Ny leiar i Elevorganisasjonen: – Skulen er ikkje eit venterom for vaksenlivet

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 08.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Så lenge det finst elevrettar som blir brotne, skuleleiingar som overkøyrer elevråda sine, og politikarar som ikkje lyttar, må det finnast ein elevorganisasjon. Draumen er at det ein dag ikkje er behov for oss, men det trur eg ikkje skjer i nærmaste framtid, meiner Alida D’Agostino.

Tre hovudsaker for 2019

19-åringen frå Bergen vart valt som ny leiar av Elevorganisasjonen på Elevtinget som vart arrangert for 20. gong 4.-8. mars 2019. I opningstalen hylla avtroppande leiar Agathe Waage både svenske Greta Thunberg og jentene som starta Noregs første elevråd for nøyaktig hundre år sidan.

– Kva var dei viktigaste vedtaka som vart gjort på landsmøtet dykkar?

 På landsmøtet vårt vedtok vi tre skikkeleg gode politiske prioriteringar. Den komande perioden skal vi jobbe for at skulen faktisk skal verte gratis, at det skal bli lettare for spesielt ungdomsskuleelevar å engasjere seg, og at dei nye læreplanane klarar å ruste oss for framtida sine utfordringar.

– Kva vil Elevorganisasjonen merke av forskjell med deg som leiar?

 Sjølv om det er 9 månadar sidan eg gjekk på vidaregåande, føler eg meg framleis som ein del av gutane på golvet. Det trur eg vil gjere distansen mellom meg og grasrota mindre, slik at vi lettare kan vere her for kvarandre. Eg er trass alt ingen elevleiar utan elevane og lærlingane.

Frå ei wolfram- og kassiterittgruve i Maniema i DR Kongo. Foto: Julien Harneis/Flickr/CC BY-SA 2.0

På Elevtinget 2019 stemte elevane også fram årets Operasjon Dagsverk, som skal støtte ungdom i Kongo.

I fjor valte Elevtinget å støtta KFUK-KFUM Global sitt Palestinaprosjekt, noko som førte til at OD-komiteen vart kalla antisemittar, jødehatarar og nynazistar.

Les også innlegget: Operasjon Dagsverk nedkjempar netthets med kjærleik

Tilfeldig engasjement

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Tilfeldigheiter. Eg var ein av dei som tenkte at politikk var kjedeleg, vanskeleg og skummelt. Men så fekk eg mitt første møte med Elevorganisasjonen, og eg skjønte at meiningane mine var politikk. Da blei det plutseleg kjempegøy. No engasjerer eg meg på vegner av dei som ikkje torer det, og for at dei som trur dei ikkje kan, skal vete at dei kan.

– Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom når fram til dei som styrer?

– Ved at vi står saman. Alle klisjéane om at vi er sterkare saman, og at opplæring skal skje på elevane sine premissar, har vorte klisjéar fordi det er sant. Éi stemme åleine er lett for dei med makta å oversjå, men mange stemmer saman er heilt umogleg å snu ryggen til.

Les også intervju med avtroppande leiar Agathe Waage: – Dritviktig at demokrati får god plass i nye læreplanar

Med hjarte for fråværsgrensa

– Kva er dei viktigaste sakene for Elevorganisasjonen anno 2019?

– Fagfornyinga er det største og det viktigaste som skjer for tida. Det er min generasjon som skal arve jorda og løyse alle problema vi har i dag. Då er det viktig at vi har læreplanar som kan ruste oss for framtida.

– Kva er dine personlege hjartesaker?

– Folk flest er skikkeleg lei av saka om fråværsgrensa, men eg klarar ikkje å leggje den frå meg. Det er ei sak som rammar ei lita elevgruppe, og dei føler eg eit ekstra stort ansvar for å kjempe på vegner av.

Les også: Fråværet går ned, men risikoen for å falle frå har auka på VGS

Drøymeskulen

– Kva er idealsamfunnet (evt. idealskulen)?

– Drøymeskulen min er ein skule som elevane har lyst å dra til, der dei blir møtte med lærarar som ser dei, og dei får mogelegheita til å dyrke interessene sine. For meg er det utruleg viktig at dei 13 åra vi går på skule ikkje følast som eit venterom for vaksenlivet. Vi er i vår beste alder, og det minste vi kan forlange er at opplæringa følast gjevande og meiningsfull.