Kristoffer sitt portrett gjekk viralt – no vert det utstilling

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det heile byrja med at den svenske kunstnaren Kristoffer Zetterstrand såg eit bilete på nettsamfunnet Reddit der ein brukar hadde lagt ut eit bilete av mor si med teksta: «Mor mi måla dette og sa at ingen ville like det. Dette er hennar andre maleri».

Brukaren «Gaddafo» la ut dette biletet han hadde fått av mor si på Reddit. Skjermdump frå Reddit

Kvinna på fotografiet er læraren Cindi Decker frå Florida. Ho sendte bilete av sitt andre kunstverk til sonen, som på Reddit har brukarnamnet «Gaddafo».

Les også: Ivanka Trump reagerer på støvsugande kunstverk

Inspirerte kunstnarar

– Eg såg det og tykte det var litt søtt. Eg tok bildet og måla det ganske fort og etterpå tok eg eit bilete av meg sjølv med måleriet og la det ut på Reddit, forklara han Zetterstrand til SVT Nyheter.

Reaksjonane lot ikkje vente på seg i form av kommentarar og veldig snart hadde neste Reddit-brukar kasta seg over staffeliet:

«Took a while and not perfect, but i painted the guy who painted the other guy’s mom,» skreiv brukaren «lillyofthenight». Skjermdump frå Reddit

Måleriet har inspirert mange til å jobbe vidare med det som på fagspråket vert kalla droste-effekten, nemleg eit bilete som inneheld ein mindre versjon av seg sjølv og fortset innover.

«I painted the girl who painted the guy who painted the other guy’s mom who painted an egret, » skriv seamuswray. Skjermdump Reddit.

Eit flettverk av kunstverk

Nokon har til og med laga ei oversikt over korleis dei ulike versjonane har forplanta seg nedover.

Måleria som for lengst har gått viralt har vorte omtalt i både BBC, Washington Post og norske Nettavisen.

– Det er mange som har uttrykt at det er oppløftande. Eg trur det finst eit stort behov for positive saker heilt utan ironi, politikk og utan nokon form for bedømming involvert, seier kunstnaren til SVT Nyheter.

Brukaren «Caleebies » lot seg inspirera lenger ute i rekkja. Skjermdump Reddit.

Tekniska museet vil visa nettkjærleik

Tekniska museet i Stockholm har merka seg trenden og planlegg no å laga ei utstilling av heile tråden av kunstverk.

– Det er så mykje om hat på internett, då kjennest det bra å kunne gjera noko på nettkjærleik òg, seier kommunikasjonsrådgjevar Calle Ros-Pehrson til SVT Nyheter.

Heim til Florida

Og kva synest kunstnar nummer to i rekkja sjølv om måleria?

«De er fina :)» skriv Zetterstrand i ein e-post til Framtida.no.

Og når det gjeld biletet til Kristoffer Zetterstrand har det fått ei heilt spesiell plassering. Førre veke la nemleg Reddit-brukaren som starta oppstyret ut eit nytt bilete av mor si:

Brukaren Gaddafo oppdaterte Reddit med eit nytt bilete av mor si og teksta: «Det kom». Skjermdump Reddit