Framtida.no har samla inn tal frå mange av dei største utdanningsinstitusjonane for høgare utdanning i Noreg, og har totalt sett på resultatet frå meir enn 130.000 eksamensklagar dei siste ti åra.

Ida Johanne Aadland
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tala talar same sak: Det løner seg å klage.

Meir enn 90 prosent av dei som klagar vert ståande eller går opp i karakter når dei klagar på eksamenskarakteren.

25 prosent av studentane som klagar på karakteren går opp, medan berre 9 prosent går ned. Tre av fem endar opp med same karakter som før dei klaga.

Vanskelegast for realfagsstudentane å forbetre karakteren

Det er stor forskjell mellom realfag og humaniora når det kjem til sannsynet for å få forbetre karakteren.

På Universitetet i Bergen får over 30 prosent av juss-, psykologi og samfunnsvitskapstudentar betre karakter etter å ha klaga, medan berre 20 prosent av studentane på det matematisk-naturvitskaplege fakultetet går opp.

At mange får nye karakterar betyr ikkje nødvendigvis at noko er feil med vurderingssystemet, meiner Oddrun Samdal, viserektor ved Universitetet i Bergen (UiB). Ho trur det heller er eit symptom på at det er ein viss del av skjønn med i vurderinga, spesielt i humaniorafaga. På «MatNat» derimot, kjem ein ikkje unna fasitsvara, og endringane vert derfor færre.

– Eit fasitsvar endrar seg ikkje sjølv om ein får ny sensor, seier Samdal.

Avviket mellom opprinnleg og ny karakter er størst på fakulteta med humaniora. Jusstudentar eg kjent for å klage på karakteren, og det med rette, for Det juridiske fakultetet er fakultetet med desidert flest klagar. – Jusstudentane klagar meir fordi sluttkarakteren deira vert brukt mykje meir aktivt av arbeidsgjevar enn på andre arbeidsplassar, forklarar Samdal.

Må slå oss til ro med at det ikkje finst éin rett karakter

At det er skjønn med i vurderinga treng ikkje å vere negativt, skal ein tru Christian Jørgensen, professor på institutt for biovitskap.

– Når me sett i gong eit heilt apparat, brukar to dagar på å lage sensorvegleiing, får inn to professorar og niles alt, synest eg det er heilt greitt at me krev noko av studentane også, meir enn at dei rekk opp handa og seier «verda er urettferdig», seier Christian Jørgensen som brukar mykje av arbeidstida si på klagesaker. Foto: UiB

Jørgensen er heller bekymra for at mange lagar for enkle eksamensoppgåver i frykt for at vurderingar med skjønn skal gjere folk misfornøgd.

– Me spør faktaspørsmål og lagar oppgåver med «multiple choice», fordi då er det lettare å behandle klagar i etterkant.

– Men det er ikkje der høgare utdanning bør ligge i dag! Fakta har me til ei kvar tid tilgjengeleg på telefonen, så på eksamen bør ein heller bli testa på korleis ein tolkar, hentar inne nye perspektiv og set saman ulik kunnskap, seier han.

Jørgensen trur løysinga på «skjønn-redsla» rett og slett er å stole på sensorane og godta at skjønn er ein del av «gamet».

– La fagfolk vere fagfolk.

Og då må ein også godta at det ikkje nødvendigvis finst éin rett karakter.

– Eg trur det er ein illusjon at det finst eitt rett svar med ein uomtvisteleg karakter på eksamensoppgåvene, seier Jørgensen.

«Blinde» sensorar aukar risikoen for å gå ned

I 2014 vart «blind omsensur» innført på alle høgskular og universitet. Det vil seie at den nye sensoren berre får sjå eksamenssvaret, ikkje den opphavlege karakteren og grunngjevinga for den.

At sensorane plutseleg vart «blinde» resulterte i at mange fleire fekk endra karakteren sin. Før innføringa vart berre éin av fem karakterar på UiO fornya, medan to av fem no får ny karakter. Den største auken ser ein i dårlegare karakterar.

Blind omsensur byr ikkje berre på dårlegare karakterar for studentane, men også ekstra jobb for sensorane.

Den blinde klagesensuren tillèt nemleg ingen grunngjeving frå studenten som klagar. Det betyr at klagekommisjonen må gjennomgå alt frå vurderinga studenten har fått i emnet, som kan innehalde fleire og varierte deleksamenar gjennom semesteret.

Det er unødvendig, meiner Jørgensen, sidan studenten kanskje berre føler seg urettferdig behandla på éi av oppgåvene. Han meiner det kunne blitt løyst med ei enkel grunngjeving frå studenten, som: «på oppgåve 2b tolka eg spørsmålet annleis enn sensor, slik og slik…». Men det står altså blind klagesensur i vegen for.

– Om me berre kunne gjeve klagekommisjonen eit hint hadde me spart så mykje tid og ressursar! seier Jørgensen.

Les meir om innføringa av blind omsensur her: Blind eller open omsensur? Det har mykje å seia for kva for karakter du endar opp med.

Klaging kostar

Blind eller open, humaniora eller realfag – det løner seg som oftast å klage på karakteren. Men kva kostar det for dei som må behandle klagane?

Det er få av dei spurte utdanningsinstutisjonane i undersøkinga som torer å gje eit estimat på ressursbruken på klagehandsaming, men Åsulv W. Elkaas frå MF vitenskapelige høyskole for teologi, religion og samfunn, prøvar:

– Dette er det vanskeleg å gje eit nøyaktig svar på. Totalt anslag for heile perioden (journ. mrk: 2009-2018) er 700.000 kroner med arbeidstid innrekna. Dette inkluderer ikkje utgifter knytta til arbeidsgjevaransvar, driftsutgifter og så vidare, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

Burde fleire klage? – Eg ønsker heller at me får eit vurderingssystem som gjer at studentane slepp å klage, seier Oddrunn Samdal. Foto: Eivind Senneset UiB.

Dei har behandla fem hundre klagar dei siste ti åra, som altså betyr ein prislapp på 1400 kroner per klage.

Oddrun Samdal ved UiB torer ikkje å gje eit konkret tal, men slår fast at klagehandsaming tek eit godt kakestykke av budsjettet.

– Det er ingen tvil om at me brukar mykje ressursar på klaging, ressursar som kunne blitt brukt inn i prosessen på læring, seier ho.

Les også: Kvifor er det alltid så fint vêr når det er eksamen?

Er vurderingssystemet godt nok?

På nokre universitet og høgskular får over halvparten ny karakter etter å ha klaga. Tyder det på at vurderingssystemet er for usikkert og tilfeldig i utgangspunktet?

Klageresultata sortert etter kvar det er mest sannsynleg å gå opp i karakter. Fleire stader er over halvparten av klagesensorane ueinige i karakterane som er sett i første omgang. (Anna: avvist/framleis oppe til behandling/trekt av student/uspesifisert.)

Samdal trur meir undervegsvurdering er det som skal til for å få bukt med dei store avvika. Ho trur mange klagar fordi dei rett og slett ikkje veit om dei har fått rett karakter.

– Om me hadde gjeve delkarakterar undervegs hadde studentane visst kor dei stod og hatt eit mykje betre grunnlag for å jobbe med sin eigen læreprosess. Ei slik ordning trur eg ville gjeve færre klagar på sluttkarakteren og meir rettferdige karakterar, seier Samdal.

–  Vil ikkje det vere endå meir ressurskrevjande å gje tilbakemelding kontinuerleg?

– Nei, ikkje nødvendigvis. Det blir ein annan måte å undervise på, der ein legg meir vekt på tilbakemelding og dialog med studenten, og brukar mindre tid på forelesing, svarar Samdal.

Jørgensen er einig:

– Eg har mykje meir lyst å bruke tida mi på å snakke og diskutere med studentane for å forstå kva dei slit med, enn å bruke tida mi på klagevurdering.

Har du byrja å grue deg til eksamen allereie? Les også: Psykologspesialisten gir sju tips mot eksamensangst.

Oversikt over kva høgskular og universitet som er med i undersøkinga: