– Kva er det vi treng? Vi treng grunnskulelærarar og barneskulelærarar. Det er eitt av fleire behov vi har framover. Vi treng særleg grunnskulelærarar frå 1.–7. trinn. Der har det vore ein fin auke dei siste åra, men vi treng fleire.
Det seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø til NTB om kor ho ønsker at folk skal søke før søknadsfristen til høgare utdanning går ut måndag.
På landsbasis vil grunnskulen kunne mangle 5.800 lærarar i 2040, viser framskrivingar frå SSB. I tillegg håper Nybø på fleire mannlege søkarar. I dag er berre 25 prosent av grunnskulelærarane i landet menn.
– Bra med karakterkrav
I tillegg til at ho ønsker seg søkarar til grunnskulelærarutdanninga for 1.–7. trinn, håper Nybø at fleire søker seg til sjukepleiarutdanninga.
– Det er ein ny situasjon for sjukepleiarstudiet i år, der det er karakterkrav for å komme inn. No må ein ha karakteren tre både i norsk og matte, så vi ventar ein dupp i søkartala.
Ho synest det er bra at karakterkrava for å komme inn på sjukepleiarutdanninga er sett.
– Det handlar om å få søkarar med høg kompetanse inn på utdanninga som også kan komme seg gjennom ei lang utdanning. Det er viktig med gode grunnkunnskapar når du skal studere sjukepleie. Betre karakter i matematikk frå vidaregåande vil til dømes kunne føre til lågare strykprosent i medikamentstrekning
Nybø peikar på to utdanningar til som ho ønsker at mange søker seg til.
– I tillegg til grunnskulelærar og sjukepleiar, håper eg mange søker seg til utdanningar innanfor IKT. Det kan vere programvare og apputviklarar, og dessutan systemanalytikarar. Og så håper eg òg at mange søker sivilingeniør, i tillegg til bygg og anlegg.

– Vel med hovudet og hjartet
På spørsmål om kva ho tilrår når det gjeld å søke seg til høgare utdanning, svarer ho:
– Det er nødvendigheita ved å ha ei utdanning. Eg er veldig opptatt av at folk skal ha ei utdanning. Det blir færre og færre jobbar for dei som ikkje har akademisk utdanning eller fagutdanning. Arbeidslivsundersøkingar viser at fleire har behov for å rekruttere studentar med både bachelor og master.
– Og kva seier du til dei som er usikre på kva dei skal velje?
– Vel med hovudet og hjartet. Ein må tenke gjennom kva ein kan, kva slags evner ein har og kva ein vil halde på med i mange år.