Det skjer ting på kontinentet. Her er dei viktigaste lærdomane frå EU-valet sist veke.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Grøne og liberale parti opplevde kraftig vekst under EU-valet sist veke.
Alt før valet viste meiningsmålingar at klima og miljø var klart viktigaste sak for veljarar i EUs største land. Nå viser det seg at heile 33 prosent av tyskarar under 30 valde Dei grøne ved Europaparlament-valet i går.
Det var berre blant veljarar over 60 år at Dei grøne i Tyskland ikkje var største parti.
Også i nabolandet Austerrike blei Dei grøne klart største parti blant dei unge (under 29 år) med 28 prosent av røystene.
Tyske die Zeit meiner ein har med ein grunnleggande interessemotsetnad å gjere: Om ein får to, tre eller fem graders temperaturauke er eit gradsspørsmål for eldre. For unge er derimot spørsmålet eksistensielt, skriv avisa.
Les også: Unge er meir villige til å støtte klimavenleg politikk
Stor auke i valdeltakinga
Slik den spanske borgarkrigen delte verda inn i fascistar og anti-fascistar på 1930-talet, har populismens framvekst bidratt til å dele Europa inn i pro-europearar og anti-europearar.
Denne polariseringa ser ut til å ha ført med seg ei kraftig auke i valdeltakinga, frå 42,6 prosent i 2014 til 50,95 prosent i år. Så høg har ikkje deltakinga vore på 25 år, og det er første gong sidan 1979 at valdeltakinga stig i EU.
Det bidrar til sårt etterlengta demokratisk legitimitet for institusjonen.
Nye skillelinjer
Generelt kan ein seia at økonomi og den tradisjonelle høgre-venstre-aksa har dominert under europeiske val i etterkrigstida, til stor glede for sosialdemokratar og konservative. Nå er kultur blitt ei viktigare skillelinje.
Det tener på den eine sida nasjonalkonservative parti på, slik som Nasjonal samling i Frankrike, Lega i Italia og Sverigedemokraterna i Sverige. På den andre sida er det grøne og liberale parti som veks, slik som Dei grøne i Tyskland, Frankrike og Storbritannia.
Les også: Erna Solberg vil ikkje erklære klimakrise
Sosialdemokratisk dilemma
Både ytre venstre og sosialdemokratar blei kraftig svekka ved valet. Frå Syriza i Hellas til Melenchon i Frankrike, frå Podemos i Spania til Corbyn i Storbritannia: Ytre venstre gjer det gjennomgåande svakt.
For sosialdemokratane er bildet meir delt, sjølv om nedgangen er stor (frå 191 til 146 seter). Trenden er at det går nedover, men unntaka i blant anna Danmark, Spania og Portugal er verd å merka seg.
Sosialdemokratar i Danmark og Spania har valt svært ulike strategiar: Medan danskane har lagt seg tett opp til høgrepopulistane i Dansk Folkeparti for å vinna tilbake røyster derifrå, har spanjolane derimot prøvd å halda på både dei som økonomisk høyrer heime på venstresida, og dei som er verdimessig forankra der. Begge blei valvinnarar i går.
Kva linje andre sosialdemokratar i Europa skal legga seg på blir nå gjenstand for debatt.
Les også: Storbritannia erklærer nasjonal klimaendring-krise
Konservativ krossveg
Liknande spørsmål dukkar opp for konservative: I ei rekke land har konservative lagt seg tettare opp til, og også samarbeidd med ytre høgre. Det har gitt store tilbakeslag i Spania, Frankrike, Storbritannia, Tyskland og Sverige, for å nemna nokre.
I Austerrike har det ført til ei pågåande regjeringskrise.
Med mål om å «avgrensa» ytre høgre ved å etterligna politikken deira eller ta dei inn i regjering, har resultatet ofte blitt det motsette: Anten mistar konservative oppslutning, eller så mistar dei omdømme.
Nå viser det seg dessutan at faren ikkje nødvendigvis er veljarlekkasje mot høgre: Det kristenkonservative CDU/CSU mista til dømes 1,1 million veljarar til Dei grøne, men berre 260 000 til høgrepopulistane i AfD.
Det er altså konsekvensen av høgredreiinga til partiet, og bør få partiet til å spørja seg om det snarare er klimapolitikken ein bør retta fokus mot – ikkje innvandringspolitikken.
Les også om høgrebølgja i Latin-Amerika: På drygt 10 år har det politiske kartet over Latin-Amerika skifta farge frå raudt til blått.
Populistane er blitt fast inventar
Populismen har også ved dette valet fått ei uproporsjonal stor del av merksemda før valet. Sjølv om høgrepopulistane (venstrepopulistane går kraftig tilbake) går fram, er det mindre framgang enn mange frykta, og den grøne gruppa ser overraskande nok ut til å bli større enn høgrepopulistane i parlamentet.
Men sjølv om grøne og liberale hadde størst framgang, bør ein ikkje avfeia populistane sin framgang. Dei er nå etablerte i nær alle europeiske land, og har blitt ein fast del av det politiske landskapet i Europa.
Dersom ein ser dette i eit lenger perspektiv, er bildet ganske annleis. Dei italienske høgrepopulistane i Lega til dømes:
Take Lega as an example. This once tiny separatist party took only 6% five years ago while at national elections it’s never come close to the 25-29% tonight. So, it’s far more significant than the snapshot takes have you believe. pic.twitter.com/0QhQsoV2At
— Matthew Goodwin (@GoodwinMJ) May 26, 2019
Heller ikkje Nasjonal samling i Frankrike har vore i nærleiken av dagens oppslutning før 2014:
Or look at Le Pen, through a longer-term view:
1984 11%
1989 11.7%
1994 10.5%
1999 5.7%
2004 9.8%
2009 6.3%
2014 24.9%
2019 23% -ish— Matthew Goodwin (@GoodwinMJ) May 26, 2019
Det er vanskeleg å generalisera her: I Sør- og Aust-Europa er trendane svært annleis frå dei i Nord- og Vest-Europa. I Polen og Ungarn gjorde til dømes autoritære regjeringsparti som venta svært gode val.
Trass i framgang for grøne og liberale mange stader, har altså høgrepopulistar konsolidert seg som truslar mot demokratiet i Italia, Polen, Ungarn, Frankrike og ei rekke andre europeiske land.
Les også reportasjen og bileta som dokumenterer livet på Krim – fem år etter annekteringa.