Regjeringa krev 3 i matte for sjukepleiarstudentar
Regjeringa skjerper krava.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Med dei nye krava håper regjeringa å styrke kvaliteten på utdanninga. Søkjarar må ha karakteren 3 i matte frå vidaregåande og eit gjennomsnitt på minst 3 i norskfaga.
Kunnskapsminister Henrik Asheim (H) viser til at sjukepleiarane trenger mattekunnskapane til å handtere medikament.
– Riktig administrering av medisinar er avgjerande for sikkerheita til pasientane, seier han.
Asheim meiner at kravet til 3 i norsk vil gjere kommunikasjonen mellom sjukepleiarane og pasientane betre.
– God kommunikasjon, både skriftleg og munnleg, er viktig. Særleg gjeld dette i kommunikasjonen med pasientar, seier statsråden.