Framleis mange som ikkje får eksamen på nynorsk

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I eksamensperioden i haust er det sendt inn 18 klager til sju lærestadar på vegner av nynorskstudentar som ikkje har fått eksamen på nynorsk.

Det er fleire klager enn i same semester i fjor, skriv Norsk målungdom (NMU) i ei pressemelding.

Nokre av studentane klagar på at kvaliteten på språket i oppgåvetekstane er for låg, men dei fleste studentane som klagar har ikkje fått oppgåvetekst på nynorsk i det heile.

– Det er alvorleg, seier skrivar i Norsk Målungdom, Eline Bjørke, i pressemeldinga.

Ifølgje Mållova har studentane rett på å få eksamen på eige språk.

– Vi ser kvart år at mange studentar ikkje får eksamen på nynorsk, trass i at dei er meldt opp som nynorskstudentar hjå lærestaden sin, seier Bjørke.

Nokre lærestadar skil seg ut i negativ retning. Det gjeld til dømes Det Matematisk-Naturvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo (UiO). Alle klagene NMU har fått på UiO gjeld eksamenar ved dette fakultetet.