Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å promotere ein hedonistisk reisekultur er ganske perverst når ungdommar som Greta Thunberg reiser rundt med toget for å tigge oss vaksne om å ta ansvar for deira framtid.

MDG-politikar Eivind Trædal er ikkje nådig når han blir spurd kva han meiner om at VG fremjar denne typen flyreiser. Dei største avisene i Noreg tilbyr ofte forlokkande reisereportasjar både på redaksjonell plass og på eigne innhaldsmarknadsføringssider.

Eivind Trædal er bystyrepolitikar for MDG i Oslo. Foto: MDG

I ein artikkel om kva stader i verda du bør ha på «bucketlista» – altså besøka før du dør – listar avisa opp fjerne område som Japan, Vietnam, Bolivia og Antarktis.

Medan avisa på den eine sida skildrar den rekordraske issmeltinga på Antarktis, tilrår dei berre nokre månadar seinare å dra som turist til det utilgjengelege kontinentet.

– Å promotere ein hedonistisk reisekultur er ganske perverst når ungdommar som Greta Thunberg reiser rundt med toget for å tigge oss vaksne om å ta ansvar for deira framtid.

Også Anja Bakken Riise, leiar i Framtiden i våre hender, reagerer:

– Media spelar ei viktig rolle i kampen mot klimaendringane. Når vi veit at flyreiser står for ein stor del av vårt private utslepp, burde dei ikkje skrive for mykje om langvegsturisme, eller turisme til skjøre område, som for eksempel Antarktis.

– Steg i rett retning

Bildet er likevel ikkje heilsvart. Medan somme saker tilrår reise til Antarktis eller langhelg i Firenze med «digre kjøttstykker», er det andre saker som legg opp til meir klimavennleg framkomst eller reiser nærare heime.

Anja Bakken Riise er leiar i Framtiden i våre hender. Ho meiner media spelar ei viktig rolle i klimakampen. Foto: Renate Madsen

– Eg la merke til at VG nyleg tok seg bryet med å påpeike at Napoli også er tilgjengeleg via tog. Det er eit positivt steg i rett retning, skriv Trædal i ein e-post til Framtida.no.

Også Framtiden i våre hender-leiaren har merka seg trenden.

– Det er veldig oppløftande å sjå at fleire og fleire mediehus promoterer meir berekraftig turisme, som reiser i nærmiljøet, eller reiser med buss eller tog.

– Eg trur flyskam-bevegelsen har vore med på å auke bevisstheita hos folk om utsleppa frå fly, og ikkje minst korleis ein kan reise annleis, seier Riise.

Jamlege diskusjonar i VG

Kari Tone Flågen leiar VGs avdeling for reisejournalistikk. I ein e-post til Framtida.no stadfestar ho at det går føre seg jamlege diskusjonar om reisedekninga til avisa.

Kari Tone Sperstad Flågen er ansvarleg for reisejournalistikken i VG.
Foto: JAN PETTER LYNAU, VG

– Den siste tida har vi auka fokuset vårt på reisemål som kan nåast med meir miljøvennlege transportmåtar, med eit spesielt fokus på feriemål i Norge og i våre naboland.

Dette er ein bevisst strategi, ifølgje Flågen.

– Vi ønskjer å kunne gi våre lesarar meir inspirasjon til å ta fleire miljøvennlege reiseval.

Det er i tråd med utviklinga i våre naboland Danmark og Sverige.

Stadig meir fokus på klima

Danske Politiken annonserte nemleg tidlegare i år tre endringar i reisejournalistikken:

  1. Fleire reisereportasjar skal vera frå Danmark, Norden og Nord-Europa – stader ein kan nå med kollektivtransport.
  2. Ein dropper formatet «Weekendguide» fordi det kan oppfattast som ei oppmoding til å ta lange flyreiser berre for ei langhelg.
  3. Talet på oversjøiske reiser blir redusert til maks éi per utgiving.

Det same gjeld svensk media, ifølgje svenske Journalisten (ekstra). Ein flyr stadig mindre, og enkelte medium innfører også nye reglar for reisejournalistikken.

Svenska Dagbladet sitt reisebilag SvD Resor skal halvera talet på reisereportasjar som ligg meir enn fem timar med fly frå Sverige. Talet på saker om nordiske reisemål skal derimot doblast. I Aftonbladet blir saka diskutert «intenst», skriv det norske fagbladet Journalisten.

Ikkje slutt på eksotiske reisereportasjar

Til liks med Politiken vil ikkje VG nødvendigvis slutta med reiseskildringar frå eksotiske stader av den grunn. Reisetilbydarar skal dessutan få halda fram med innhaldsmarknadsføring og reklame på VG sine plattformar.

– Men vi vil i større grad enn tidlegare skrive om meir klimavennlege alternativ.

Grepa Politiken har gjort kan bli gjenstand for debatt også i VG den neste tida.

– Det er inspirerande å sjå grepa Politiken har tatt på både sine eigne flygningar og informasjon om klimaavtrykk i sine artiklar. Eg ser ikkje vekk ifrå at dette vil bli ein del av diskusjonen også i vårt mediehus i tida framover, fortel VG-journalist Flågen.