Maria (23) lagar fuglar av plasten som tek livet av sjøfuglane

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 10.05.2019 09:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei matar ungane sine med plast, som dei trur er makk. Det er berre utruleg trist kva dei gjer med naturen, for det vert jo ikkje brote ned, seier Maria Victoria Hansen.

For 23-åringen frå Rogaland har kampen mot plastforureining blitt ei viktig kampsak. Ho er kvinna bak merkevaren «Trashybirds» – kunstferdige plastfuglar laga utelukkande av materialet som trugar tilveret deira.

– Dei er jo så vakre, men dei har eit veldig sterkt bodskap, seier mentor Jofrid Bru Stauland.

Ho driv Hedleshaug, som er ein kreativ verkstad på på Bru. Der jobbar 23-åringen tre dagar i veka med å skapa fuglar av plast plukka frå strendene.

Les også om Aurora (20): – Arktis er verdas beste klasserom!

Frå WWF til Tall Ship Races

Då ein av fuglane signert MV fann vegen inn på kontoret til Verdsnaturfondet (WWF) sine lokale i Oslo tok det for alvor av. Det skjedde etter at Hansen sendte ei Instagram-melding til organisasjonen om kva ho dreiv med. WWF likte engasjementet så godt at dei kjøpte ein lundefugl.

– Eg vart kjempestolt, smilar kunstnaren.

Ein av desse lundefuglane har landa hjå WWF:

Løn for strevet

Deretter har det gått slag i slag. Under Tall Ship Races i fjor hadde «Trashybirds» salsutstilling i Stavanger der deler av inntektene gjekk til inntekt for WWF. Og då Fredrik Hermansens minnefond inviterte til Plastikk Fantastisk – Konferanse om marin forsøpling vart Maria Hansen invitert til å delta med utstilling.

Framleis går ein del av salsinntektene til WWF. For fuglar kjøpt av privatpersonar går ti prosent av inntektene til WWF. For bedriftskundar, som betalar meir, går halvparten av inntektene til den Verdsnaturfondet.

Til no har ho seld kring 50 fuglar, noko ho har god oversikt over. 23-åringen melder nemleg ifrå til NAV kor mykje ho tener. Då får ho litt trekk i uføretrygda, men ikkje så mykje at det svir.

– Det skal løna seg å jobba, understrekar Maria Victoria Hansen.

Les også reportasjen om 23 år gamle Nellie som er så entusiastisk for mose at ho danka ut 2400 andre for ein jobb i BBC.

Angstproblematikk

Sjølv om Maria Victoria Hansen er uføretrygda jobbar ho med å skapa fuglekunstverk tre dagar i veka, men vegen hit var ikkje beint fram.

– Eg gjekk på design og handverk på vidaregåande fordi eg visste eg ville ha ein type kunstutdanning, men eg visste ikkje heilt korleis eg skulle koma meg dit, seier Maria Victoria Hansen.

På VG2-linja design og tekstil fann ho ut at symaskinen ikkje var hennar beste ven, difor valde ho å satsa på omval slik at ho kunne få fagbrev som blomsterdekoratør.

Det nye linjevalet på Godalen vidaregåande skule passa ho mykje betre, men på grunn av angstproblematikk var læretida i butikk eit stort hinder for 23-åringen.

– Eg treivst veldig med blomsterdekorasjon, fordi ein kan lage mange uttrykk med blomar, men det er veldig press på dei som jobbar i ein blomebutikk at du må stå framfor kunden og jobba, forklarar Hansen.

Maria Victoria Hansen (23) har teke føringa i kunstprosjektet «Trashybirds», som oppstod i samarbeid med mentor Jofrid Bru Stauland. Her står dei med «verdas giftigaste slange».

Les også: Kva kan vi gjere med plast i havet?

Draumen om taksidermi

Løysinga på praksisplassen kom då Jofrid Bru Stauland, som tidlegare hadde vore vikarlærar på linja for blomsterdekorasjon ringte Bergeland vidaregåande skule for å høyra om dei hadde nokre elevar som var litt skuleleie og kunne tenkja seg ein praksisplass ein gong i veka. Det viste seg å passa den kreative eleven midt i blinken.

– Det var i 2013, så Jofrid har vore mentoren min i ganske mange år no. Her har eg lært utruleg mykje. Eg berre trivest frå dag ein, smilar Hansen.

Maria har òg vore inne på tanken om yrket som taksidermist – altså ein som jobbar med å stoppe ut dyr. Ho fekk difor tre månaders opplæring i faget ved museet i Stavanger. Slik fekk ho ein unik kompetanse på dyreanatomi, som skulle visa seg å bli nyttig seinare.

– Eg har alltid hatt ei sær interesse for utstoppa dyr og skallar og plukkar mykje av det med meg når eg går på tur og leitar etter plast, smilar Maria, som har ei heilt utruleg samling av det ho kallar raritetar heime.

Les også: Kristoffer sitt portrett gjekk viralt – no vert det utstilling

Gratisressurs

Mentoren sitt engasjement for gratismateriale smitta over på eleven, som no har skapt seg sin heilt eigen signatur som etter kvart har fått mykje merksemd.

For då Maria fekk svart ståltråd i nevane vart det til favorittfuglen ramn. Seinare har ho vidareutvikla konseptet med plast som er plukka i Bruhalsen, ein liten halvtimes spasertur frå verkstaden.

– Me plar å henta ganske mykje når me er ute.  Det er utruleg trist at det er så mykje, men eg tenkjar at når det er ein ressurs i naturen som er der og ikkje skal vera der, så er det veldig greitt å kunna bruka han til noko, seier 23-åringen.

Maria Victoria Hansen viser fram ei hettemåke.

Les også om 25 år gamle Martin som jobbar i CERN, der forskarane freistar å løyse dei største gåtene i universet.