– Dritviktig at demokrati får god plass i nye læreplanar
Agathe Waage (20) er nyvalt leiar i Elevorganisasjonen. Ho begynte å engasjerte seg for å gjera noko med uretten ho såg rundt seg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Gratulerer med leiarvervet! Kva føler du no?
– Det er ei heilt fantastisk kjensle å få tillit av Elevtinget, med over 550 elevar, til å leia Elevorganisasjonen det neste året. Det er eit stort ansvar som eg gler meg til å ta fatt på.
– Kva vil Elevorganisasjonen merka av forskjell med deg som leiar?
– Eg er veldig opptatt av å sjå på elevrørsla som ein del av eit større bildet av samfunnet. Det er vi unge som skal løysa dei store utfordringane i framtida, difor må vi ha ein skule som rustar oss for framtida. Dette perspektivet er kanskje den største skilnaden organisasjonen kjem til å merka. Elles er eg veldig glad i å planleggja ting i detalj. Det kjem sikkert sentralstyret eg skal jobba med til å merka.
– Kva er dei viktigaste vedtaka dei gjorde på Elevtinget?
– Elevtinget vedtok tre knallgode politiske prioriteringer som skal vera dei viktigaste kampsakene til elevorganisasjonen:
- vi skal kjempa for at musklane bak Noreg, yrkesfagelevene, skal få den statusen dei fortener og at ikkje skal måtta betala tusenvis av kroner for utstyret til undervisinga
- at skulen ser kvar enkelt elev med lærarar, rådgjevarar og helsepersonell
- og vi har ein skule som rustar oss for framtida. Sistnemnde skal vi blant anna få til med ein god fornying av læreplanane.
– Kvifor er det bruk for Elevorganisasjonen?
– Fordi vi er den einaste organisasjonen som talar elevane og saka til lærlingane. Alt for ofte opplever vi at vi ikkje har noko å seia i saker som gjeld oss. Ein kan jo kalla oss for fagforeininga til elevane og lærlingane, og viss det er ein ting fagforeiningane har vist oss, så er det at når fleire står saman så blir ein høyrt.
– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?
– Eg blei lei av å sjå urett rundt meg, så eg fann ut at eg ville gjera noko med det. Det heile starta på ungdomsskulen. Eg var driten lei av å sjåast ned på av enkelte vaksne som heile tida sa «når du blir vaksen kjem du til å skjøna at…». Eg melde meg inn i ei rekkje ungdomsorganisasjonar for å stå saman med andre unge som òg var lei av same type umyndiggjering.
– Kva er hjartesakene dine?
– For det første at vår lovfesta rett til gratis skule for alle blir tatt vare på. Ei sak eg personleg har vore opptatt av sidan ungdomsskulen eit at vi skal få ei seksualitetsundervising i skulen som lærer oss om identitet, grensesetting og å akseptera kvarandre for dei vi er. Eg trur faktisk eg har hatt er intervju om den saka her i Framtida.no tidlegare.
– Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom som ikkje er engasjerte når fram til dei som styrer?
– Det viktigaste er først og fremst at politikarar, og andre menneske med makt, aktivt tek kontakt med oss unge for å høyra kva vi meiner om saker som gjeld oss. Ein må jo leggja til rette for reell ungdomsmedverknad.
– Det er òg viktig at vi får ei god demokratiopplæring i skulen, at ein jobbar for å ha gode elevråd og at ein held med til dømes fram ungdomsråd og fylkestinget til ungdomen. No kjem det nye læreplanar, og der er det er dritviktig at demokrati og medborgerskap får god plass.
Agathe Waage
Aktuell: Ny leiar i Elevorganisasjonen
Alder: 20 år
Frå: Fødd og oppvaksen i byen under skya, Bergen.
Kvar gjekk du på vidaregåande? Olsvikåsen vidaregåande skule i Bergen, der eg tok studieførebuande linje med formgjevingsfag.
Favorittfag?
– Det er frykteleg vanskeleg å svara på. Eg har alltid vore veldig glad i skulen, og ofte er jo det at ein likar faga avhengig av ein god relasjon til læraren. Viss eg likevel kunne valt tre ville det vore fransk, visuelle kunstfag og rettslære.
Andre medlemskap?
– Eg er medlem i andre partipolitisk uavhengige ungdomsorganisasjonar som til dømes Press og Natur og Ungdom. Det er skikkeleg viktig å ha organisasjonar som dei som kjempar for at dei neste generasjonane skal ha ein klode, og at rettane til barn blir tatt vare på.