Repparfjord eller Repparfjorden?

Janne Merete Bøyum
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Både miljøorganisasjonar, ungdomsparti og fleire har engasjert seg stort etter at regjeringa førre veke gav NUSSIR driftskonsesjonen dei treng for å starte med gruvedrift og sjødeponi i Kvalsund.

På Twitter kom det opp ei anna sida av temaet: Kva heiter eigentleg fjorden dei har tenkt å dumpe gruveavfallet i?

Leiar i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord, leia fredag fleire hundre demonstrantar som  lovar å gjere det vanskeleg for gruveselskapet i Repparfjord.

Den nyoppstarta klimaorganisasjonen «Extinction Rebellion» skriv «redd Repparfjorden».

Heiter det Repparfjord eller heiter det Repparfjorden? Natur og Ungdom skriv Repparfjord. Men snakkar dei om fjorden eller er det ein plass også?

Les også: – La fjorden leve

Språkrådet seier:

– Er du usikker på stadnamn så er det som regel i bestemt form. I alle fall om det er fjord- eller fjell-namn, og alle nyare namn har i all hovudregel bestemt form, seier Daniel Ims, seksjonssjef i Språkrådet. og legg til:

– Repparfjorden, altså den bestemte forma, er einaste forma som står i Kartverket.

Statens kartverk sine former er dei som alle offentlege etatar skal følgje etter loven om stadnamn. Namnet har òg det offisielle nord-samiske namnet Riehpovuotna.

Les også: Stjernekamp-Ella rasar mot gruvedeponi

Usikker? Sjekk Kartverket.

Framtida.no tek ein telefon til Kvalsund kommune for å høyre kva dei lokale seier:

– Vi seier Repparfjorden om fjorden, men landområde heiter Repparfjord, seier Linda Kaspersen, sekretær i Kvalsund Kommune.

Ho meiner difor at skal ein lage plakatar om å ikkje dumpe i fjorden, må ein skrive i bestemt form. Daniel Ims frå Språkrådet seier at det av og til skjer at media skriv feil namn.

– Ofte når det er eit namn som er ukjent for heile landet, så er det ein journalist som skriv feil, og då spreier det seg, seier Ims.

Tipset hans om du er usikker er å sjekke Kartverket.

Les også: Natur og Ungdom om regjeringsplattforma: – Ikkje verd papiret den er skriven på

Konklusjonen er:

Skal du skrive at dei dumpar noko, så er det ned i Repparfjorden. Men ein kan òg for eksempel vere i mot gruvedrift i Repparfjord.

Eller du kan unngå dilemma ved å bruke det nord-samiske Riehpovuotna.

På kartverket står det at det heiter Repparfjorden.
Foto: Skjermdump

Les også: Unge Venstre skal aldri gje seg i kampen om reine fjordar