Måndag sende Kunnskapsdepartementet forslag til nye læreplanar i skulen på høyring. Nettvit og personleg økonomi er blant dei nye innslaga i læreplanane.
NPK-NTB
NPK-NTB

– Dette blir den største endringa av innhaldet i skulen sidan Kunnskapsløftet i 2006, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).

Digitale evner har fått ein tydelegare plass i dei nye læreplanane enn tidlegare. Dømmekraft, kritisk tenking og digital sikkerheit er døma på kva evner elevane skal lærast opp i.

Elevar på 7. trinn skal til dømes kunne bruke dømmekraft, verne eige digitalt utstyr og handle i tråd med retten til privatliv, personvernreglar og opphavsrett på nett.

Generelt skal faga skal bli meir utforskande og praktiske, seier Sanner. Mellom anna skal entreprenørskap tydelegare inn i skulen og elevane skal få opplæring i personleg økonomi.

– Elevar, lærarar og skuleforskarar meiner læreplanane i dag inneheld for mykje, og at det fører til for mykje overflatelæring. Samfunnet vårt er i stadig endring, og skulen må endre seg i takt med det samfunnet elevane skal ut i etter enda skulegang, seier Sanner.

Les også: Lise (32) har snart spart nok til å kunne pensjonere seg

For overflatisk læring

Regjeringa vedtok våren 2016 at alle skulefaga skulle gjennomgåast for å sikre meir djupnelæring, etter at det regjeringsoppnemnde Ludvigsen-utvalet konkluderte med at norsk skule er prega av stofftrengsel og overflatisk læring.

Dei nye læreplanane skal fastsetjast av Kunnskapsdepartementet til hausten, og vil bli tatt i bruk i skulen frå hausten 2020.

Hausten 2016 vart det oppretta faggrupper for kvart enkelt fag. Dei la våren 2018 fram forslag til kjerneelement i faga og forslag til emne som kunne prioriterast ned.

Forslaga har vore ute på omfattande høyringsrundar, og det har komme i alt 14.000 forslag til kva dei nye læreplanane bør innehalde.

Også eksamensordninga skal gjennomgåast.

Sanner la i juni fram dei endelege endringane i skulefaga. Deretter starta arbeidet med dei nye læreplanane som no er klare til å sendast på høyring.

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) lovar at fagfornyinga skal gje lærarane større mogelegheit til å gå i djupna på faga. Foto: Andrea Nøttveit

Les også: Elevorganisasjonen rosar kutt i læreplanane

Kompetanse om seksuell trakassering

Lærarane skal få større moglegheit til å gå i djupna på enkeltemne og tema, ved at læreplanane blir mindre omfangsrike enn før, lovar Sanner.

I mars i år sa også kunnskapsministeren at haldningar, verdiar, grensesetting og kjønn skal tydelegare inn i skulen i samband med fagfornyinga. Kompetansen til lærarane på seksuell trakassering skal også aukast, og temaet skal inn som eit eige spørsmål i dei årlege elevundersøkingane.

Bakgrunnen var ein kronikk i Aftenposten skriven av 14-åringane Ella Fyhn, Ellisiv Aure og Ea Baklund frå Oslo. I innlegget beskriv dei omfattande seksuell trakassering av jenter i skulen.

Les også intervjuet med 14-åringane som tok metoo-utfordringar i skulen til Stortinget: – Kunnskap om sexisme, kjønn og makt i skulen må inn i lærarutdanningane, og vi meiner temaet må takast opp mykje, mykje tidlegare i skulen enn det blir i dag gjort. 

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE