Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

BBC Earth var på jakt etter ein formidlar som skulle lage vitskapsfilmar til YouTube-kanalen med 3,6 millionar følgarar. Dei fekk 2400 søknadar. Éin av søknadsvideoane handla om kor viktig og fantastisk mose er, og var sendt inn av 23 år gamle Nellie Henriette Nilsen frå Tromsø. Lidenskapen og entusiasmen hennar overbeviste BBC, og ho fekk jobben.

Korleis kan alle andre gå rett forbi?

– Eg skuldar på far min. Når eg var liten drog han fram ei eventyrbok om planter og feane deira. Eg vart heilt fascinert.

For Nellie har alltid vore glad i naturen, spesielt i dei små tinga ho kunne studere nøyare.

Foto: Privat

Nellie fekk tidleg hjelpe til i mormora sitt blomsterbed, og seinare kravde ho å få eit eige. Ho storkosa seg i bedet og fann roen når ho luka. Verken familie eller venner var like oppslukt av plantene som Nellie. Alle andre gjekk rett forbi, kvifor fekk dei ikkje med seg alt det fine?

– Spesielt blomsteren sildre fanga meg. Den hadde bittesmå blomstrar, og om ein gjekk nære nok kunne ein sjå små, fargerike prikkar inni blomstrane.

Ho byrja etterkvart å jobbe i blomsterbutikk, men ville lære meir. Derfor utdanna ho seg til produksjonsgartnar, men ville framleis lære meir. Då ho fekk vere med ein landbruksgartnar i ei veke, fann ho ut ville eksperimentere meir. Året etter flytta ho til Oslo og begynte på biologistudiet der ho fekk reise på felttur.

– Å ha professorar som dreg opp den eine planta etter den den andre, og forklarar og fortel. Nei, då var det gjort altså!

Foto: Privat

Mosemaster, sjølvsagt

Ho har no fullført bachelorgraden i biologi og skal i gong med ein mastergrad i Trondheim. Den skal handle om mose, sjølvsagt.

– Eg er allereie i gong med eit lite prøveprosjekt der eg tek DNA-prøvar av mose. Førebels gjev eg resultatet to stjerner. Men berre vent!

Draumen er å bli moseforskar. Eller helst moseprofessor.

– Min David Attenborough er Kjell Ivar Flatberg, som har skrive boka Norges torvmoser. Han har funne så uhorveleg mange nye moseartar. Det finst så mykje vakkert der ute!

Og verda treng fleire moseforskarar, ifølgje Nellie.

– Det er kjempenyttig å vite kor mosen veks og kva påverknad klima og fukt har på den. På den måten kan ein forutsjå om det går bra med mosen i framtida eller ikkje. Før ein skal bygge ut bustadfelt, må ein vite om ein pløyer vekk noko verdifullt.

Nellie røpar dei fire kulaste tinga ho veit om mose nederst i saka.

Foto: Privat

Les også om Stephen Hawking og sju av hans teoriar og tankar

Ein fot innanfor på BBC

– Om det går rett vest her skuldar eg på BBC, då skulle dei ha valt nokon betre, seier ho om den nye jobben.

– Men om det går heilt suverent tek eg det på mi kappe!

Filmplanane er nokolunde klare, dei ventar berre på klarsignal. Dei skal totalt lage fire filmar. Sjølve filminga tek til i mars/april og er det tromsøværingen gler seg mest til. Ho er van med å filme seg sjølv på YouTube-kanalen sin, men ikkje like van til å bli filma.

– Eg berre håpar eg klarar å formidle den entusiasmen eg har! Det er fantastisk å få lov til å ha ein kanal der eg får vise kor kult naturvitskap er.

Ho vil ikkje røpe kva filmane skal handle om, men avkreftar ikkje mosemistanken heller. Kameragjengen håpar ho å få dradd med seg til Norge. Om filmane vert godt mottekne og folk likar det dei ser, er det ikkje umogleg at Nellie får halde fram på BBC-kontoret etter at prosjektet er ferdig.

Her kan du sjå søknadsvideoen hennar om torvmose:

Det tek berre ein time å fjerne det som har teke fleire hundre tusen år å lage.

Tre hundre år gamal mose kviknar til igjen

Medan ho ventar på klarsignal på filminga, jobbar ho som driftsteknikar på NTNU i Trondheim. Når Framtida.no ringer, held ho på med ein moseprøve frå 1896.

– Me har mykje meir enn me har oversikt over. Denne her fann eg i ein gamal støvete kasse, så no må eg få den registrert!

Og med me, meinar ho herbariet. Eit slags plantebibliotek, der vitskapsfolk og instutisjonar kan låne planteprøvar. Om forskarar i California er på jakt etter norsk torvmose, kan dei få tilsendt ein prøve i posten, i staden for å måtte setje seg på flyet og finne mosen i skogen sjølv.

For at forskarane på herbariet skal ha best mogleg oversikt, er dei avhengig av at folk sender inn bilde av kva dei ser kor. På artsdatabanken kan alle bidra til botanisk forsking.

– Om me ikkje veit kva me har, kan me heller ikkje seie kva som er truga eller ikkje. Derfor blir me veldig glad når folk registrerer funna sine!

Torvmose. Foto: Bernd Haynold – CC BY-SA 3.0

Les også: – Vi fjernar oss frå naturen sånn at vi blir sjuke. Det trur eg ikkje vi skal undervurdere

«Ein må ikkje tulle med plantene»

Og det er ikkje berre Nellie som set pris på mosen. Det gjer alle oss andre også, men kanskje ubevisst. Torvmoseslekta binder nemleg meir karbon enn noko anna plantetype. Om ein fjernar den, frigjer ein altså enorme mengder CO2.

– Mosen er landjorda sine muslingar og er utruleg viktig. Ikkje berre har me torvmose som lagrar sinnsjuke mengder karbon, men me har også utrulege mengder mose som tek opp svevestøv frå bilar og toksiske stoff frå lufta.

Både mose og lav er hardføre og primitive planter. Medan lav toler tørke bra, er mosen ekspert på å takle fukt. Faktisk så god at den hindrar flaum. Mose syg til seg vatn som ein svamp når det regnar, og blir det tørke, har den som oftast vatn på by på, slik at skogen ikkje tørkar ut.

Dei største truslane for mangfaldet av mose i Norge er tap av habitat og uttak av torvjord.

– Torvmosen veks utruleg seint, knapt nokre centimenter i året, og når den blir komprimert sit ein igjen med skarve ein millimeter med torv. Det tek berre ein time å fjerne det som har teke fleire hundre tusen år å lage.

Foto: Privat

Fire ting du ikkje visste om mose

Nellie er hemmelegheitsfull når det kjem til sjølve prosjektet, men nølar ikkje med å dele nokre fakta om favorittarten sin: mose.

  1. Mose er tornerose: Når mose tørkar ut, legg dei seg berre til å sove, uavhengig om det går ein time eller førti år til dei får vatn igjen. Tre hundre år gamal mose har kvikna til og begynt med fotosyntesen igjen når den fekk vatn.
  2. Mose finst i alle formar og fasongar: Nokre gongar må ein bruke mikroskop for å sjå at mosen er ein organisme i det heile teke. Men «kusina» til bjørnemose som ein finn mykje av i norske skogar, kan bli opptil 1 meter (!) høg. Og då er det ikkje snakk om at den støttar seg på noko.
  3. Du kan ete mose: Iallfall nokre av typane. Rosemose ser ut som ein rosett på skogbotn og smakar ifølje Nellie som sukkererter. Den kan ikkje forvekslast med så mange andre typar, men: – Tell blader! Om den har færre enn 16 blader er det berre å ete og kose deg. Men har den fleire, er den trua, og då må du logge den på artsobservasjonar, oppmodar ho.
  4. Mosesporer krysser Atlanterhavet heile tida: Mosen slepper ut bittesmå sporer for å formeire seg. Til trass for storleiken og at dei ikkje tolar saltvatn, kryssar sporene Atlanterhavet heile tida. Korleis i all verda klarar dei det? – Me veit ikkje. Er det med vinden, eller kanskje mellom fuglefjøra? Det er derfor me treng fleire moseforskarar!, avsluttar Nellie.

    Rosemose (rhodobryum roseum) kan du ete!