For første gong vert det produsert meir fornybar enn fossil elektrisitet i EU-landa

Vind- og solenergi står no for 30 prosent av straumproduksjonen i EU-landa.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Det kjem fram i ein rapport frå klima-tenketanken Ember.

I første halvår av 2024 har over halvparten av straumproduksjonen i EU-landa kome frå ulike typar fornybar energi. Sol- og vindenergi har stått for 30 prosent av den totale straumproduksjonen.

Samstundes har straumproduksjonen frå fossile brensel søkke med 17 prosent samanlikna med første halvår i 2023. Dette gjer no at fornybar energi for første gong står for ein større del av straumproduksjonen i EU-landa enn fossilt brensel gjer.

Ember skriv òg at 13 av medlemslanda i EU produserer meir energi frå sol- og vindkraft enn frå kull og gass.

Utviklinga har skjedd samstundes som etterspurnaden etter elektrisitet har auka med 0,7 prosent.

– Vi er vitne til eit historisk skifte, og det skjer raskt. Viss medlemslanda i EU kan halde oppe momentet på utbygging av vind- og solkraft, så vil vi verkeleg byrje å frigjere oss frå avhengigheita av fossil energi, seier Chris Rosslowe, senioranalytikar i Ember.


Aldri før har det vorte bygd så mykje solenergi på eitt år. Foto: Zbynek Burival/Unsplash