Helsesista kåra til Årets Ladejarl

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krohn Engvik får prisen for å utfordra helsesøsterrolla og fordi ho vågar å vera til stades for unge menneske.

– Årets Ladejarl sprengjer grenser og utviser stort mot. Ho er tøff som revolusjonerer sitt eige yrke med klokskap, sterke verdiar og tidsrett teknologi. Ei digital helsesøster er så logisk og tidsrett, vi må jo vera der dei unge er viss vi skal nå fram til dei, seier Odd Reitan.

Han er ein del av juryen og delte sjølv ut prisen på Laade Gaard i Trondheim tysdag formiddag.

Les også: Helsesista får tabuprisen 2018

Når ut til førti tusen følgjarar på snapchat

Gjennom snapchat-kontoen Helsesista når Krohn Engvik ut til 40.000 følgjarar, hovudsakleg mellom 13–19 år. Her kan unge menneske stilla spørsmål om kropp, grenser, press, alkohol, sex, einsemd og sjølvkjensle på ein enkel og ufarleg måte.

Krohn Engvik fekk ideen om å oppretta snapchat-kontoen etter åtte år med dårleg samvit over for dårleg tid i jobben som helsesøster i Osloskolen.

Verdiprisen Årets Ladejarl blir delt ut kvart år den 11. september i Trondheim. Tidlegare vinnarar er Helga Arntzen, Anlov P. Mathiesen, Atle Vårvik, Per Solli, Johann Olav Koss og Ada Sofie Austegard.

Les også: – Ikkje stå framfor spegelen og sleng drit til deg sjølv