mangla. NTNU var ikkje sein med denne orsakinga:

– Eg håpar det blir betre og at dei tar det til seg, slik at ingen andre skal oppleva å få ein slik nynorsk som eg opplevde, seier Ingeborg Steine Jensen.

TIPS TIL EKSAMEN!

Ikkje første gong
Det er likevel ikkje første gong ho opplever å få dårleg nynorsk i ei eksamensoppgåve:

– Hausten 2014 fekk eg òg ei oppgåve med dårleg nynorsk. Ho var ikkje like ille, men i same stilen.

Byggingeniørstudenten gir ikkje opp, og vil halda på nynorsken.

– Eg kjem ikkje til å byta til bokmål. Nynorsk er likestilt med bokmål, og det er berre for dårleg at det har skjedd, seier Steine Jensen.

Uhaldbart
Jorunn Simonsen Thingnes (bildet) har skrive masteroppgåve om skrivefeil i eksamensoppgåver på Universitetet i Oslo våren 2014. Der fann Thingnes morfologiske feil, altså bøygingsfeil, i 94,7 prosent av dei 38 eksamensoppgåvene som blei gitt på nynorsk på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

       Foto: Odin Hørthe Omdal

LES SAKA: – Ei skam og ein skandale

– Eg synest det er heilt uhaldbart at NTNU har delt ut ei eksamensoppgåve av så låg språkleg kvalitet. Ho er full av grammatiske feil! Substantiv har feil artikkel (ein framsyning, ein investering) og bøying, og det står ikkje betre til med verba. Det verste er likevel ordtilfanget. Ordbruken er gamaldags, til dels utdatert (millom, fyr, tå) og heilt på bærtur (kvisleis). Ingen studentar vil kjenne seg igjen i denne nynorsken. Mange av feila kjenner eg igjen frå gjennomgangen av eksamensoppgåver ved UiO, men ordtilfanget her skil seg altså negativt ut, seier Simonsen Thingnes.

Ho meiner det er eit leiaransvar å skapa eit system for å hindre at slike oppgåver blir laga og spreidde.

– Eg vil ikkje henge ut enkeltpersonen som har laga denne oppgåva. Det kan hende han har gjort så godt som han kunne – sjølv om det i dette tilfellet er vanskeleg å sjå føre seg – «kvisleis» er for karikert.

QUIZ: Forstår du bokmål?

Her ser du eksamensoppgåva som Ingeborg Steine Jensen fekk:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE