Aurora (20): – Arktis er verdas beste klasserom!

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 16.02.2019 19:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg følte at eg lærte noko kvart sekund. Eg meiner at Arktis er verdas beste klasserom! Eg møtte så utruleg mange inspirerande folk og opplevde eit Arktis eg aldri kunne ha førestilt meg frå eit «vanleg» klasserom.

Det skriv 20 år gamle Aurora Eide frå Sandane i Sogn og Fjordane i ein e-post til Framtida.no.

Les også om Oda Linnea Iden (20) som er på tokt i Antarktis!

Aurora Eide testa badetemperaturen i Arktis. Foto: Natta Summerky

Kandisk ekspedisjon

I dag studerer ho engelsk litteratur ved University of Glasgow, men dei to siste åra på vidaregåande studerte ho marine science på Pearson United World College i Canada. Det var læraren hennar der som anbefalte ho å søkja Students on Ice.

Den kanadiske organisasjonen har sidan dei starta med turane til Antarktis i år 2000 og Arktis året etter sendt over 3000 elevar, studentar og fagpersonar frå 52 ulike nasjonar ut i felt for å læra om polarområda.

17. februar er søknadsfristen for å delta på årets arktiske ekspedisjon, som startar frå Canada 23. juli og varar til 7. august.

Dei kring 120 ungdommane i alderen 14-24 år som får vere med får ekspedisjonen dekt av stipend, men må rekna med å sjølv betala for reisa til Canada.

Sjå bileta frå Oda si reise i Antarktis: «Pingvinar som hoppar og sym saman med bølgene. Flokkar av pingvinar på isflak som vi seglar forbi. Dei sklir nedover isen og klatrar opp igjen, for så og segle ned igjen.»

Aurora Eide (20) frå Sandane oppmodar eventyrlystne og sjølvstendige ungdommar som vil gjera ein forskjell om å søkja på Students on Ice. Foto: Natta Summerky

Livsomveltande polarekspedisjon

I alt har 10 norske ungdommar delteke på ekspedisjonane, ei av desse er Aurora Eide, som fekk ei oppleving for livet sommaren 2018.

– Då eg kom tilbake etter to veker var livet mitt snudd opp ned. Eg var full av opplevingar, tankar og følelsar eg aldri hadde hatt før. Det gjekk over all forventning! skriv Eide entusiastisk.

Ho skildrar ekspedisjonen som ei to vekers intens og lærerik reise der dei mellom anna møtte lokalsamfunn og såg natur og dyreliv på nært hald.

I tillegg deltok studentane på workshops og presentasjonar om mellom anna klimaendringar, berekraftsmål, inuitt-tradisjonar, forsking og kunst.

– Eg trur det viktigaste eg lærte er at ungdom kan utgjere ein forskjell i dagens samfunn. Eg vart utruleg inspirert av alle dei flotte menneskja eg møtte under ekspedisjonen, og det gav meg håp å sjå kor mye viljestyrke og engasjement som var planta i ungdommen eg møtte, skriv Eide. Foto: Natta Summerky

Vil vera ein rollemodell

– Eg trur det viktigaste eg lærte er at ungdom kan utgjere ein forskjell i dagens samfunn. Eg vart utruleg inspirert av alle dei flotte menneskja eg møtte under ekspedisjonen, og det gav meg håp å sjå kor mye viljestyrke og engasjement som var planta i ungdommen eg møtte, skriv Eide.

Aura Eide og Jukipa Kotierk vart vener på fjorårets ekspedisjon. Foto: Privat

Spesielt sterkt inntrykk gjorde møtet med Jukipa frå Nunavut, som seinare vart ei god venninne.

– Ho sa at det hjelper ikkje å ha gode intensjoner – det er handlingane i etterkant som tel, forklarar Eide.

20-åringen meiner opplevinga har gjort ho til ein betre person og gitt ho viktige verdiar som ho vil ta med seg i val vidare i livet.

I framtida ynskjer ho å vera ein forkjempar for klimasaka.

–  Eg ynskjer å gjera mitt beste for å vera ein rollemodell og inspirera andre til handling, skriv Eide.

The Ocean Endeavour er eit flytande klasserom, som tek Students on Ice til frontlinja for klimaendringane. Foto: Privat