Enzym-hemmar i fôret skal gjere ku-rap meir klimavenleg

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik skal kua sin rap bli mindre klimafiendtleg

Det var NRK som først omtalte saka.

Saman med Nortura og Norges miljø- og biovitenskaplege universitet (NMBU) er Tine i gong med eit prosjekt der dei skal teste ut ein enzym-hemmar som kan gjere kua til ein mindre klimasyndar.

Meir klimavenleg ku

Ved å tilsette eit stoff i kraftfôret til kyrne, vil dei hemme enzymet som lagar metan i vomma på kua. Slik håpar dei å minske den negative klimapåverknaden ku-rap har.

Regjeringa har tidlegare advart om ein reduksjon i storfeproduksjon er nødvendig for å nå klimamåla. Ei meir klimavenleg løysing som enzym-hemmaren gjer at ein kanskje ikkje treng redusere produksjonen like mykje.

Les også: Fistelkyra på Ås lever med hol i magen

Reduserer metanutsleppa med opptil 60 prosent

Kua har fire magar. Det er i den første og største av dei, i vomma, at metangassen vert laga. Bakteriar bryt ned graset kua har ete, og dannar metangass. Meir enn 90% av metangassen kjem ut som rap, resten som promp.

I Canada har dei allereie prøvd ut det nye foret, og prøvane viser at metanutsleppa i ku-rapen går ned med 30-60 prosent.

Ifølgje NRK prompar eit menneske rundt 0,15 kilo metan per år, medan ei ku slepp ut omkring 140 kilo i året.

Det finst fleire måtar å redusere metanutsleppa frå kyr på. Les også: Forskarar fôrar kyr med tang for å kutte klima-rap

Fistelkyr, som ho her på Ås, lever med eit hol i magen. Holet gjer at det er mogleg for forskarar å følgje med på fordøyinga og metanproduksjonen til dyra. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Kan tidligast takast i bruk neste år

– Det ser ut til at dette stoffet ikkje påverkar kua si helse eller går ut over mjølke- og kjøtproduksjonen, seier forskar ved NMBU, Margrete Eknæs til NRK.

Enzym-hemmaren kan ikkje brukast i stor skala før den er godkjent av Den europeiske myndighet for næringsmiddeltrygghet (EFSA), noko som eventuelt vil skje etter 2020.

– Derfor er det viktig å kome i gang for å få kunnskap om korleis enzym-hemmaren verkar under norske forhold, på norske kyr og under dei fôringsregima me brukar her, sier fag- og systemsjef i Tine, Eirik Selmer-Olsen til NRK.

Kostnadane til prosjektet er forventa å vere på rundt 20 millionar kroner. Tine har søkt Norges forskningsråd om midlar, og får svar i løpet av vinteren.

Les også: Tidlegare slått kan gjera landbruket meir klimavennleg

Synest du klima og landbruk er interessant? Bli med på skrivekonkurransen om klima!

Kva er metan?

  • Metan er ein fargelaus, brennbar gass med kjemisk formel CH4
  • Metan vert rekna som den nest viktigaste klimagassen etter karbondioksid (CO2) 
  • Den har 25 gongar så stor klimapåverknad i atmosfæren som CO2
  • 60% av metangassen i atmosfæren kjem frå menneskeskapte kjelder som jordbruk, rismarker, søppelfyllingar, kol, olje og gass
  • Våtmarker, geologiske kjelder, havet og brannar er dei viktigaste naturlege utsleppskjeldene
  • Metan har ei levetid i atmosfæren på ca. 12 år, medan karbondioksid vert verande i hundrevis av år
  • Kjelder: miljøstatus.no og WMO