Mållaget kritisk til vurderingsordninga i ny læreplan i norsk

Noregs Mållag kritiserer forslaget om å slå saman halvårskarakteren i sidemål og hovudmål i 8. og 9. klasse og i Vg1 og Vg2.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den første skissa til ny læreplan i norsk blir presentert torsdag, og ein kan ane konturane av korleis norskfaget blir etter 2020.

– I sluttrapporten for eit forsøk med slik karaktersetjing står det at dette ikkje løyser problema i norskfaget, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Sidan hausten 2013 har svært mange skular testa ut denne ordninga. Men ein rapport om forsøket konkluderer med at forsøket ikkje har nokon effekt på læringa til elevane.

Startar seinare trass tilrådingar om tidleg start

Skuleleiarar som var med på forsøket seier at forsøket har gjort det mogeleg å utsette sidemålsundervisninga til 9. trinn. Dette trass i alle faglege tilrådingar om tidleg start med sidemål. Mållaget er uroa.

Rapporten er skriven av NIFU, og dei oppsummerer at forsøket ikkje løyser problema i norskfaget. Dei meiner at ein kan kutte vurderingsmengda utan å endre på karakterane i faget. Dei peikar på at det er lokale praksisar og krav frå skuleleiing som er grunnen til stor rettebyrde i norskfaget.

LES OGSÅ: Elevorganisasjonen rosar kutt i læreplanane

Nynorskelevane har ein anna situasjon

Mållaget peikar på eit anna problem som den nye skissa heller ikkje løyser. Det er at opplæringssituasjonen er svært ulik for nynorskelevar og bokmålselevar. Bokmålselevane ser språket sitt rundt seg heile tida, mens mindretalet som skriv nynorsk, treng i mykje større grad å få «bade» i sitt eige språk.

– Denne ubalansen må læreplanen ta høgd for, seier Magne Aasbrenn.

Nøgde med meir grammatikk

Men det nye læreplanframlegget har også positive sider, meiner Noregs Mållag.

– At elevane skal få god fagleg kompetanse i dei to norske språka, er heldigvis høgare prioritert enn det har verka tidlegare i læreplanprosessen, seier Magne Aasbrenn.

– Skriving av kreativ tekst er ute, og i staden kjem grammatikk og sjangerkunnskap tydelegare inn. Norrøne tekstar og den lange litteratur-tradisjonen er også tydeleg med, og gjennom heile planen blir det presisert at norskfaget omfattar både bokmål og nynorsk, avsluttar Aasbrenn.

Fakta: Fagfornyinga

I skissa til ny læreplan i norsk blir talet på kompetansemåla kutta til berre kring halvparten av talet i dag.

Kreative tekstar blir tona ned, i staden blir det meir akademisk skriving.

Elevane skal læra meir grammatikk.

Les meir om dei nye læreplanane her!