Trump stoppar nye visum for utanlandsstudentar i påvente av nye retningslinjer

Studentar som vil inn i landet må vente seg ein grundig gjennomgang av sosiale medium.

Åshild Slåen
Publisert

Utanriksstasjonane til USA skal slutte å planlegge nye visummøte for utanlandsstudentar medan ein ventar på nye, strengare retningslinjer. Det skriv nyheitstenesta Reuters, som har fått tilgang til eit dokument Trump-administrasjonen har sendt til ambassadar og konsulat.

I dokumentet seier utanriksminister Marco Rubio at departementet no oppdaterer retningslinjene for å sjekke studentar som vil inn i landet. Det inkluderer omfattande gjennomgang av kontoane deira på sosiale medium.

Fram til dei nye retningslinjene er på plass, må studentane smørje seg med tolmod.

Dette kjem etter at fleire utanlandsstudentar har blitt fråteke og nekta visum. Førre veke vart det kjent at administrasjonen tok frå universitetet Harvard retten til å ta inn utanlandsstudentar. Den avgjerda vart mellombels stansa på fredag.