Ingemund (17) er avhengig av rullestol – no kan han køyra traktor

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Suldalsposten. 

I førarsetet i den flunke nye traktoren sit 17 år gamle Ingemund Kvæstad. Nokre meter frå traktordøra står rullestolen han er avhengig av til dagleg. Ingemund er fødd med ryggmargsbrokk og er lam frå livet og ned.

Han kikkar på detaljane, støttar hovudet på handa og gliser. Det luktar nytt, ein kan spegla seg i lakken, glasa er blankpussa, og dekka har endå ikkje fått ein einaste skitflekk på seg.

1 av 5 unge bønder kjenner seg einsame. Les om prosjektet som skal redda unge bønder si psykiske helse!

Stor dag for to stykk Ingemund Kvæstad. Nå blir det nye traktortider på garden.

Nøgd arbeidskar

Det er vanskeleg å slutta og smila. Også for far Ingemund.

Denne veka kjem ny traktor til gards, ein som både han og sonen kan køyra. Far med føtene på gassen, bremsen og kløtsjen, og sonene kan gjera dei same funksjonane med handa.

– Den kjem i alle fall til å bli brukt, kan den unge sjåføren slå fast.

– Men eg må venta ei veka før eg får prøva den heima. Pappa skal til Syden. Men når foreldra er heima igjen, då blir det tur ut på ekrene.

Han viser spesialinnretninga som gjer at han med høgrehanda kan gi gass, bremsa og kløtsja. Traktoren, ein John Deere 5125R, har både manuelt og automatisk gir.

Sidan januar, då kjøpskontrakten vart signert, har han gått og venta på denne dagen.
Ingemund, som går andre året på vidaregåande på industriteknologi, svarar så godt han kan til dei tre journalistane som svirrar rundt inne i hallen til Felleskjøpet i Haugesund.

Amerikanaren John Deere med 125 hestekreftar, overtar etter ein Valtra, eit merke dei har hatt 17 år på garden. Dei 16 åra før det har det vore Massey Ferguson.

Lærekøyring

Nå blir det lærekøyring og traktorlappen som neste store ønske.

– Kanskje klarer eg lappen før jul. Han ser bort på faren, som først vil ta ein ting om gangen.

– Du må nok kjøpa ein til, du kjem ikkje til å få køyra denne du nå, spøkjer dagleg leiar Nils Olaf Osnes frå Rico-gruppen til Ingemund den eldre. Rico er firmaet som har hatt oppdraget med å laga utstyret slik at unge Ingemund nå kan køyra og ta del i gardsarbeidet.

Osnes seier at denne type oppdrag er av dei sjeldne. Men ei gleda å sjå at det går an, ofte med små justeringar, å få det til.

– Alt går, legg han til.

Kake og feiring hjå Felleskjøpet ved overleveringa av traktoren.

John Deere-kake

På eine bordet står det marsipankake med John Deere-logo, kaffi og brus.

Det er ikkje kvar dag at ein overleverer ein traktor som er bygd for at også ein utan funksjonsfriske føter fint kan køyra den.

Pappa Ingemund fortel at han i mange år har tenkt på å få til ein traktor også sonen kan bruka. Kjøp av ny traktor er framskunda med nokre år. Han såg at nå var tida inne.

– Det har kverna i hovudet mitt, men i fjor haust kontakta eg Magnus (Lunde Bakka red. merk).

– Kan det la seg gjera? spurte eg han.

Suldølen og salskonsulenten tok spørsmålet med vidare til sjefen.

Det gjekk ikkje mange dagar før Gunnar Klausen i Haugesund tok kontakt med Kvæstad og fortalde at han hadde kopla på karmøyfirmaet Rico Gruppen. Dei var klare.

– Dagen etter tok me med ein demo-traktor ut til dei for å ta ein kikk på om dette let seg gjera, fortel Klausen, som er salsleiar i Nord-Rogaland.

Enkelt. Eg treng ikkje bruka makt, er Ingemund sin første kommentar etter å ha prøvekjørt traktoren på asfalten utanfor forretninga.

Prøvetur

Alt går, var innstillinga hjå Rico, som tok utfordringa på strak arm. Ingemund kan ikkje få skrytt nok av servicen og velvilje dei har blitt møtt med.

Han jekkar opp korken på ei flaske med Solo og gir den til sonen.

Tilpassinga i traktoren har ein prislapp på i underkant av 50 000 kroner. Far Ingemund er glad for at dei vart tildelt 10 600 kroner frå Suldal kommunes legat for sosiale formål. Resten av summen finansiert av eiga lommebok. Dei var i kontakt med NAV, men signala derfrå var at denne forma for tilrettelegging ikkje kom innunder noko statleg støtteordning.

– Kan me prøva den, spør Kvæstad og ser bort påKlausen som nikkar og smiler.

Garasjeporten går opp og far og son ryggar den ut på den våte asfalten. Den yngste set seg i førarsetet, girar og gir gass.

Les intervju med Olav Johan Dale (27) frå tv-serien «Brøyt i vei»: – Eg ville aldri takla å jobba på kontor