Krim fem år etter

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå Den norske Helsingforskomité. 

Dei svartkledde skikkelsane som hoppa og dansa på scena, skulle uttrykke frykt og uro. På skjermen bak dei blei det vist bilete frå protestane på Majdan i Kiev og hendingane på Krim i februar 2014. Scena var sett opp der kor bileta vart tekne for fem år sidan, nemleg utanfor Krims parlamentsbygning, Verkhovna Rada, der fleire tusen krimtatarar og ukrainske aktivistar samla seg i protest mot dei russiske styrkene sitt nærvære på halvøya.

Motdemonstrantane var tilreisande kosakkar og aktivistar frå Russland som ropte «Krim er russisk», og dei kom til samanstøyt.

Denne demonstrasjonen blei no vist på skjermen, og svartkledde skikkelsar dansa framfor, medan den foruroligande musikken blei meir og meir påtrengjande. Plutseleg kom nokre kvitkledde ungjenter springande ut på scena, og musikken blei erstatta av den russiske songen «Kalinka».

Dei svartkledde forsvann frå scena, og på skjermen dukka det opp bilete frå Krim, og så eit fotografi av Russland sin president Vladimir Putin som femner om eit barn. Feiringa av femårsdagen for Krims tilslutning til Russland var i gang.

Feiringa av femårsjubileum på Krimhalvøya, 15.mars 2019. Foto: Anton Naumljuk

Det har gått fem år sidan Russland annekterte Krim, men russiske myndigheiter brukar framleis den same retorikken.

Sjølv om dei ikkje klarar å overtyde nokon i utlandet, har russiske massemedia i fem år formidla dei same påstandane om annekteringa.

For det første hevdar Russland at deira styrkar på Krim forsvarte den russiskspråklege befolkninga på halvøya mot forfølging frå ukrainske nasjonalistar. Men det var ingen nasjonalistar på Krim, så då måtte FSB i staden for ta i bruk tortur for å arrangere ei falsk straffeforfølging av regissør Oleg Sentsov, som vart skulda for å ha planlagt terrorhandlingar på Krim og vore med i den ukrainske nasjonalistiske organisasjonen «Høgresektoren» («Pravyj sektor»).

«Dei tok på han gassmaske og klemte slangen saman så han ikkje fekk puste. Då han byrja å miste bevisstheita, slapp dei slangen, løfta på gassmaska og fylte den med ein eller annan gass», fortalde Aleksandr Popkov om korleis ein av aktørane i saka mot Oleg Sentsov, Gennadij Afanasiev, vart pressa til å vitne mot han.

«Dei brukte eit apparat som genererer elektrisk straum, festa ledningar, også uisolerte ledningar, frå det til kjønnsorganet hans, og skrudde på apparatet. Etter dette vitna han mot Sentsov og åtte andre personar. Han hugsar ikkje namna deira, og såg ikkje kva han skreiv under på.»

Les også om Jay (23) som føler seg utrygg i heimlandet: – Eg tenker skeive folk i Russland finst. Det er mange av dei, og dei har ikkje lov til å heva stemma. 

Feiringa av femårsjubileum på Krimhalvøya, 15. mars 2019. Foto: Anton Naumljuk

Den russiske etterretningstenesta trong Sentsov-saka som bevis for at ukrainske nasjonalistar utgjorde ei fare for innbyggjarane på Krim.

Russisk TV har kringkasta denne påstanden i fem år, og parlamentsleiar i statsdumaen Vjatsjeslav Volodin gjentok den då han besøkte Krim i høve femårsdagen for tilslutninga til Russland. Frå scena snakka han om den ukrainske trugselen mot det russiske språk, som fleirtalet av innbyggjarane på Krim snakkar, og hevda at Russland ved å okkupere halvøya, i verkelegheita verna den. Etter feiringa erklærte han at han hadde bede om at det blir rekna ut kor mykje Russland har tapt som følgje av at Krim har vore ein del av Ukraina.

«Ukraina har behandla Krim meget ureieleg. Det har vore brot på Krim-innbyggjarane sine grunnleggjande rettar, som retten til språk og retten til å kunne ta eit utdanning på sitt eige språk. Ukraina har øydelagt økonomien til Krim og Sevastopol. I praksis var det snakk om ei annektering», uttalte Voldin.

Feiringa av femårsjubileum på Krimhalvøya, 15.mars 2019. Foto: Anton Naumljuk

Ein anna myte som Russland i desse fem åra har brukt på linje med myten om dei ukrainske nasjonalistane, er at innbyggjarane på Krim sjølv uttrykte eit ønske om å slutte seg til Russland under folkerøystinga 16. mars 2014.

Femårsmarkeringa føregjekk på plassen framfor Verkhovna Rada i Simferpol. 26. februar 2014 kom det til samanstøyt mellom fleire tusen krimtatarar og ukrainarar på den eine sida, og kosakkar og aktivistar frå Russland på den andre.

Krim sine innbyggjarar protesterte mot dei nye lovene som seinare gav parlamentsmedlemmer på Krim mogelegheit til å be Russland innlemme halvøya inn i Den russiske føderasjonen. Vel vetande om at innbyggjarane kom til å gjere motstand, okkuperte russiske spesialstyrkar alle administrasjonsbygg natta etter demonstrasjonen.

Dei som gjorde det var militære, men utan kjenneteikn og med bind som skjulte ansiktet.

Les også reportasjen om den tidlegare fengselsøya Sakhalin som no bidrar til at Russland er verdas største oljeprodusent. Men kvar er alle oljebarna?

Feiringa av femårsjubileum på Krimhalvøya, 15.mars 2019. Foto: Anton Naumljuk

Nokre dagar seinare stilte krimtatar Resjat Ametov seg opp på hovudtorget i byen med ein plakat som uttrykte protest mot okkupasjonen. Han blei ført vekk av væpna menn, og to veker seinare vart liket funne, med utstukne auge og spor etter annan tortur. Ametov blei det første av mange offer for okkupasjonen av Krim.

I alt har over førti personar forsvunne sporlaust på Krim i 2014-2016.

Der vitne eller overvakingskamera har fanga opp bortføringane, har det vore openbert at dei blir gjennomført av væpna personar.

 I alt har over førti personar forsvunne sporlaust på Krim i 2014-2016

Resjat Ametov sin død er enno ikkje etterforska, dei skuldige er ikkje funne, og russisk politi- og rettsvesen nektar å prøve å finne dei. Men nokre aktivistar har etterforska saka sjølv og avdekka at Ametov blei kidnappa av geriljasoldatar frå «Krims sjølvforsvar», ei væpna gruppe som blei danna for å bistå dei russiske styrkane i 2014.

Gruppa blei danna av dåværande parlamentsmedlem på Krim, Sergej Aksionov, som sidan annekteringa har vore Krim sin regjeringssjef. Han har sjølv forklart seg om dette under ein rettsprosess. «Krims sjølvforsvar» blei leia av Pavel Sjeremet, som no er medlem av den russiske statsdumaen.

Sjølv om aktivistar har anmeldt forholdet, har ikkje Sjeremet så mykje som vorte avhøyrt om omstenda rundt Resjat Ametov sin død.

Feiringa av femårsjubileum på Krimhalvøya, 15.mars 2019. Foto: Anton Naumljuk

Dei som motsette seg okkupasjonen av Krim, blei også straffa.

Demonstrasjonen mot dei russiske styrkane i februar 2014 blei omtalt som masseopptøyar, og krimtataren Akhtem Tsjijgoz blei tiltalt for å ha organisert dei. Forutan han blei drygt ti krimtatarar arrestert. Rettsprosessen mot dei varte i fleire år, og blei avslutta heilt nyleg. Tsjijgoz utveksla mot to tsjetsjenske leiemordarar, som var dømde for leiemord på to tsjetsjenske opposisjonelle i Tyrkia. Frå Ankara vende Tsjijgoz tilbake til Kiev og er no ein markant politisk aktør blant krimtatarane i Ukraina.

Kosakkar frå Russland og tidlegare geriljakrigarar frå «Krims sjølvforsvar» blei bussa inn til Simferpol for å delta i feiringa av femårsdagen for annekteringa av Krim. Dei hadde hjelpt dei russiske styrkane med å okkupere administrasjonsbygga og flyplassen, og halde ukrainske militære troppar isolert og på avstand. Dette var deira fest.

Frå scena blei dei gratulert av Sergej Aksionov, embetsmenn og parlamentsmedlemmer frå Moskva, og dessutan leiaren for ein fransk delegasjon, som besøkte Krim akkurat då. Det var den tidlegare parlamentarikaren Thierry Mariani, som i januar slutta seg til Marine Le Pen sitt ytre høgre-parti.

Les også om korleis det politiske kartet i Latin-Amerika i løpet av dei siste ti åra har skifta farge: Frå raudt til blå. 

Feiringa av femårsjubileum på Krimhalvøya, 15.mars 2019. Foto: Anton Naumljuk

Trass i at han no berre har status som president for foreininga «Fransk-russisk dialog», som også har leiaren for Russland sine statsbaner, Vladimir Jakunin, i spissen, framstiller russiske massemedia nærvære til Mariani som ein offisiell fransk delegasjon.

På same måte blir besøk frå alle moglege utanlandske privatpersonar dekt. Desse menneska stod på ei scene som blei vokta av fleire titals medarbeidarar frå politi- og sikkerheitsstyrkar. Etter førestillinga gjekk dei, og då gjekk også kosakkane og soldatane frå «Krims sjølvforsvar», trass i feiringa.

Tilbake på plassen stod berre dei av Krim sine fastbuande som hadde kome for å feire femårsdagen. Det viste seg at det berre dreidde seg om nokre titals menneske. Nokre eldre ektepar som heldt plakatar med portrett av Vladimir Putin byrja å danse, men musikken blei snart skrudd av, og festen var slutt.

Saka er omsett frå russisk av Hege Susanne Bergan og til nynorsk av Framtida.no. 

Feiringa av femårsjubileum på Krimhalvøya, 15.mars 2019. Foto: Anton Naumljuk