«Helsebrødre som ikke er brødre»: – Kall meg kva du vil

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 12.06.2019 17:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Hadde det heitt helsesøster så hadde eg søkt for det. Det hadde ingenting å seie for min del. Eg kallar meg sjølv for helsesøsterstudent i praksis – eg gløymer det jo heile tida, seier Ørjan Bergfalk.

32-åringen frå Bø starta på vidareutdanninga i helsesjukepleie ved Oslomet i januar i år og er éin av fem menn på studiet – noko som er rekordmange ved institusjonen.

Saman med studiekameraten Carlos Landberg driv han podcasten Helsebrødre som ikke er brødre – der dei jazzar med alt frå namneendring til kjønnssjukdommar.

Brevkurs som helsesøster

Bergfalk trur ikkje nødvendigvis tittelen helsesøster verkar avskrekkande på ein mann som først har tatt valet om å gå inn i det kvinnedominerte yrket som sjukepleiar.

– Ein blir jo kalla søster som mann i sjukepleie likevel, så den rustningen har du på likevel, ler Bergfalk, som får støtte av Landberg.

Dei to helsesjukepleiarstudentane er ikkje så opptekne av namnet og meiner helsebror er like fint som helsesjukepleiar. Dei meiner likevel det som er positivt med den nye tittelen er at det synleggjer sjukepleiarkompetansen deira.

– Det viser seg jo at veldig mange ikkje veit at du er sjukepleiar i botnen, når du berre var helsesøster, seier Landberg, og får støtte av studiekameraten.

Bergfalk ser føre seg at dersom ein kjem i ein akuttsituasjon og spør: «Er det noko helsepersonell her?», så vil folk reagere meir positivt på om det kjem ein sjukepleiar enn ei helsesøster.

– Helsesøster då har du på ein måte berre eit kveldskurs, eller brevkurs, spøkar Landberg.

Helsesjukepleiarstudentane Carlos Landberg (t.h) og medstudent Ørjan Bergfalk skildrar podcasten sin som «snikpropaganda for god helse».

– All PR, er god PR

Sjukepleiarutdanninga har dei siste åra hatt rekordmange søkjarar, men i år kunne fagbladet Sykepleien melda om 18 prosent nedgang frå i fjor. Det nye kravet om karakter 3 i matte får mykje av skulda for nedgangen.

Yrket har heile vegen vore kvinnedominert og dei siste åra har berre kring 11 prosent av sjukepleiarane i Noreg vore menn.

Helsesøsterutdanninga har lenge vore ei populær vidareutdanning med ekstremt dårleg kjønnsbalanse. Hausten 2017 var til dømes fire av 387 helsesøsterstudentar menn – på landsbasis. Det tilsvarar rett over éin prosent.

Sidan den gong har eit samrøystes storting vedteke at yrkestittelen skal endrast frå helsesøster til helsesjukepleiar, ei endring som trådde i kraft 1. januar 2019.

– All PR, er god PR. Det var nok meir det at det vart belyst meir i media, enn sjølve namneendringa, seier Bergfalk.

Dei to helsesjukepleiarstudentane gjev mediemerksemda rundt namneendringa og fokus på yrket æra for at dei valde å vidareutdanna seg frå sjukepleiar til helsesjukepleiar.

– Me søkte jo før me fann ut at det var nytt namn, så me visste jo ikkje at det ville heite helsesjukepleiar, forklarar Bergfalk.

Rekordmange søkjarar

Tal frå NSD (Nasjonal database for statistikk om høgre utdanning) viser at tendensen er den same over heile landet. I år er 2,7 prosent av søkjarane til helsesjukepleiarutdanninga menn, noko som er over dobbelt så mange som året før.

Studentane trur nesten ikkje sine eigne øyre når dei høyrer kor mange menn som har søkt helsesøsterutdanninga ved Oslomet til neste år.

– Er det femten? Det er jo heilt sjukt då, utbryt Landberg, som får støtte av studiekameraten.

– Det er jo fleire enn det er totalt i landet no det, kommenterer Bergfalk overraska.

Helsesjukepleiarstudentane kan ikkje hugsa å ha hatt eit nært forhold til «helsesøster». – Jentene brukte det mykje meir, men for gutta var det ikkje eit tema at det gjekk an ein gong, fortel Ørjan Bergfalk (t.h) og Carlos Landberg.

– Søster-tittelen har hindra nokre menn frå å søkja

Ved utgangen av 2018 var det nemleg berre 12 mannlege helsesjukepleiarar i Noreg.

Leiar for Landsgruppa for helsesjukepleiarar, Kristin Waldum-Grevbo, gler seg over at fleire menn vil bli helsesjukepleiarar. Foto: Privat

– Me veit at søster-tittelen har hindra nokre menn frå å søkja seg til yrket. Ved å endra tittel har me mellom anna ønskja å signalisera at menn er hjarteleg velkommen i yrket, skriv Kristin Waldum-Grevbo i ein e-post til Framtida.no.

Leiaren for Landsgruppa for helsesjukepleiarar synest søkjarauken er både gledeleg og som forventa.

– Eg trur både namneendringa og mykje positiv omtale av yrket har vore med på å motivere fleire menn til å søkja. Yrket er mangfaldig og passar godt for både menn og kvinner.

Tre gonger så mange mannlege søkjarar i vest

Aller størst auke har Høgskulen på Vestlandet, som har hatt ei tredobling i talet på mannlege søkjarar – frå 8 i 2019 til 23 i 2019.

Førstelektor og studiekoordinator for helsesjukepleiarutdanninga ved HVL, Ragnhild Sollesnes, gler seg over at fleire menn søker vidareutdanning som helsesjukepleiar hausten 2019 og meiner namneendringa har æra for auken.

– Det er gjort nokre mindre undersøkingar på kva som er viktig for ungdommar i møte med desse tenestene. Då svarar dei fleste at korleis dei vert møtt, er viktigare enn om det er ein mann eller ei kvinne, forklarar Sollesnes.

Ho trur likevel det kan vere bra for unge gutar å òg møte menn og mannlege rollemodellar på helsestasjonen og i skulehelsetenesta.

– Det kan kanskje senke terskelen for gutane, for desse tenestene blir mest brukt av jenter. Kanskje kan det bidra til at fleire gutar oppsøker tenestene, seier Sollesnes.

Endra arbeidsmarknad

Ørjan Bergfalk trur nokre mannlege sjukepleiarar som tidlegare ville valt psykiatri kanskje vil «blø litt inn i helsesjukepleie».

– Noko av arbeidet på skule er jo litt psykiatri, og det er jo veldig mange menn i psykiatrien.

Studenten får støtte av førstelektor Sollesnes, som trur mange mannlege sjukepleiarar kan synast at arbeidsoppgåvene innan skulehelseteneste og helsestasjon ungdom der ein møter både jenter og gutar.

Ho fortel at mannlege sjukepleiarar gjerne har søkt vidareutdanning innan anestesi, intensiv og psykisk helse.

Ved HVL har det vore diskusjonar om kjønnskvotering på utdanninga. I dag har dei 472 søkjarar til 30 studieplassar og nokre av desse vert prioritert etter kommunar som manglar helsesjukepleiar.

– Tidlegare har det ikkje vore så lett å få jobb, men no er arbeidsmarknaden endra, så me ser eit behov for å utdanne fleire. Problemet har vore å få nok praksisplassar, men om praksisplassane speler på lag skulle me gjerne utdanna fleire, understrekar førstelektoren.

Psykisk helse og skulehelseteneste

For Bergfalk er det forlokkande å kunne jobba førebyggjande med folkehelse utan turnusvakter, medan Landberg likar å jobba med barn- og unge og har erfaring frå barneskule.

Begge to opplevde å bli tatt imot med stor entusiasme i praksis, spesielt i skulehelsetenesta. Dei trur at kjønnsbalanse er viktig både for dynamikken på arbeidsplassen og for elevane som skal bruka skulehelsetenesta.

– Det er jo både gutar og jenter som går på skulen og somme gongar er det kanskje lettare å kjenne seg att i sitt eige kjønn. At det er lettare å snakka med ein som er forholdsvis ung – ein mann – enn ei eldre dame, eller ei dame generelt, seier Landberg.

Slik ser det ut når Helsebrødre som ikke er brødre spelar inn podcast: