På arbeidsplassen til Martin (25) prøver dei å løyse universets største mysterium

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hadde ikkje i sin villaste fantasi planlagt å jobbe på CERN

– Eg visste jo på førehand at det var ei svær greie og at det var mykje forskjellig som skjer her. Men at det skulle vere sååå svært og omfattande kunne eg ikkje sett for meg. CERN er som ein liten by!, fortel Martin Nordberg Kuntze (25) til Framtida.no på epost.

Kuntze kjem frå Steinkjer i Trøndelag, og er utdanna elektrikar og fagskoleingeniør. No jobbar han på teknologiavdelinga i CERN, den europeiske organisasjonen for kjernefysisk forsking i Sveits.

– Her er det ein eigen bensinstasjon, to bankfilialar, kiosk, postkontor, fleire restaurantar og kantinar, hotell, eige brannvesen, og eigen barnehage. Eg vart også overraska over kor mange unge folk som jobbar her, skriv han.

Martin N. Kunte testar ein overvakingsmodul til ein av de nye SVC-anlegga på eitt av laboratoria. Foto: Privat

Der er han på tredje månaden, tilsett som del av eit nytt program for nyutdanna. Han er ein såkalla «Fellow» og deltek i «Technician training experience». Ordninga er meint som ein mjuk start på karriera.

– Det inneber at eg har noko mjukare forventningar frå arbeidsgivar og litt meir pusterom til å ta meg tid til å faktisk lære det som går føre seg. I tillegg har eg franskkurs seks timar i veka. Eg har ein rettleiar som har mange år med erfaring og som kan hjelpe meg om det er noko eg ikkje forstår, fortel han.

Forskar på partikkelfysikk

Frå innsida av LHC tunnelen, 100 meter under jorda. Bildet er frå 2004, før den vart sett i drift i 2009. Foto: Juhanson/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0

CERN er ein internasjonal organisasjon for partikkelfysisk forsking som har hovudkvarter på grensa mellom Sveits og Frankrike.

Der har dei verdas største forskingssenter innan partikkelfysikk, kjernefysikk og kjernekjemi, med rundt 2600 heiltidstilsette. Organisasjonen vart stifta allereie i 1954, og har no 20 medlemsland.

CERN kan mellom anna skryte av å ha utvikla internett slik vi kjenner det i dag.

27 kilometer lang partikkelakselerator

Det forskingsstasjonen kanskje er aller mest kjent for, er likevel partikkelakseleratoren LHC, Large Hadron Collider.

Det er ein sirkulær partikkelakselerator, ein tunnel som ligg langt under jorda og som er om lag 27 km lang. I tunnelen blir proton akselererte til tett opp mot lyset si hastigheit for så å kollidere i svære detektorar.

Målet med den gigantiske akseleratoren er å finne nye partiklar eller fenomen som hittil ikkje er oppdaga.

Her ser du omkrinsen av den underjordiske forskingstunellen Large Hadron Collider, som strekker seg over 27 kilometer, mellom Sveits og Frankrike. Denne videoen gir eit bilde av korleis prosessen i partikkelakseleratoren fungerer:

Forskingsstasjonen har nesten 8000 vitskapsfolk og ingeniørar frå 80 forskjellige land.

– Det er ein kjempestor arbeidsgivar. Her i Géneve jobbar det folk i alle tenkelege yrke. Det krev eit enormt støtteapparat å drive verdas største maskin. Helsepersonell, brannvesen, kokkar, fysikarar, teknikarar, mekanikarar, ingeniørar, lærarar, ja alt mogleg!, fortel Kuntze.

I tillegg til jobbane ved stasjonen er det òg mange arbeidsplassar andre stader i verda som er knytt til forskinga som går føre seg i CERN. Ikkje langt frå kontoret til Kuntze ligg til dømes kontrollrommet for Alpha Magnetic Spectrometer, ein partikkeldetektor som leitar etter mørk materie og som er stasjonert på den internasjonale romstasjonen.

Har ikkje angra eitt sekund på at han vart elektrikar

Da Kuntze bestemte seg for å bli elektrikar, var det nysgjerrigheit som fekk han til å ta valet.

– Det var noko eg ikkje hadde peiling på i det hele tatt. Kva er eigentleg straum? Kor kjem det frå? Kvifor gjer det så innmari vondt? I ettertid har eg ikkje angra på valet eitt sekund. Det er ein bransje med ekstremt mange vegval og moglegheiter for spesialisering.

I elektrikarfaget var det spesielt meistringsfølelsa han likte.

– Ein hjelper nokon med utfordringar dei ikkje kunne klart sjølve eller ferdigstiller eit prosjekt ein har jobba lenge med. Det er med ei viss spenning ein står der ved hovudbrytaren for å sjå om det blir lys eller om det eksploderer!

Les også: Jobbhuset skal gi ein «kickstart» ut i arbeidslivet

Bestemte seg på dagen for å søke seg til CERN

Etter å ha jobba ei tid som elektrikar, bestemte han seg for å bygge på med fagskoleingeniørutdanning på Trondheim Fagskole. Like etter at han byrja å studere der, kom det tilsette frå CERN på besøk for å fortelje om jobbmoglegheitene hos dei.

Der og da bestemte Kuntze seg for å jobbe hardt for å få jobb der etter studia.

– Eg vart veldig fascinert og bestemte meg på dagen, fortel han.

Sjølv om søknadsprosessen var lang og utfordrande, oppmodar han alle som har lyst til å legge inn ein søknad til «Technician training experience»-programmet hjå CERN:

– Det krev at ein set av ein del tid og energi til det, men det er på ingen måte uoppnåeleg. Sjølv har eg, ironisk nok, strykkarakter i fysikk fra vidaregåande.

– Kva ønsker du å lære vidare der og få ut av opphaldet?

– Eg har aldri jobba med høgspenning før, så for meg blir det ei heilt ny verd. Uansett er eg heilt sikker på at eit opphald her nede vil resultere i mykje ny kunnskap, skriv han.

Han legg til at det var eit sjeldant høve for å komme seg til utlandet og oppleve noko heilt nytt.

Les også: Fleire yrkesfagelevar får lærlingekontrakt

Jobbar med elektriske kraftomformarar

Kuntze jobbar i teknologiavdelinga med høgeffekts, elektriske kraftomformarar. Han jobbar mest med såkalla statiske volt-ampere reaktiv kompensatorar, eller SVC-anlegg. Han fortel at det er anlegg som blant anna stabiliserer spenninga i partikkelakseleratorane.

– Protonane i akseleratorane blir guida fram til kollisjonspunktet ved hjelp av kraftige magnetar med ein ufatteleg presisjon. Utan SVC-anlegga ville vi hatt alt for store variasjonar i spenninga til å utføre eksperimenta fordi presisjonen ikkje blir god nok, forklarer Kuntze, og legg til at CERN bruker vanvittig mykje straum.

Kuntze tek ein oljeprøve frå en transformator. Dei analysererer oljeprøvane og vurderer forskjellige parameter som syreinnhald, viskositet og dielektrisk haldfastheit. Foto: Privat

Oppgradering av akseleratoren

I desember vart eksperimenta i akseleratoren avslutta for no, og akseleratoren skal verte oppgradert til HL-LHC, High Luminosity – Large Hadron Collider. Det inneber at dei skal auke energien i akseleratorane. Og da behøver dei fleire SVC-anlegg.

– Min jobb blir i hovudsak å passe på at utbygginga av desse anlegga går rett for seg med forskjellige handtverkarar, HMS på byggeplassen, leveransar, logistikk, gjere kontrollmålingar, bestille utstyr og transport og å installere programmerbar logisk styring for dei nye anlegga.

– No i haust, før oppstarten av desse prosjekta, har eg òg jobba ein del med oljetransformatorar. Det er om lag 50% kontorarbeid og 50% ute i felten, noko som passar meg heilt utmerka, skriv han.

Internasjonalt miljø

At det er eit internasjonalt arbeidsmiljø er i tillegg til forskinga noko av det mest spesielle med arbeidsplassen.

– Språket er kanskje ei av dei største utfordringane, samtidig som det er noko av det mest givande, fortel han.

– Eg møter nye folk stort sett kvar dag og lærer nye ting om forskjellige land og om kulturen deira. Sjølv om det foregår mykje spennande forsking her på CERN er det kanskje alle folka som er mest spennande.

Frå lunsjpause med nokre av deltakarane på franskkurset. Fordi mykje av kommunikasjonen føregår på fransk, har Kuntze franskundervisning tre gongar i veka. Foto: Privat

– Geneve har mykje spennande å by på og naturen rundt er jo verdskjent. Dei fleste er i same båt og det er alltid eit eller anna som skjer, ein fjelltur, fest eller aktivitet som går for seg.

Kuntze bur i ein liten by som heiter St. Genis Pouilly som ligg på fransk side av grensa, om lag 5-10 minutt med bil til jobb.

– Det er ein idyllisk, kjempefransk by med alt som høyrer med: Ostebutikk, små nisje-butikkar og baguettar overalt.

– Klimaet her er dessutan helt nydeleg for ein frossen trønder. Frå verandaen har vi utsikt til Mont-blanc og alpane på den ene sida og Jura-fjella på den andre sida. Nesten like vakkert som Fosen- Alpane, meiner Kuntze.

Les også: Fleire elevar vel yrkesfag