Ungdomen vert tvinga til å droppa nynorsk

Marianne Chesak, fylkesvaraordfører (Ap) Rogaland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Visste du at heile 23 prosent av elevmassen på grunnskulen i Rogaland har nynorsk som hovudmål? Då snakkar vi altså om over tusen 14-åringar som har tenkt å skrive nynorsk heile livet.

Dei lærte å skriva «eg» som 6-7-åringar. Etter kvart har dei lært seg a-endingar, og dei har lært seg gradbøyingar. Så er det slutt på «eg» og «heim» og «me». Nesten alle nynorsk-elevane droppar nemleg nynorsken når dei byrjar på vidaregåande skule. Talet går frå 23 prosent i 10. klasse til 6 prosent i 1. klasse på vidaregåande.

Over tusen 14-åringar som har tenkt å skrive nynorsk heile livet

Det fortel mykje. Rogaland er offisielt eit språknøytralt fylke. Men det fungerer ikkje sånn i praksis. Vi får stadig rapportar om at mange av skulane ikkje har nok lærebøker på nynorsk. Om lærarar som ikkje kan retta innleveringar på nynorsk. Og om elevar som gjev opp og vel bokmål fordi det er praktisk vanskeleg å halda fram med nynorsk.

Les også: Kan Stavanger verte landets største nynorskkommune?

Det må endrast

Det er ikkje godt nok. Slik kan vi ikkje ha det. Og det er bakgrunnen for at eg i vår fremja ein interpellasjon til fylkestinget om dette. I denne ba vi fylkestinget om ei eiga sak for å synleggjera tiltak og for å sikra ei likestilling mellom målformene. I desember skal vi difor ta grep. Slik at vi er språknøytrale òg når det kjem til praksis.

Det er ikkje godt nok. Slik kan vi ikkje ha det.

Frå og med hausten 2019 skal det vera like lett å vera nynorskelev som bokmålselev i fylket vårt. Heilt konkret meiner eg at det må verta slik at elevane allereie når dei søkjer om skuleplass i vidaregåande får velja målform. Då vil skulane vita på førehand kor mange elevar som vil ha nynorsk som målform og leggja til rette for dette. Då kan dei ha lærebøker klare til skulestart, på begge målformer.

Samstundes meiner eg at skulane må sørgja for at nynorskelevane har same tilgang på digitale læremiddel som bokmålselevane. Berre på denne måten kan vi leggja til rette for reell likestilling av begge målformer i Rogaland.

Mange nynorskskular lærer ikkje nynorskelevane nynorsk godt nok, skriv leiaren for Norsk Målungdom, Fredrik Hope. 

Kulturarven vår

Språket vi brukar er viktig for oss rogalendingar, og store delar av kulturarven vår ligg i språket og målforma vi brukar. Kulturarv kan ikkje vedtakast. Han vert skapt gjennom bruk. Alle som er for kulturarv, må difor òg vera for bruk. Som alle andre språk i verda treng nynorsk skriftkultur òg i framtida målretta, offentleg støtte og tiltak som gjer språkleg valfridom reell. Retten til å bruka språket var òg kongstanken til Ivar Aasen.

Det handlar om å sjå nynorskelevane våre

Eg vil understreka at dette ikkje handlar om å få fleire til å velja nynorsk eller om å «tvinga» bokmålselevane over på nynorsk. Det handlar om å sjå nynorskelevane våre, og aktivt jobba for at vi ikkje mistar dei over til bokmål når dei byrjar på vidaregåande skule.

I dag er 11 av 26 kommunar nynorsk-kommunar i Rogaland (3 bokmålskommunar, 12 språknøytrale). Vi er difor eit av fylka i landet med høgast del nynorsk-kommunar. Då må vi i fylkeskommunen aktivt leggja til rette for at elevane skal kunna halda fram med nynorsk når dei byrjar på vidaregåande skule og fylkeskommunen overtek ansvaret for opplæringa.

Her gjer vi ikkje ein god nok jobb i dag.

Det er på tide å ta grep.

Les også: «Digitale læremiddel for alle!»