Sondre Vanvik og Sjur Førland hadde kvar sin bachelorgrad før dei gjorde omval og starta på sjukepleiarutdanninga. Det angrar dei ikkje på.
Nora Bogetvedt Jenssen, Suldalsposten
Nora Bogetvedt Jenssen, Suldalsposten

Saka er henta med velvilje frå Suldalsposten.

– Bergen er ein fantastisk studentby, med eit godt kulturliv og studentar frå heile Vestlandet.

Sjur Førland er 25 år og bur i kollektiv med fire andre, og Sondre Vanvik, snart 30 år, bur med sambuar i eigen leilegheit. Dei er begge halvvegs i bachelorgraden i sjukepleie ved Høgskulen på Vestlandet avdeling Bergen.

Les også: Behovet for sjukepleiarar kan bli dobla innan 2040

Bankkvardagen

Dei ser på kvarandre, latteren sit laust og Sondre seier bestemt at nå kan han ikkje velja utdanning fleire gonger. Etter Sauda vidaregåande skule flytta han til Bergen og begynte å studera samfunnsøkonomi.

– Mens eg studerte, fekk eg deltidsjobb på kundesenteret i dåverande Skandiabanken, og då bacheloren var i boks, gjekk eg rett inn i full, fast jobb der. Eg jobba med bil- og bustadfinansiering. Etter eit par år gjekk eg litt lei. Det blei mykje rutinearbeid.

Eg sat jo berre inne på eit kontor heile dagen, dei andre var ute og møtte folk

Sondre fortel om morgonar i bil på veg til jobb, der alle han køyrde forbi, såg ut til å ha kjekkare jobb enn han.

– Eg sat jo berre inne på eit kontor heile dagen, dei andre var ute og møtte folk, smiler han.

Og jo, han hadde kjekke kollegaer, men mesteparten av dagen sat han i telefonen. Det var tid for å tenkja nytt.

Les også: Regjeringa krev 3 i matte for sjukepleiarstudentar

Fekk permisjon for å jobba i helsevesenet

Ein kompis skaffa han jobb som ringevikar på ein avlastingsbustad for brukarar med autisme. Det gav meirsmak. Han søkte seg helgejobb på Sandviken psykiatriske sjukehus.

– Eg fekk jobben, med beskjed om at der også kom til å bli mange ekstravakter. Då greip eg sjansen og søkte eitt års permisjon i banken for å prøva det ut. Eg likte det så godt at eg skjønte det var nå eg var nøydd å gjera noko om eg skulle ta ei utdanning til, fortel han.

Som sjukepleiar har eg uendelege moglegheiter til å jobba med mykje forskjellig

Han var 28 år då og vil vera 31 år når han er ferdig utdanna. Valet stod mellom vernepleien og sjukepleien, og i dag er han glad han landa på sjukepleien.

– Eg er sikker på å få jobb når eg er ferdig, og etter kvart er det å vera sjukepleiar blitt godt betalt, når ein tar med alle tillegga. Som sjukepleiar har eg uendelege moglegheiter til å jobba med mykje forskjellig.

Frå frilansliv til sjukepleie

Sjur søkte sjukepleien etter vidaregåande i Sauda, kom inn, men takka nei og starta på folkehøgskule i Sogndal i staden.

Frilanslivet passa ikkje meg, eg prøvde eitt år og det var berre stress!

Så gjorde han unna ein treårig bachelor i fjernsynsproduksjon på universitetet i Stavanger, før arbeidslivet som frilansar innan film starta. Det blei ein del filming, men endå meir vikarjobbing på Sand skule.

– Frilanslivet passa ikkje meg, eg prøvde eitt år og det var berre stress! Då eg jobba på skulen fann eg ut at; shit det er jo kjekt å jobba med andre ting enn tv. Det blei vendepunktet.

Valet stod mellom lærar og sjukepleiar, men han følte at sjukepleien verka mest spennande. Sjur tar også ekstravakter på same avlastingsbustad som Sondre.

– Eg angrar ikkje i det heile tatt. Gler meg kvar dag til å gå på jobb når eg er i praksis. Nå sist har eg vore på hjarteavdelinga på Haukeland sjukehus, eit klart høgdepunkt så langt.

Positiv til turnus

Så kjem dei innom turnusarbeidet. Det som somme synest er det mest slitsame med yrket, tar dei to studentane på strak arm.

Sjur meiner at det å ha fri ein tysdag midt i veka passar glimarande for hans livsstil.
Sondre, som har prøvt begge delar, utdjupar:

– Når ein jobbar måndag til fredag er det ei forventing om at mykje skal skje når helga kjem. Når ein derimot har fri ein heilt vanleg tysdag, mens alle andre er på jobb, kan ein nytta dagen nett som ein vil. Herleg!

– Er det eit vanskeleg studie de har valt?

Dei nikkar i takt, og meiner begge to at sjukepleien er tøffare enn bachelor i både samfunnsøkonomi og tv- produksjon.

– Det er stor forskjell på høgskule og universitet. På universitetet er du din eigen sjef fram til eksamen, på høgskulen er det kontinuerleg jobbing. Alltid eit arbeid som skal leverast inn, gruppeoppgåver, det er obligatorisk oppmøte, og praksisen er streng. Om du er vekke frå praksis i meir enn tre dagar, må du ta den opp igjen før du kan gå vidare, fortel Sondre.

Første kneika

Første året på studiet meiner dei er ei kneik å komma seg over. Alt er nytt, og det er mange tunge fag i starten.

Anatomi synest dei begge har vore veldig spennande, men så er det mange kjedelege oppgåver som reiing av seng og litt søkte stell-oppgåver.

– Men andre året, då kjem det seg. Mange spennande tema som det å møta ulike menneske og etikkutfordringar.

– Er det mange i kullet dykkar som har slutta undervegs?

Sjur trur ikkje det er så mange som har slutta fordi dei ikkje klarer det, men mest fordi dei har funne ut at dei heller vil velja ei annan studieretning. Etter litt diskusjon kjem dei fram til at av dei 210 i kullet som starta, har rundt 50 slutta.

Les også: Sjukepleiarutdanninga manglar nok praksisplassar

Film på si

Kva dei skal jobba med etter fullført utdanning, har dei ikkje bestemt seg heilt for.

Sjur er sikker på at han vil jobba som sjukepleiar, men ikkje i full stilling. På den måten kan han krydra yrkeslivet med litt filming i tillegg.

Sondre kan tenkja seg å gå nattevakt, med gode tillegg og lange friperiodar.

Akkurat nå er det sjukehuspraksisen som er ferskast og som eg er mest gira på

– Først tenkte eg å jobba innan psykiatrien, men etter å ha prøvt somatikken, freistar det også.

– Det som er så greitt med denne utdanninga er all praksisen me får undervegs, legg Sjur til og fortel om praksisperiodar innan eldreomsorg, heimesjukepleie, psykiatri og sjukehus.

– Eg vil ikkje bestemma meg før eg har prøvt alt. Akkurat nå er det sjukehuspraksisen som er ferskast og som eg er mest gira på, meiner han.

Solid utdanning

– Sjukepleiener ei solid utdanning. Det som er så bra er at du kan ta etterutdanning etter to år i jobb, om du likar eit spesielt fagfelt. Jobbmoglegheitene er gode og det er enormt mykje spennande å velja i. Det blir litt som ei leiarutdanning òg, for i jobben er du ofte nøydd til å ta ansvar, framsnakkar Sondre.

– Kva råd har de til dei som lurer på å søkja på sjukepleiarutdanning?

– Ikkje stress med at du ikkje har erfaring iallfall, for det får du og det går heilt fint!

 

Oppdatert: torsdag 28. mars 2019 08.18

Kommentarar

ANNONSE