Operasjon Dagsverk 2019 skal støtte ungdom i Kongo

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre veke vart Elevtinget samde om at årets Operasjon Dagsverk-prosjekt skal gå til inntekt for ungdom i DR Kongo.

Saman med hjelpeorganisasjonen Caritas Norge ynskjer OD-prosjektet å nedkjempe seksuell vald og slavearbeid. Midlane skal gå til å lære kongolesisk ungdom om rettane dei har, sikre dei utdanning og yrkesopplæring, og gjeve dei ein mogelegheit til å bestemme over eiga framtid.

Les også om Karoline som har vore frivillig i ein palestinsk flyktningleir: – Dette er ikkje ein stad ein vil vere, det er ein permanent unntakstilstand

Vil løfte 15 000 unge ut av slavearbeid

DR Kongo er eit fattig land rikt på naturressursar som diamant, koltan, kobolt og gull. Etterspurnaden etter koltan til mobiltelefonar og kobolt til elbilar er stor, og dette gjev også grobotn for konflikt i landet.

Operasjon Dagsverk opplyser om at 40 000 born og unge arbeider i koboltgruver i DR Kongo. Valdtekt vert systematisk nytta som eit våpen, og halvparten av geriljasoldatane er ungdom under 18 år.

Årets OD-prosjekt ynskjer å stoppe rekrutteringa av unge til gruvene og geriljaen, og håpar å hjelpe 15 000 ungdomar ut av slavearbeid, gjeve dei vern og ei trygg inntekt.

Fredsprisvinnaren sine fotspor

Prosjektet går såleis i fotspora til den kongolesiske legen Denis Mukwege som i fjor fekk fredsprisen for arbeidet sitt for å hjelpe dei mange offera for seksualisert vald i landet. Han har tidlegare poengtert korleis etterspurnaden etter billege elbilar og nye smarttelefonar påverkar situasjonen i Kongo:

– Krigen i Kongo er ikkje ein etnisk krig eller ein religiøs krig. Det er en krig over ressursar. Og dei ressursane er brukt over heile verden, sa Mukwege ifølgje NRK.

Sjå også denne videoen frå kobolt-gruvene: 

Tapte millionar

Årets kampanje er etter alt å dømme mindre omstridd enn fjorårets. I 2018 valde Elevtinget å samle inn pengar til støtte for KFUK-KFUM Global sitt Palestinaprosjekt, og det skapte veldige reaksjonar:

– Det har vore ein del dramatiske meldingar der me har vorte kalla ting som antisemittarjødehatarar og til og med nynazistar, sa dåverande leiar i Operasjon Dagsverk Frida Jøraholmen Andresen til Framtida.no.

Gjennom heilsides annonser i riksdekkjande aviser, oppfordra MIFF til boikott av OD-prosjektet. Til saman så vart det samla inn 18,9 millionar kroner. Det er nesten 3,5 millionar kroner mindre enn året før, og 6 millionar under snittet for OD-aksjonar.