Snart kan du få «Gild sild» og «Blaut stol» som bankID-passord

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 03.03.2019 09:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– «STORKNA MANNESVEITTE» må jo vere favorittorda når ein skal inn i nettbanken og sjekke pengane sine, skriv leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn i ein e-post til Framtida.no.

Når du brukar bankID på mobil får ein kvar gong tilsendt ei ny kode beståande av to ord. Ordkombinasjonane er tilfeldig valde av ei datamaskin som set saman eit adjektiv og eit substantiv frå to lister.

Kombinasjonane kan ofte vere humoristiske, som til dømes: «umulig bauta», «farlig saft», «vill smitte» og «gravid hipster». Desse døma er alle henta frå Instagram-kontoen @bankid_tegninger.

Listene som kodane vert sett saman av er førebels berre på bokmål, men snart kan kodeorda BankID sender deg på mobiltelefonen vere på nynorsk.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Solid seier. Jeg gleder meg fortsatt til sommeren. S/o til @williammatre for bidrag! Ha en god helg #bankid

Et innlegg delt av BANKID PÅ IG (@bankid_tegninger)

Forfattar Øystein Hauge er fødd og oppvaksen Vegårshei og er ein ivrig bankID-brukar. Foto: Ola B. Nøst/olafoto

«Pengar er storkna mannesveitte»

Det var nettstaden BOK365.no som først omtala initiativet frå poeten Øystein Hauge, som har teke kontakt med Vipps, som driv tenesta, for å få nynorske kodeord.

– Sidan Jamstellingsvedtaket av 12. mai 1885 har nynorsk som kjent vore eitt av to offisielle målformer i skriftleg norsk. Og når det kjem til BankID talar vi om hundretusenvis av daglege meldingar. Det er då ikkje meir enn rett og rimeleg at også nynorsk finn sin plass i den nye koda kommunikasjonen ut til oss databrukarar, seier forfattar Øystein Hauge til BOK365.

Han meiner både nynorsk- og bokmålsskrivande brukarar av banktenestene vil setje stor pris på ei slik utviding, som kan gje nyvinningar som til dømes alvorleg trekkspel og grøn skreddar.

– Det har gått ein del år sida nynorskmannen Aasmund Olavsson Vinje terga på seg finansfolket ved å skrive at «Pengar er storkna mannesveitte». Men pengefolket bør vel ha furta frå seg for lengst no, seier Hauge til BOK365.

Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, fryktar nynorsken ikkje vert med i den digitale utviklinga. Foto: Noregs Mållag

På digital vakt for nynorsken

Han får støtte av mållagsleiar Magne Aasbrenn, som rosar initiativet.

– Dette er eitt av mange døme på at i ei tid da stadig ny teknologi dukkar opp, så er det viktig at vi er på vakt slik at nynorsken òg får vere med, understrekar Aasbrenn.

Han meiner det er viktig at ikkje nynorsken tapar eit viktig domene som kjem med den teknologiske utviklinga og oppmodar Vipps om å sleppa nynorsken til.

Og Vipps er ikkje vanskeleg å be.

Vipps så vert det nynorsk

Kommunikasjonssjef i Vipps, Hanne Kjærnes, synest det er gøy at ordkombinasjonane engasjerer mange.

– Orda er ofte sesongbasert, og me har hatt både 17. mai- og juleord. Nyleg hadde me også ein del samiske ord i samband med Samane sin nasjonaldag. At me difor òg får inn nynorske ord er på sin plass, skriv Kjærnes i ein e-post til Framtida.no.

Ho kan ikkje gje ein konkret dato for når kodane vert tilgjengelege på nynorsk, men fortel at dei vil skifte heile ordlista til nynorsk i ein periode.

– Me jobbar no med ei liste av nynorske ord, og gler oss til å sjå «Gild sild» og «Blaut stol» når me loggar inn i nær framtid, avsluttar Kjærnes.