Unge er meir villige til å støtte klimavenleg politikk

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det som er spennande med desse tala er at dei viser at unge i større grad enn andre aldersgrupper er interesserte i å følge opp klimaengasjement med å støtte politikk, seier Cicero-forskar Marianne Aasen til Framtida.no.

Saman med professor ved NMBU, Arild Vatn, driv ho forskingsprosjekt ACT: Frå klimamål til handling, som granskar kva haldningar og handlingar nordmenn har til klimaendringar.

Dei har granska svara frå eit representativt utval på 4000 respondentar frå mai/juni 2018. Det var med andre ord før omfanget av tørkesommaren var tydeleg, og før rapporten frå FN sitt klimapanel synte at følgjene av ei global temperaturauke på 2 grader vil vere mykje meir alvorlege enn ei auke på 1,5 grad.

Les også: Ei halv grad med enorme konsekvensar

Vegrar seg ikkje for avgifter

Resultata syner at unge mellom 18 og 29 år på nokre område skil seg markant frå dei øvrige aldersgruppene.

Heile 60 prosent av dei under 30 år er samde i påstanden om at dei «har eit ansvar for å støtte politikk som reduserer klimagassutsleppa». Det er heile 17 prosentpoeng høgare enn dei mellom 30-44 år.

Cicero klimastatistikk

– Dette er ei gruppe som i større grad enn andre aldersgrupper er opptekne av politikk, og som er opne for restriktive tiltak som auke i prisar og avgifter, fortel Aasen.

Cicero-forskaren viser til at denne aldersgruppa er noko meir positive enn negative til å auke prisen på fossile energikjelder. Dette står i sterk motsetnad til dei eldre aldersgruppene der motstanden mot prisauke er mykje større enn støtta. Aasen seier at dette mønsteret òg gjentek seg i viljen til å godta ei prisauke på raudt kjøt.

Gaute Eiterjord er leiar i Natur og Ungdom. Foto: Anna Olerud/Natur og Ungdom

Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord er ikkje overraska over resultatet:

– Det stadfestar det som lenge har vore vårt inntrykk. Unge tek klimaendringar meir alvorleg enn dei vaksne. Då er det eit paradoks at vi har mindre makt enn dei som er eldre enn oss. Det må verte ein slutt på at unge ikkje vert høyrt, seier han.

Les også om oppfordringa frå Natur og Ungdom sitt landsmøte: Regjeringsforhandlingane må lytte til ungdomspartia

Frå ord til handling

Vidare seier 70 prosent av dei under 30 år at dei er interesserte i å finne eigne måtar å redusere klimagassutsleppa sine på. Denne prosentdelen går ned for kvart alderstrinn. Det er likevel enno eit stykke frå ord til handling:

– På tala som viser kor opptekne dei er av klimautslepp når dei kjøper nytt utstyr, så ligg dei mellom 18 og 25 år likt med dei andre aldersgruppene, seier Aasen.

Aldersgruppa 60+ er dei flinkaste til å tenke klimagassutslepp når dei kjøper nytt utstyr.

Aasen viser også til at dei under 30 år er like ivrige som dei eldre til å fly og ikkje langt frå dei andre når det gjeld å ete raudt kjøt.

– Interessa vert ikkje følgd opp i praksis, seier Cicero-forskaren.

Eiterjord meiner dette har naturlege årsakar – han har sjølv flydd meir enn sine besteforeldre – og meiner tala syner at unge krev at det vert enklare å leve miljøvenleg.

– Unge forventar og vil støtte opp om politikarar som prøvar å få i stand ei større endring i heile samfunnet, som å gjere det billigare å reise med tog enn fly og bygge høgfartstog, seier leiaren i Natur og Ungdom.

Det håpar han ein ny regjeringsplattform også reflekterer:

– No må politikarane slutte å prokrastinere: Alle vi som er unge veit at om du prokrastinerer med eksamen så går det dårleg, og her er det snakk om å prokrastinere med noko mykje større.

Lurer du på korleis du kan leve klimavenleg i 2019? Her får du forskar Carlo Aall sine beste tips.