Leiaren i Elevorganisasjonen oppmodar til ungdomsopprør

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.03.2019 14:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Saman med Greta oppmodar eg dykk til eit ungdomsopprør. Lat oss visa dei gamle gubbane at når me snakkar om det me bryr oss om; anten det er fleire lærarar, klimaendringar, betre utstyr i skulane, eller skjønnheitstyranniet, så kan me forandre verden.

Det sa leiar i Elevorganisasjonen, Agathe Waage, ifølgje Utdanningsnytt i sin opningstatale til Elevtinget 2019.

Frå 4.-8. mars er elevar frå heile landet samla for å diskutera saker som angår dei. I løpet av helga skal dei mellom anna velja ny leiar og kva som vert årets Operasjon Dagsverk-prosjekt.

I fjor valte Elevtinget å støtta KFUK-KFUM Global sitt Palestinaprosjekt, noko som førte til at OD-komiteen vart kalla antisemittar, jødehatarar og nynazistar.

Les også innlegget: Operasjon Dagsverk nedkjempar netthets med kjærleik

100 år sidan første elevråd

I år feirar Elevorganisasjonen tiårsjubileum. I tillegg er det 60 år sidan elevane danna sin første organisasjon, Norges Gymnasiastsamband.

Og ikkje nok med det: I dag 6. mars er det nøyaktig 100 år sidan Noregs første elevråd vart stifta på Hartvig Nissen pikeskole i Oslo.

Waage understreka at det i 1919 var ein radikal tanke.

– Bakgrunnen for at elevråda vart stifta, var kjensla av å bli overkøyrt av dei vaksne. Rektorar sensurerte skuleavisene våre, fordi dei var ueinige i det elevane skreiv. Men elevena engasjerte seg og protesterte og til slutt gav rektorane opp. Me fekk skrive det me ville i skuleavisene, sa leiaren i Elevorganisasjonen, og la til:

– Og det stoppa ikkje der. Me debatterte i elevrådsmøter, skreiv forslag og vedtok dei. Me vart høyrt. Sakte, men sikkert vart skulen litt betre.

Les også: Høgre føreslår fråværsgrense i ungdomsskulen – Elevorganisasjonen er kritisk

Klimaendringar og våpenlover

I tillegg til å hylla svenske Greta Thunberg, som har inspirert ein heil generasjon til klimaopprør, løfta Waage fram elevane i som starta opprøret etter skuleskytinga i Florida der 17 menneske mista livet.

– Elevene samla seg og marsjerte i tog som dei kalla for «March for our lives». Saman kravde USA sine elevar at våpenlovene skulle bli strengare, med internasjonal støtte. Dette førte mellom anna til at aldersgrensa i Florida vart aukt frå 18 til 21 år. Skulen vart litt tryggare, sa Waage.

Les også: Forskarar har sett på skuleskytingar frå 1940 til 2018 – slår alarm

På Youtube kan du følgja Elevtinget  live: