Ja, Carl I. Hagen, lat oss rekne på det grøne skiftet! Men då bør det vere eit reknestykke som inkluderer kva vi sparer, helseeffektar og kva moglegheiter grøn omstilling kan opne – på lengre sikt enn neste valperiode.
Helene Frihammer, Leiar i Klimapartnere Vestland
Helene Frihammer, Leiar i Klimapartnere Vestland

Saka stod først publisert hjå Energi og klima. 

Mange vil seie vi har eit moralsk ansvar for å overlate verda i minst like god stand til våre born og etterkomarar, som vi fekk den i. Men er det også smart av andre grunnar? Carl I. Hagen etterlyser eit reknestykke på kva det grøne skiftet vil koste oss. Kan det vere vel så viktig med eit reknestykke på kva vi sparer og kva moglegheitsdører rask omstilling kan opne for Noreg? Spørsmålet burde kanskje heller vere: Har vi råd til å la vere?

Har vi råd til å la vere?

I ein ny rapport frå International Renewable Energy Agency (IRENA), som inkluderer breie helse-, arbeids- og miljøfaktorar, vært det hevda at innsparing ved overgangen frå fossile til fornybare løysingar kan vere så mykje som 160 billionar dollar på verdsbasis over 30 år. Men ein treng ikkje berre sjå på dei større internasjonale reknestykka for at økonomien i store delar av det grøne skiftet skal gje meining.

Gryande erfaringstal, mange frå Noreg, er svært interessante og kan i sum bli store.

Les også meiningsinnlegget: Er det rettferdig at unge vestlendingar må betala mest for det grøne skiftet?

Billigare drift av AS Norge?

Det sit kanskje litt lenger inne å investere i den LED–lyspæra, når du veit at du kan kjøpe ei langt billigare ei her og no. Gleda er gjerne kortvarig, for snart må du på butikken og kjøpe ei ny billegpære. Medan LED har lenger levetid, brukar mindre energi og er billigare på sikt, risikerer du dessutan at sal av billegpæra di avsluttast, slik du gjerne må skifte både pære og lampe likevel. Billeg på kort sikt, dyrt og risikofylt på lang sikt.

For mange har same kjensla kome for elbil. Når ein er van med å lade for ein slikk og ingenting i pluggen heime, kan det nesten verke naturstridig å fylle for 600–700 kroner fossilt drivstoff på tanken. Elbilar krev i gjennomsnitt mindre vedlikehald og er i dei fleste tilfelle billigare i drift i Noreg, også når ein ser vekk frå fordelar i bompengeringen eller parkering. Spådommane om kort levetid for batteri er allereie gjort til skamme, og selgarar av brukte elbilar blir fort nedringt av potensielle kjøparar.

Spådommane om kort levetid for batteri er allereie gjort til skamme

Ein nyleg studie frå International Council for Clean Transportation (ICCT) viser at det er den elektriske versjonen av VW Golf som er den billigaste av dette merket i Storbritannia, Tyskland, Frankrike, Nederland og Noreg etter fire år i drift. Bloomberg spår dessutan at elbilar vil verte billigare også ved innkjøp verda over innan 2024, utan bruk av subsidier.

Mykje tyder på at det same vil gjelde for elbussar. Sjølv om elbussar og tilhøyrande infrastruktur er noko dyrare i innkjøp, er det mykje potensiale for innsparing i drift på sikt.

I ein studie frå Siemens og Volvo hevdar ein at Oslo kan spare 750 millionar over ein tiårsperiode ved å gå over til ladbare elektriske bussar. Slår dette til, vil det også vere godt nytt for Bergen, som nett no har ute Nordens største anbod på 80 elbussar. I Rogaland kan ein risikere å gå motsett veg i siste bussanbod og låse fylket til fossile og potensielt unødig dyre løysingar, om ikkje saka snur i slutten av april, når denne skal opp på nytt.

Batteriferja «Ampere» krysser Sognefjorden. Foto: Wikimalte [CC BY-SA 4.0]
Samstundes har elferjene byrja rapportere svært spennande tall på operativ kost. Ein tur over Sognefjorden med elferja «Ampere» kostar knappe 150 kr, og batteria som er tilgjengelege blir stadig meir effektive. Kostnaden for kryssinga inkluderer ikkje utgifter til omliggande infrastruktur, men seier noko om potensialet for redusert driftskost i maritim sektor på litt sikt. Liknande erfaringar blir gjort av supplybåtar, som opplyser at kosten ved å legge om til og nytte landstraum, er spart inn i løpet av knappe tre veker! Samstundes har offshorebåtar byrja nytte batteri for å ta toppane i dei mest energikrevjande oppgåvene, noko som lar motorane gå med jamnare belastning, gjev innsparing av drivstoff og mindre slitasje.

Verkeleg spanande kan det dessutan bli når omlegging til kommersielle elfly byrjar for fullt. Rett før påske blei det annonsert at den norske gründeren Espen Høiby har bestilt 60 elektriske fly. Widerøe har nyleg oppjustert sine allereie ambisiøse mål endå nokre hakk, til elektrifisering av alle innanlandsfly i flåten innan 2030. Bransjen sjølv trur at elektrifisering kan halvere kostnadar ved flygingar, i tillegg til at flystøy vil reduserast drastisk.

Les også om rapporten som fortel korleis verda kan bli utsleppsfri innan 2050: – Solenergi vert den viktigaste drivaren i det nye energisystemet

Smartare forbruk

Samstundes har Noreg eit stort potensiale for innsparingar i endra forbruksmønster på andre område. I 2017 kasta vi ca. 385000 tonn spiseleg mat i Noreg. Det representerer eit økonomisk tap på minst 20 milliardar kroner.

I sirkulærøkonomiske prinsipp finnast det ikkje avfall, berre ressursar på avvegar. Her er søkjelys på å revitalisere forretningsmodellar, nytte ny teknologi og revolusjonere råvare- og materialbruken. Ifølge ei studie frå Ellen MacArthur Foundation kan EU aleine spare 600 milliardar dollar årleg dersom industribedrifter snus om til sirkulærøkonomi; i tillegg er det venta å skape meir enn to millionar jobbar innan 2030. Ein viktig stad å byrje i Noreg kan vere klesindustrien, som representerer enorme utslepp på høgde med fly- og skipsfart.

Samstundes har Noreg eit stort potensiale for innsparingar i endra forbruksmønster

På same tid er den energien vi ikkje nyttar, den desidert billigaste. Førebels har Noreg bunde seg til EU sin politikk om 45 prosent reduksjon i klimagassutslepp innan 2030. Når det gjeld EU sitt mål om energieffektivisering på 32,5 prosent, er det meir uklårt kor Noreg står. I ein ny rapport frå Statnett skisserer ein at det trengs 40 TWh ny fornybar kraft for å erstatte gjenståande 95 TWh fossil energibruk i Noreg. (Konvertering frå fossil til elektrisk energi gjer store reduksjonar i primærenergibruk på grunn av forskjellar i verknadsgrad.) Kor mykje av dette som kunne vore tatt over energieffektivisering er likevel uklårt, og burde truleg vore knytt til eit nasjonalt mål for energieffektivisering.

Visste du at det faktisk er mogeleg å leige turklede? – Dei fleste gjer det av omsyn til lommeboka, og så kjem det at du vert meir miljøvenleg med på kjøpet.

Seljarane Eivind Koren og Johanne Sverresdatter Seeberg trur det vil verte vanlegare å leige utstyr i framtida og ser ei auke på vinterstid.

Eplesunne nordmenn

I tillegg til sparing og kostnadsreduksjon, finst det mange gode vinn-vinn-eksempel som gjev klima-, helse- og miljøgevinstar i ein og same smekk.

Redusert kjøttforbruk, til eksempel, gjer både store klimagevinstar og helsefordeler. EAT-Lancet rapporten hevdar at ein ved ein overgang til plantebasert diett kan hindre over 11 millionar tidlege dødsfall årleg. Også Helsedirektoratet har påpeikt at det vil gje store helseeffektar for det norske folk å byte vekk 1–2 kjøttmiddagar i veka og at det norske samfunnet ville spart 11 milliardar kroner i året på å redusere kjøttforbruket ned til det nivået som norske kosthaldsråd anbefaler.

Luftforureining frå køyretøy kan vere skuldig i så mykje som 500000 for tidlege dødsfall i EU, i Noreg er anslaget 1600. Luftforureining i fleire av fjordane våre er også eit kritisk problem. I 2018 gjekk Folkehelseinstituttet ut og advarte mot luftforureining frå cruiseskip i turistbygda Geiranger, der forureininga i periodar er så høg at det er helseskadeleg og kan forverre sjukdom særleg hjå dei som allereie har lunge-, hjarte- eller karsjukdom. Heldigvis er målet å rydde opp og gjere UNESCO-fjordane utsleppsfrie innan 2026. Dette burde sjølvsagt gjelde alle hamner og fjordar.

Klima-, helse- og miljøgevinstar i ein og same smekk

I ein rapport frå TØI har ein funne at dei 175000 elsyklane som finnast i Noreg bidreg effektivt til å erstatte bilreiser. Samfunnet kan spare i størrelsen 280–735 millionar kroner i helsegevinst ved vidare elsykkeltiltak. Reduksjon i transportveksten i byane gjev mindre støy, mindre kø og trengsel, økt trivsel og reduserer behovet for vidare utbygging av transportkapasitet. I Oslo utgjer småleveransar rundt ein fjerdedel av vareleveransar og mykje av dette kan dekkast ved elektrisk lastesykkel.

Ei undersøking frå Oslo og Akershus viste at 9 prosent opplever problem med å sove eller vaknar i løpet av natta på grunn av trafikkstøy. Særleg i bynære strøk kunne det vore interessant å sett nærare på kva økonomiske helsegevinstar reduksjon av støy ved redusert hastigheit og ikkje minst elektrifisering av både bilpark og fly, kunne gjeve. Slike grep kan kanskje også opne for at nye soner som er tungt støybelasta i dag, kan bli nye attraktive bustadområde i nær framtid.

Les også om syklisten Tord Hafnor som skal importere smarte sykkelstativ: – Det må vere enkelt om vi skal gidde å redde klimaet.

Lønnsam omstilling

Akkurat som med LED-pærene kan de vere freistande å hoppe på billigare og kortvarige alternativ, slik som Rogaland no står overfor i sitt komande bussanbod. Framoverlente politikarar bør likevel makte å ha auga på utsleppsfrie løysingar som står seg fram i tid. Dess enklare bør desse vala vere om løysingane både gjer sparing i drift, smartare forbruk og helsegevinstar i tillegg.

Det er no fylka treng støtte til det grøne skiftet, til omlegging av ferjer, bussar og hurtigbåtar og storstilt utbygging av infrastruktur. Det er ikkje tilstrekkeleg og vitnar om manglande alvor når staten no tvinger fylke og kommunar til å lene seg på overbelastande bompengefinansiering og skarve 50 prosent statleg støtte for å få til nødvendig og ønska omlegging av kollektivstrukturen.

Noreg treng desperat nye bein å stå på inn i framtida

Noreg treng desperat nye bein å stå på inn i framtida, så kvifor skulle ein ikkje omfamne det grøne moglegheitsrommet som så tydeleg inneheld mange vinn-vinn-situasjonar med løysingar som vi dessutan kan vere med å utvikle: batterifabrikkar, nye grøne investeringsmodellar, havvind, sirkulærøkonomi, maritime og marine løysningar, moglegheiter i utviklingsland, berekraftig turisme eller produksjon av produkt med lavt karbonavtrykk.

Så ja, Carl I. Hagen, lat oss rekne på det! Men då bør det vere eit reknestykke som inkluderer kva vi sparer, helseeffektar og kva moglegheitsdører det grøne skiftet kan opne på lengre sikt enn neste valperiode!

Les også saka om då klima- og miljøminister Ola Elvestuen mottok krava frå skulestreiken: – Eg kan ikkje love at det ikkje kjem meir leiting etter olje i Noreg.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen møtte elevane som fredag streika frå skulen for å sikre at politikarane høyrer klimakrava deira. Foto: Bente Kjøllesdal

Kommentarar

ANNONSE