Målungdomen meiner læreplanen ikkje tek omsyn til nynorskelevane

Måndag 18. mars kom framlegget til ny læreplan i norsk. Norsk Målungdom meiner dei nye læreplanane verker mot si hensikt for sidemålet sin del.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me er skuffa over at framlegget til ny læreplan svekkjer vurderingskrava i sidemål og ikkje styrkjer djupnelæringa i sidemål, seier Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom i ei pressemelding.

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) lovar at fagfornyinga skal gje lærarane større mogelegheit til å gå i djupna på faga, men Norsk Målungdom meiner dette ikkje er tilfelle for sidemålet. I staden for å legge opp til djup læring, vert sidemålet utsett for lettvinte svekkingar.

Les også: «Skammarens dotter 2» får teksting og materiell på nynorsk

Svekka vurderingskrav i sidemål

Målungdomsleiaren er glad for at kompetansemåla framleis skal vere like for hovud- og sidemål, men uroar seg for effekten av at «vurderingen av sidemålstekster skal […] ta hensyn til at elevene har hatt lengre tid med formell opplæring i hovedmålet».

– Å læreplanfeste «dumsnill» vurdering i sidemål undergrev mykje gevinsten av å likestille læringsmåla for dei to skriftspråka. I staden for å ta særleg omsyn til at elevane har hatt kort tid med sidemål, burde regjeringa gje elevane lengre tid med sidemål, slik at sidemålstekstane kan vurderast på lik line med hovudmålstekstane, seier Hope.

Norsk Målungdom vil styrkje djupnelæringa ved å starte med sidemålsundervising på barneskulen. Organisasjonen ynskjer at elevane skal få prøve seg på å skrive på sidemålet før 4. trinn, medan framlegget kjem med eit slikt mål først før 7. trinn.

Samstundes er Hope skeptisk til at framlegget fjernar undervegsvurderinga i sidemål frå dei to første åra både på ungdomsskulen og vidaregåande.

Les også: Noregs Mållag krev at regjeringa prioriterer nynorskelevane

Tek ikkje omsyn til nynorskelevane

Målungdomen deler også Norsk Målungdom si frykt for at læreplanen skal setje fart på språkskiftet frå nynorsk til bokmål. Målungdomen meiner framlegget ikkje tek omsyn til at nynorskbrukarane er i mindretal, og kombinert med svekka vurderingskrav til sidemålskompetanse, kan det føre til at fleire byttar til bokmål.

– Nynorsk er eit mindre brukt språk enn bokmål, og difor er det annleis å vere nynorskelev enn bokmålselev. For at fleire av nynorskelevane skal verte trygge språkbrukarar som held på nynorsk, treng dei å lese og skrive mest mogleg nynorsk på skulen, avsluttar målungdomsleiaren.

Saknar du nynorske BankID-passord? Leiaren i Noregs Mållag vil gjerne logge inn i nettbanken med orda «STORKNA MANNESVEITTE».  

Illustrasjonsfoto: Ida Johanne Aadland