– La fjorden leve!

Ina Rangønes Libak, Guro Vollan Nilsen, Sindre Hornnes, AuF
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Veka før påske aksjonerte vi saman med mange, blant andre Natur og Ungdom, utanfor Stortinget mot dumping av giftig gruveavfall i Repparfjorden og Førdefjorden. FrP og Høgre regjeringa har gjeve løyve til dumping av enorme mengder giftig gruveslam i dei nasjonale laksefjordane våre, og det kan vi ikkje akseptere!

I løpet av denne våren skal Stortinget behandle eit forslag om å stanse dumpinga av avfall i fjordane. Stortinget får med det moglegheita til å stille seg på den rette sida i historiebøkene.

Ina Rangønes Libak er nestleiar i AuF. Foto: Privat

Ina Rangønes Libak er nestleiar i AuF. Foto: Frida Ripland Moberg

Dette er vår tids Alta-sak! Vi kan ikkje godta at fjorden vår blir brukt som søppelplass for gruveindustrien! Opning for dumping av gruveavfall i Repparfjorden og Førdefjorden vil vere ein trussel mot desse nasjonale laksefjordane.

Miljødirektoratet seier at all botnfauna i området vil forsvinne som følgje av at avgangsmassar vert plassert på sjøbotnen i området som disponerast til deponi. Det er bekymringsverdig at sjødeponiet blir tillate til tross for dei alvorlege miljøkonsekvensane vi veit det vil ha for livet i fjorden.

Vi meiner Stortinget må gå inn for berekraftige løysningar for framtida, ikkje kortsiktig profitt! Vi må ha ein berekraftig bruk av fellesskapet sine ressursar. I framtidas mineralnæring må det settast gode miljømessige rammevilkår som inkluderer underjordsdrift, alternativ bruk av overskotsmassar og tilbakefylling av restmassen.

Om gruvedrift ikkje er lønnsamt under desse føresetnadane, må gruveselskapa berre vente til den blir det. Mineralane forsvinn ikkje. Vi kan ikkje ha ei forvaltning som gjer gruvedrift lønsamt ved å sende rekninga til fiskeri, reindrifta, turistnæringa og framtidas generasjonar. Når dei fleste av verdas gruvenasjonar klarar å utvinne mineral utan å dumpe avfallet i havet, burde vi òg klare det.

Vi har eit ansvar for å drive politikk ikkje berre for dagens samfunn, men òg for
morgondagens. Vi har eit ansvar for å etterlate verda litt betre til dei som kjem etter oss, enn den vi har fått nyte godt av gjennom vår levetid. Og vi har eit ansvar for å seie i frå når fjorden vår blir øydelagt. Det er på tide å forby gruvedumping i fjordar og innsjøar!

Ina Rangønes Libak, nestleiar i AUF,

Guro Vollan Nilsen, leiar i AUF i Finnmark,

Sindre Hornnes, leiar i AUF i Sogn og Fjordane