«Er det ikke slik at du er nazist om du skriver nynorsk»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg synest jo at nynorsk er det mest sexy språket. Eg trur ikkje nynorsk gjer deg mindre attraktiv på Tinder – heller meir, seier Anna Sofie Ekeland Valvatne.

Då 20-åringen frå Stord i Sunnhordland lasta ned sjekkeappen Tinder i Oslo opplevde ho plutseleg å få mange reaksjonar på målforma si.

Dette var nytt for ein nynorskbrukar som har vakse opp i verdas største nynorskby, og ikkje opplevd at målforma førte til eit einaste heva augebryn.

Les også: Selde brurekjolen med nynorskdikt på Finn

Er du nazist?

– Nokre var berre kunnskapslause og visste til dømes ikkje kven Ivar Aasen var. Andre var heilt merkelege, som han som spurte om eg var nazist fordi eg var nynorskbrukar, ler Valvatne.

Ho byrja å sende meldingane vidare til vener, som oppmoda ho om å laga ein Instagramkonto.

Lenge var det ikkje kjent kven som stod bak «nynorsk_tinder» og Valvatne kunne høyre folk i Norsk Målungdom, der ho sjølv jobbar som lokallagsskrivar, seie «Har du høyrt om «nynorsk_tinder»?».

No har Instagramkontoen over 1500 følgjarar og mesteparten av meldingane er innsende bidrag.

– Er det ein fordel å bruka nynorsk på Tinder?

– Eg synest jo språket er mykje finare, så det kan gjerne vere attraktivt for nokon, svarar Valvatne.

Les også: – Vennen, du er eit resultat av Tinderkjærleik

Ein av mange reaksjonar Anna Sofie Ekeland Valvatne har fått på målforma si på Tinder. Skjermdump: «nynorsk_tinder»

«WTF snakker du nynorsk»

Som nynorskbrukar på sjekkeappen opplever ho ofte at andre brukarar kommenterer korleis ho skriv, framfor kva ho skriv.

Ein person skreiv ganske enkelt «WTF snakker du nynorsk», følgt av ei rekkje meldingar der heile innhaldet var «HAHAHA HA HAHAHA…».

– Men det er ikkje slik at alt er hets. Det er enkelthendingar som reflekterer kunnskapsmangel. Det er nok ein del som skvett litt til når dei ser nynorsk utanfor skulebøkene, understrekar 20-åringen, og legg til:

– Men nynorsk er like fint på Tinder som i lærebøker, dikt og teksting på tv.

«Så fin dialekt du har»

Mange meldingar Valvatne får tilsendt av innsendarar er kompliment av typen: «Så fin dialekt du har», der innsendaren må presisera at det er nynorsk. Andre igjen får automatisk spørsmål om dei er frå Sogn og Fjordane.

Valvatne meiner det er viktig at nynorskbrukarar ikkje vegrar seg for å skriva nynorsk på Tinder på grunn av kommentararne, men heller smører seg med tolmod og svarar på spørsmåla som kjem.

–  Tenk på at sjølv om du kanskje har fått spørsmålet mange gonger, så er det ikkje sikkert dei har spurt om det før. Ta deg tid til å svara, slik at dei kan læra noko, oppmodar Valvatne.

Lyst på fleire gullkorn? Her er fem favorittar frå «nynorsk_tinder»

Leiar i Målungdommen, Fredrik Hope, er glad for tiltaka for å betra kåra for nynorsken i Rogaland. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne

Leiar i Målungdommen, Fredrik Hope. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne

Sidemålsdebatten kan kome seinare

– Ein skal kunne sjekke på nynorsk utan at det vert ei stor greie av det, seier leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope.

Han synest Instagramkontoen «nynorsk_tinder» er veldig artig, samstundes som han viser fram ein del dårlege haldningar til nynorsk som ligg under og vakar.

– Det er mykje morosamt og artige kommentarar, samstundes så dukkar det opp ein del kommentarar og motstand som nynorskbrukarar får. Det er ein del pussige haldningar til nynorsk og dialekt som er viktig at kjem fram i lyset, meiner Hope.

– Kva er den beste måten å sjekka opp ein nynorskbrukar på?

– Det keisame svaret er at om du på død og liv må sei noko om nynorsk, så sei noko positivt. Det er kjekt med positiv respons, men du treng ikkje snakka om at nynorsk er så fint i dikt. Ikkje ta heile sidemålsdebatten første kvelden – den kan kome seinare, ler Hope.

Verbøying <3

– Kva er det beste sjekketrikset du har opplevd som nynorskbrukar på Tinder?

– Det er vanskeleg. Det var ein som skreiv noko sånt som: «Skal vi bøya nynorske verb utfor Ivar Aasen-tunet», som var fin, ler Valvatne.

Ei av dei hyggjelegare meldingane Anna Sofie Ekeland Valvatne har fått på målforma si på Tinder. Skjermdump: nynorsk_tinder