Mållaget skuffa over nye læreplanar i norsk

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Uttalen frå mållagsleiaren kjem etter at Kunnskapsdepartementet måndag sende forslag til nye læreplanar for grunnskulen og vidaregåande skule ut på høyring. Dei nye læreplanane blir omtalt som den største endringa i innhaldet i skulen sidan Kunnskapsløftet i 2006.

Noregs Mållag har lenge vore spente på kva dei nye læreplanane vil få å seia for norskfaget. Ikkje minst har det vore knytt stor spenning til om forslaget om å slå saman halvårskarakterane for hovudmål og sidemål for 8. og 9. trinn på ungdomsskulen og VG1 og VG2 på vidaregåande, ville bli ståande.

– Dette forsøket har vore gjennomført i eit karakterforsøk som har gått over fleire år, og det har ikkje ført til betring av læringsresultatet for elevane som har vore med, seier Aasbrenn.

Noregs Mållag meiner den beste måten å sikra god sidemålsundervisning på er å behalda halvårskarakteren i sidemål.

Her kan du lese høyringsdokumentet for norskfaget.

– Fryktar sidemål blir utsett

Mållaget er også uroa for at samanslåinga av karakterar skal føra til at det blir lettare for lærarane å utsetja sidemål til 9. trinn eller kanskje til og med 10. trinn. Organisasjonen peikar mellom anna på at det i framlegget til den nye læreplanen står at halvårsvurderinga skal gje kunnskapar i hovudmål og sidemål seinast frå 9. trinn.

– Det bryt med all pedagogisk erfaring om at sidemålsundervisninga og- vurderinga må byrja tidleg. Læreplanen seier heller ingenting om vektinga mellom hovudmål og sidemål for den samle halvårskarakteren. Med dette opnar halvårskarakter for at lærarar heilt til 10. trinn kan ta på sidemålsundervisninga med harelabb og som skippertak før eksamen, seier Aasbrenn.

I planen må det stå at sidemålsvurderinga skal byrja frå 8. trinn, meiner Mållaget.

Les også: Mållaget kritisk til vurderingsordninga i ny læreplan i norsk

Krev betre vurdering undervegs

Aasbrenn seier likevel at det i mandatet for læreplanfaget blir sagt at sluttvurderinga for norsk ikkje skal bli endra. Det vil seia at elevane i 10. trinn skal få standpunktkarakter både i hovudmål, sidemål og munnleg. Det same gjeld VG3.

– Det er bra at det ikkje er endra, men det er i undervegsvurderinga elevane ikkje får sjå kor gode dei er i nynorsk og bokmål, presiserer han.

– Vi meiner det må vera ei formulering som seier at elevane skal ha like mange skriftlege oppgåver i begge språka og skal vektast likt i forhold til ein annan.

Les innlegget frå fylkesvaraordføraren i Rogaland: «Ungdomen vert tvinga til å droppa nynorsk»

Uroa for målbyte

– Ein annan ting vi er skuffa over er at det skal bli stilt lågare kompetansekrav til sidemålskunnskapane både på ungdomsskulen og heilt opp til VG3, seier Aasbrenn.

Noregs Mållag er sterkt imot ei slik formulering og meiner det reduserer forventingane til kompetanse i sidemål både i ungdomsskulen og i vidaregåande.

– Det opnar også for at elevar som har hatt nynorsk hovudmål på ungdomsskulen, skiftar til bokmål hovudmål på vidaregåande som eit taktisk målbyte for å få betre karakterar, meiner Mållaget.

Mållaget meiner også ein ny læreplan må ta høgd for at nynorskbrukande elevar blir mindre eksponerte for sitt eige hovudmål enn elevar med bokmål som hovudmål. Vidare kjem dialektkunnskap dårlegare ut i det nye forslaget. Organisasjonen fryktar at dette vil føra til at elevane ikkje ser grunnideen med nynorsken som ei samlande skriftnorm for alle norske målføre.

Les også intervjuet med 20-åringen bak Instagramkontoen «nynorsk_tinder»: – Eg trur ikkje nynorsk gjer deg mindre attraktiv på Tinder – heller meir.

Anna Sofie Ekeland Valvatne starta Instagramkontoen «nynorsk_tinder» fordi venene hennar tykte skjermdumpane ho delte med dei var så morosame. No består kontoen for det meste av innsendte bidrag. Foto: Privat, Instagram «nynorsk_tinder»