Greta Thunberg og 100 klimaaktivistar i gang med blokade av oljemessa i Stavanger
Aktivistgruppa Extinction Rebellion har slått seg saman med Greta Thunberg for å aksjonere mot det dei meiner er ein «grønvaskingsfest».
Ifølgje aktivistgruppa (XR) skal rundt 100 personar delta i blokaden, viss formål er å hindre oppstarten av olje- og energikonferansen ONS.
ONS, eller Offshore Northern Seas, blir på folkemunne kalla for oljemessa. Konferansen blir arrangert annakvart år i Stavanger og er blant dei største olje- og energimessene i verda.
– ONS er ein stor grønvaskingsfest for fossilmakta. Enorme pengesummar har i tiår vorte brukte til å stoppe livsviktig klimahandling, seier talsperson for aktivistgruppa Jonas Kittelsen.
Klimaaktivistane ber politikarane om å lage ein plan for utfasing av olje og gass.
Aksjonen er ein del av aksjonsperioden til Extinction Rebellion mot ONS. Greta Thunberg sit i rundkøyring på veg inn til konferanseområdet i Henrik Ibsens gate, opplyser gruppa.