Ny forsking: Kvifor får vi ikkje fart på havvind?

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå Energi og klima. 

Skal klimapolitikken lukkast og den globale oppvarminga bremsast, må etterspurnaden etter olje og gass reduserast, og meir energi må produserast frå fornybare kjelder. No veks delen fornybar energi globalt, spesielt drive av reduserte kostnadar for solkraft og landbasert vind.

Dette kan skape problem for eit petroleumsavhengig land som Noreg. Men det skapar også mogelegheiter. Viss sysselsetjing og skatteinntekter frå olje og gass går kraftig ned, må det kompenserast for med annan, eksportretta industri. Og dermed dukkar mogelegheitene opp.

Noreg har gode naturlege føresetnader for å utnytte vindressursar offshore. Vi har leiande kompetanse på relevant offshore-teknologi. Vi kan byggje ei heilt ny næring på skuldrane av leverandørar som har selt til olje- og gassnæringa.

Noreg har gode naturlege føresetnader for å utnytte vindressursar offshore

Men kva skal til for at vi lukkast? Og kvifor har det ikkje skjedd enno? Er norsk havvind-politikk god nok, i den grad den finst? Korleis kan den verte betre?

Ein ny forskingsrapport frå Sintef, UiO og NTNU kan kanskje gjere oss klokare. Jens Hanson og Håkon Endresen Normann er redaktørar for rapporten, som kan lastast ned herifrå.

2°C: – Kva handlar dette om?

Håkon Endresen Normann: – Stadig fleire erkjenner at olje- og gassutvinning på norsk sokkel i framtida vil verte påverka av internasjonal klimapolitikk og veksten i fornybar energi. Dette ser vi tydeleg blant anna i perspektivmeldinga frå 2017 og NOUen «Klimarisiko og norsk økonomi» frå året etter. Samstundes har det vore ein ambisjon – først og fremst frå industrien sjølv, men også tidvis frå myndigheitene – å byggje opp ein norsk leverandørindustri til havvind.

Kompetansen og vindressursane gjev sjølvsagt Noreg eit godt utgangspunkt. Men andre forhold er mindre gunstige. Vi har for eksempel allereie rein og billig straum frå vasskraft og etter kvart landbasert vind. Det har ikkje vore noko behov for dyrare straum frå offshore vindkraft.

Det har ikkje vore noko behov for dyrare straum frå offshore vindkraft

På kontinentet har det vore annleis. Der har ein hatt eit behov for å byggje opp fornybar straumproduksjon. I tillegg ramma finanskrisa hardare, og ein hadde ikkje same behov for nye arbeidsplassar. Begge delar har gjeve land som Tyskland og Storbritannia gode grunnar til å støtte oppbygginga av offshore vind-industri.

Vi har ynskja å finne ut av kor utfordringane ligg ved å skape ein ny eksportindustri utan ein heimemarknad. I tillegg veit vi at i Noreg er denne bransjen tett kopla til olje- og gassmarknaden. Vi freistar å finne ut korleis denne koplinga verkar inn også.

Fekk svar frå 97 havvind-bedrifter

– Kva gjorde de? Kva slags metodar har de brukt?

– Vi har identifisert bedrifter som anten har etablert seg eller forsøker å etablere seg innanfor offshore vind, og gjennomført ei spørjeundersøking blant desse. Totalt fekk vi inn svar frå 97 bedrifter, som vi meiner kan vere eit representativt utval.

I spørjeundersøkinga har vi blant anna kartlagt kor stor del av deira totalomsetnad dei har frå havvind, kva investeringar dei har gjort, kva dei opplever som risiko ved å gå inn i ei ny næring, og ikkje minst kor likt det dei leverer til havvindnæringa er det dei eventuelt leverer til olje og gass.

I tillegg har vi gjort i overkant av 30 djupneintervju. Først og fremst med representantar for bedrifter, men også interesseorganisasjonar og forskingsmiljø, blant anna. Hensikta har vore å finne ut kva som gjer at bedriftene veljer å diversifisere og satse på havvind, og korleis dei gjer dette.

Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire ulike forskingsmiljø, TIK, Sintef og NTNU, som alle har forska på havvind tidlegare. Vi har nytta oss ein del av dette, både case-studiar, intervju og spørjeundersøkingar, som er gjort tidlegare. I tillegg til forsking gjort av andre.

Les også innlegget til Magnus Kessel (17) om ein vinn-vind-situasjon: I Nordsjøen er det eit utruleg potensiale til å skape energi, med flytande vindmølleparkar som verken påverkar havet eller lufta.

Krevjande omstilling

– Kva fann de ut?

– For det første at diversifisering handlar om meir enn å overføre teknologi. Det er fort gjort å fokusere på den tekniske sida. Altså at dei produkta eller tenestane ein sel er nokså like i dei to næringane, reint teknologisk.

Det vi finn, er at det er større forskjell på den ikkje-teknologiske sida. Det kan vere at sjølve prosessen med å søkje og vinne kontraktar kan vere heilt ulik. Kanskje ein må etablere heilt nye kundenettverk. Bygge nye relasjonar. Alt dette er krevjande.

Vi kan byggje ei heilt ny næring på skuldrane av leverandørar som har selt til olje- og gassnæringa

Alt dette krev på eit eller anna plan investeringar. Ein må investere tid til å forstå den nye marknaden, ein må tilsette nye folk til å handtere nye ansvarsområde, ein må marknadsføre seg i nye kanalar. Det kan krevje meir enn sjølve den tekniske tilpassinga som krevst. Og her er det ikkje like bra med verkemiddel og insentivapparat som på forskingssida for å hjelpe næringa i gang.

Tøft å takke nei til gode oljekontraktar

– Og kva fann de ut om koplinga til olje- og gassnæringa?

– Dei fleste har diversifisert frå olje og gass, men som har sett mogelegheitene i havvind-marknaden og ynskjer å ta del i det. Likevel ser vi at over halvparten av bedriftene hentar under fem prosent av omsetnaden sin frå havvind. I tillegg er mange av bedriftene relativt små, så det er ikkje store ressursar som vert lagt inn i dette totalt sett.

Vi veit frå før at det er klar samanheng mellom viljen til å investere i havvind og tilstanden i olje- og gassmarknaden. Då vi såg oljeprisfall, etter finanskrisa og i 2014-2015, auka interessa. Nokre bedrifter har hatt klare strategiske val, uavhengig av temperaturen i oljemarknaden. Men for mange bedrifter er det tydeleg at ein ikkje har råd til å takke nei til lukrative kontraktar i olje og gass. Det kan påverke for eksempel kor mykje ein kan investere i produktutvikling for offshore-vindnæringa.

– Kva inneber alt dette?

– For å ta det siste først: Det er ei utfordring at viljen til å satse avheng av oljemarknaden. Skal vi klare å etablere ei ny næring på denne måten, krevst det eit sett av dedikerte aktørar som torer å satse over tid, det veit vi frå anna forsking. Dette handlar blant anna om at ein kan byggje nettverk som kan påverke myndigheitene så rammevilkåra vert gode og verkemidla treffsikre. Viss dette skal byggjast av bedrifter som har sin primære aktivitet i ei anna retning, er det slett ikkje sikkert at vi får det til.

Og det betyr i neste omgang at om Noreg skal lukkast med å byggje opp ein sterk leverandørindustri til havvind, krevst det retning og vilje. Myndigheitene må bestemme seg for at dette er noko vi skal satse på. Og det må følgjast opp med konkrete verkemiddel.

– Skapte forventingar til havvind, men følgde ikkje opp

– Kva slags verkemiddel?

– For eksempel mot nokon av dei behova som industrien sjølv uttrykker: Støtte til sal og marknadsføring, verkemiddel for å skape arenaar for å teste og verifisere teknologi i Noreg, og tilgang til kapital.

Men det er også eit poeng at når vi snakkar om reell omstilling handlar det ikkje berre om at det må lagast ein politikk for det nye. Vi må også sjå på politikken som held oppe det eksisterande. Ein skal ikkje berre ha meir av noko, men også mindre av det andre.

– Då meiner du sjølvsagt mindre olje- og gassverksemd?

– Vi argumenterer sjølvsagt ikkje for å legge ned olje- og gassnæringa snarast mogeleg og for ein kvar pris. Men dersom vi skal ha ein ambisjon om å omstille og skape ei ny næring, må vi kompensere for at bedriftene i dag vert dregne mot olje- og gassverksemd. Då må det definerast ein tydelegare, klarare politikk. Ein må bestemme seg. Ein må skape forventingar, slik at bedriftene torer å satse. Og så må det følgjast opp med verkemiddel og meir politikk.

Når vi snakkar om reell omstilling handlar det ikkje berre om at det må lagast ein politikk for det nye

I 2008, då Åslaug Haga var olje- og energiminister, var ho tydeleg på at ein skulle byggje opp ei norsk næring rundt offshore vind. Mange bedrifter trudde på dette, og tok då avgjersla om å vere med. Sidan har ein ikkje fått dei same signala, og det verkar kjølande på interessa. Så dette handlar ikkje berre om verkemiddel – det handlar også om kva signal myndigheitene sender ut.

I Granavollen-plattforma heiter det at «Hovedmålet i regjeringens petroleumspolitikk er å legge til rette for lønnsom produksjon av olje og gass i et langsiktig perspektiv». Når regjeringa legg til rette for at det skal halde fram å vere lønnsamt å levere til olje- og gassektoren, er det i praksis det motsette av å leggje til rette for omstilling og etablering av ny næring.

Konkrete forslag

– Kva bør vi gjere vidare?

– Det er ein del ting ein kan gjere konkret for å støtte den nye industrien. For det første, etablere nokre former for støtte til sals- og marknadsføringsaktivitetar. Noko av utfordringa her har kanskje vore at ein i og med koplinga til olje- og gassnæringa, også har vore avhengige av verkemiddelapparatet som ligg under olje- og energidepartementet. Ein har kanskje ikkje i tilstrekkeleg grad sett behovet for å gjere dette til næringspolitikk.

I tillegg trengst det arenaar for testing og verifisering av teknologi, spesielt for flytande vindkraft. Dette har vore eit tema sidan starten i Noreg.

Til slutt handlar det også om tilgang til kapital. Dette er ei generell utfordring for alle bedrifter innan kapitalintensive næringar: Det er ikkje så god tilgang til risikokapital, noko som også vart påpeika av ekspertutvalet for grøn konkurransekraft i 2016. Spesielt for ein del av dei mindre bedriftene er det ei utfordring.

– Og så var det dette med å endre verkemidla som held oppe den gamle industrien …?

– Vi snakkar om at innovasjonspolitikken slik den er i dag i stor grad verkar konserverande. Den burde heller vere transformativ. Det krev først og fremst at vi tenkjer meir heilskapleg rundt innovasjonspolitikken.

– Forskings- og innovasjonspolitikk bør ikkje vere teknologinøytral

Indikatorrapporten for det norske forskings- og utviklingssystemet viser for eksempel ikkje noko teikn til noko grønt skifte om vi ser på investeringar i forsking og utvikling innan fornybart samanlikna med petroleumsnæringa.

Vi har i dag ein teknologinøytral forskings- og innovasjonspolitikk. I praksis inneber det at det er dei etablerte næringane som får investeringane. Skal ein endre på det, må ein ta tak i støtta til forsking og utvikling.

Men vi må også finne ut korleis vi kan skape legitimitet for denne politikken. Endringar som påverkar etablerte industriar vil alltid møte motstand. Omstilling kan potensielt skape taparar. Dette gjer det vanskeleg å realisere slik politikk. Men vi må ta diskusjonen om korleis den kan realiserast likevel.

I praksis inneber det at det er dei etablerte næringane som får investeringane

– Men er det ikkje best med teknologinøytral politikk, då? Så tvinger marknaden fram omstilling når prisane fell?

– Vi veit at der mange banebrytande teknologiar er vakse fram, er det ikkje nødvendigvis takka vere teknologinøytrale verkemiddel. Det har vore ei villa, spesifikk satsing bak.

Eit godt eksempel på det, er jo oljenæringa sjølv. Veksten i norsk olje- og gassindustri er heile tida vorte støtta av verkemiddel som har vore alt anna enn teknologinøytrale.

Til slutt må vi ikkje gløyme at vi er i ein heilt unik situasjon akkurat no. Det finst eit heilt anna internasjonalt press på å omstille energibransjen og energipolitikken enn det som har eksistert nokon gong tidlegare. Og medan utviklinga går langsamt her, har det lukkast både for Tyskland, Nederland, Danmark og Storbritannia å etablere ein stor leverandørindustri til offshore vind. Viss vi ikkje tek grep også i Noreg, vil vi ikkje lukkast med det same her.

Les også om at fleire unge gründerar tenker grønt: – Vi visste tidleg at vi ville gjere noko som var miljøorientert

Kristoffer Krogh Wetterhus, Lisa Maria Trichel Hanevold, Ane Solbakken-Melleby, Michelle Lous og Ingvild Farstad-Steine vil gjere det enklare for folk å ta miljøvenlege val sjølv om dei har hastverk når dei er i butikken. Foto: Bente Kjøllesdal

Foto: Universitetet i Oslo

Redaktør for rapporten: Håkon Endresen Normann
Postdoktor – Senter for teknologi, innovasjon og kultur, Universitetet i Oslo