Sjukepleiarutdanninga manglar nok praksisplassar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det siste året har mangelen på sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar auka med 47 prosent, og i år vart det oppretta hundre ekstra plassar i sjukepleiarutdanninga. Men dette er ikkje nok.

– Talet på studieplassar ved sjukepleiarutdanningane aukar, men det går ikkje raskt nok med tanke på behovet, seier statssekretær Rebekka Borsch (V) i Kunnskapsdepartementet til NRK.

Den største utfordringa no er at studiestadene manglar praksisplassar, ifølgje leiar Trine Skaar i NSF student.

– At talet på studieplassar aukar, er ein fin tanke, men det er ikkje det som trengst i dag. No er det svært viktig at alle studieplassar har gode nok praksisplassar som dekkjer kompetansekrava til ein kommande sjukepleiar, seier Skaar.

Les også: Behovet for sjukepleiarar kan verta dobla innan 2040

Sjukehusa manglar arbeidsplassar

Halvparten av sjølve sjukepleiarutdanninga er praksis, og sjukehusa manglar nok plassar til å ta inn fleire studentar.

– Dette er den viktigaste årsaka til at vi ikkje klarer å auke talet på studentar meir. Vi veit at situasjonen er kritisk og vil sjå på aktuelle løysingar framover, seier Borsch.

Ifølgje tal frå Samfunnsøkonomisk analyse kan Noreg innan 2030 mangle minst 75.000 sjukepleiarar.

Les også: Sjukepleiarar i tidsnaud deler ut roande middel