Ny rapport: Slik kan verda gjerast utsleppsfri innan 2050

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka stod først publisert hjå Energi og klima.

«Ein global overgang til 100 prosent fornybar energi på tvers av alle sektorar – kraft, varme, transport og vann-avsalting – er oppnåeleg innan 2050,» står det i innleiinga til rapporten Global Energy System based on 100% Renewable Energy, som vart lagt fram i Berlin rett før påske. Rapporten er på 300 sider og utarbeidd av forskarar ved Lappeenranta-Lahti University of Technology i Finland, i samarbeid med den tyske tanskesmia Energy Watch Group.

Målet med studien har vore å skildre den mest mogeleg kostnadseffektive måten å gjere heile verda sitt energiforbruk fornybart på innan 2050.

– Sol- og vindenergi dei nye arbeidshestane

For å nå målet legg rapporten bl.a. opp til ei omfattande elektrifisering av alle samfunnssektorar. Verda må produsere fire til fem gongar så mykje elektrisk energi som i referanseåret 2015, samstundes som alle fossile energikjelder må fasast heilt ut.

Solenergi vert den viktigaste drivaren i det nye energisystemet. Rapporten legg opp til at heile 69 prosent av verda sin energi vil kome frå solenergi i 2050. På andre plass følgjer vindkraft med 18 prosent.

Delen energi som stammar frå fossilt brennstoff må i same periode falle frå 84 prosent av verdas totalforbruk, til null.

Energimiks (primærenergi) i 2015 og 2050. Kjelde: LUT University/Energy Watch Group 2019.

Les også: 11 prosent av kommunane i Noreg har fått seg dei første solcellene på kommunale bygg. Fleire krav om plusshus er venta å setja fart på investeringane

Prislapp: 67 billionar euro

Rapporten anslår det totale investeringsbehovet fram til 2050 å vere 67,2 billionar (eng.: trillion) euro. Mesteparten av investeringane er i sol- og vindkraft, batteri, varmepumper og teknologi knytt til syntetiske drivstoff.

Investeringsbehov for overgang til nullutslepps energisystem innan 2050. Kjelde: LUT University/Energy Watch Group 2019.

Investeringane vil meir enn verte vegne opp av redusert luftforureining, betre folkehelse og avverja miljøkatastrofar, skriv forskarane i rapporten.

– Økonomisk berekraftig overgang

Forskarane meiner også å ha rekna seg fram til at ein overgang til eit 100 prosent fornybart energisystem ikkje berre er oppnåeleg, men også litt billegare enn dagens system. Ifølgje deira modell vil prisen per megawatt-time elektrisk kraft i 2050 vere 53 euro, mot 54 euro i 2015.

Samansetninga av energikostnad i euro/MWh. Kjelde: LUT University/Energy Watch Group 2019.

Modellen er basert på eksisterande fornybart energipotensial og -teknologi.

Les også innlegget frå leiaren i Klimapartnere Vestland, Helene Frihammer: «Politikarar, grip sjansen til å svare elevane: Fossilfrie regionar innan 2030!»

Spin-off-produkt: Fred og velstand

Ein grunnføresetnad i rapporten er at langt meir av energien som vert brukt må produserast lokalt og regionalt.

Landa rundt ekvator vil i modellen primært vere avhengige av solenergi, medan vind vil vere den viktigaste energikjelda for eksempelvis Frankrike og Argentina, samt landa i nordaust-Europa og Eurasia. Skandinavia, New Zealand, Chile og delar av Russland vil vere avhengige av ein miks av ulike teknologiar.

Dominerande energikjelder i ulike delar av verda i 2050. Kjelde: LUT University/Energy Watch Group 2019.

Ein positiv biverknad av meir «kortreist» energi er auka politisk stabilitet og velstand i fleire delar av verda, skriv forskarane, og grunngjev det med at krigar og konflikter knytt til energiressursar vil verte dempa som følgje av ein meir desentralisert energiproduksjon.

22 millionar sol-jobbar

Tapet av arbeidsplassar i fossil sektor vil meir enn vegast opp av 15 millionar nye, «fornybare» jobbar. Totalt vil talet arbeidsplassar i den globale energisektoren auke frå ca. 20 millionar i 2015 til 35 millionar i 2050.

Arbeidsplassar i energinæringa globalt. Kjelde: LUT University/Energy Watch Group 2019.

Mesteparten av dei nye arbeidsplassane vil vere knytt til solenergi (ca. 22 millionar), følgd av batterinæringa og vindkraft, skriv forskarane.

Les også: Berre 1 av 5 kommunar følgjer miljøkrav i anbod

Korleis fly utsleppsfritt?

Ifølgje rapporten er det ikkje plass til fossile drivstoff i eit berekraftig energisystem. På ei anna side kan ikkje hydrokarbonar verte fullstendig erstatta med fornybar elektrisk energi, då elektrisitet ikkje kan brukast i for eksempel langdistanse luftfart.

«Fornybare elektrisk baserte syntetiske drivstoff er difor avgjerande for å møte dette behovet,» står det i rapporten, som trekkjer fram syntetisk FT-drivstoff, hydrogen og flytande gassar (metan og hydrogen) som levedyktige alternativ til fossilt drivstoff frå 2040.

Medan elektrisitets- og varmeproduksjon i forskarane sin modell vil vere fornybar innan 2030, vil det ta lenger tid for transportsektoren å fjerne alle utslepp. Rapporten finn at elektrifiseringa av transportsektoren vil måtte føregå i tre hovudfaser. I første runde gjennom elektrifisering av vegtransport, fram til 2030. I andre fase via ei indirekte elektrifisering gjennom produksjon av syntetiske drivstoff. I tredje runde vil auka bruk av flytande gassar (CH4 og H2) vere nødvendig for å gjere den tunge langdistanse-transporten – som skips- og luftfart – utsleppsfri, skriv forskarane.

Les også om distriktskommunen Overhalla si unike satsing på elbilar: – Oppsiktsvekkande at ikkje fleire satsar.

Politiske anbefalingar

«Det er ikkje lenger snakk om kor vidt det er teknisk gjennomførleg eller økonomisk konkurransedugleik, men om politisk vilje,» skriv leiaren i Energy Watch Group, Hans-Josef Fell, i forordet til rapporten.

Fell, tidlegare tysk parlamentsmedlem for Dei grøne, skriv vidare: «Vi treng ambisiøse mål, men også stabile, langsiktige og pålitelege politiske rammevilkår, tilpassa regionale forhold.»

Rapporten kjem avslutningsvis med fleire politiske anbefalingar for ein «rask, smidig og kostnadseffektiv» overgang til 100 prosent fornybar energi:

  • Aktiv bruk av innmatingstariffer for å stimulere til investeringar i små og mellomstore anlegg (under 40 MW) – framfor å legge prosjekt ut på anbod.
  • Skattefordelar, avgiftsfritak og direktesubsidiar til utvikling av fornybar teknologi, samt forenkla og fordelaktig lovgjevnad på området.
  • Innføring av skatt på karbon, metan og radioaktivitet.
  • Prising/skattlegging av negative eksternalitetar forårsaka av fossil forureining.
  • Ei «ansvarleg utfasing» av alle statlege subsidiar på fossilt brennstoff og atomkraft.
  • Reguleringar og infrastrukturplanlegging som bidrar til meir effektiv energibruk i for eksempel bygningar.
  • Kraftig auke i offentlege investeringar i fornybar energi. Rapporten foreslår fleire ulike modellar for korleis desse investeringane kan gjerast.
  • Eit overnasjonalt «lobby»-organ for å påverke utforminga av internasjonal klimapolitikk, etter modell av International Renewable Energy Agency (IRENA). Målet er å «bidra med ei sterk mot-forteljing (counter narrative) basert på vitskapelege fakta.»
  • Styrke utdannings- og forskningsinstitusjonar innan fornybar energi.

Saka er omsett til nynorsk av Framtida.no. 

Les også om dei unge grøne gründerar som vil gjere det enklare å ta miljøvenlege val på butikken: – Mikroplast er eit stort problem, og vi meiner vi har ei god løysing.

Kristoffer Krogh Wetterhus, Lisa Maria Trichel Hanevold, Ane Solbakken-Melleby, Michelle Lous og Ingvild Farstad-Steine vil gjere det enklare for folk å ta miljøvenlege val sjølv om dei har hastverk når dei er i butikken. Foto: Bente Kjøllesdal