Ella Marie og Natur og Ungdom rasar mot regjeringa: – Repparfjordgruva vil bli ein miljøkatastrofe

Regjeringa opnar for den kontroversielle kopargruva i Finnmark.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire tusen vil lenke seg mot gruvedrift i Repparfjorden

Både miljøorganisasjonar og urfolkaktivistar har protestert mot kopargruva i Kvalsund kommune. No har Nussir fått alle løyva dei treng, og kan snart starta arbeidet med gruva.

Fjorårets «Stjernekamp»-vinnar Ella Marie Hætta Isaksen har vore sterkt engasjert i saka sidan 2014, og er éin av dei som vil lenkja seg fast for å hindra gruvearbeidet. Ho er også tidlegare leiar av Finnmark Natur og Ungdom.

– Eg har heile tida hatt eit lite håp. I dag er det håpet borte. Det gjer meg veldig sint og lei meg, seier ho til VG.

Gruva skal drivast i eit reindistrikt, og både distriktet, Landforbundet til Norske Reindriftssamar, og Sametinget har protestert kraftig mot etableringa av gruva. Det er vår-, sommar-, og haustbeite i distriktet, og over 8000 rein er gjennom området i løpet av eit år.

Jørgen Næss Karlsen er nestleiar i Natur og Ungdom. Foto: Eirin Torgersen/Natur og Ungdom

LES OGSÅ: Stjernekamp-Ella rasar mot gruvedeponi

Dumpar 30 millionar avfall i fjorden

Nussir har fått løyve til å dumpa 30 millionar tonn avfall i Repparfjord. Havforskningsinstituttet har rådd mot dumping av gruveavfall i fjorden.

– Det er ei heilt hinsides avgjerd av departementet og næringsminister Torbjørn Røe Isaksen. Alle miljøfaglege råd tilseier at dette vil vera svært alvorleg for livet i Repparfjord, men regjeringa berre køyrer på. Dette er ein miljøkatastrofe! seier Jørgen Næss Karlsen, nestleiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.

– Her viser regjeringa at dei på ingen måte bryr seg om natur og miljø. Repparfjord er ein nasjonal laksefjord, og er gyteområde for kysttorsk. Å dumpa 30 millionar tonn giftig avfall i fjorden er farleg, korttenkt og gammaldags. Dette er uhaldbart! seier Elise Sørensen, leiar i Finnmark Natur og Ungdom.

Så langt har 2900 personar meldt seg til ulydige aksjonar mot gruvedrifta, ifølgje NRK.

Elise Sørensen er leiar i Finnmark Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/Natur og Ungdom

– Me er trygge på at deponeringa ikkje vil skje med uakseptable verknader for miljøet og sjømatnæringen, seier Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Varslar aksjonar

Om gruva vert ein realitet er det mange som har varsla at dei vil bryta lova for å stoppa prosjektet. I 2016 aksjonerte over 100 aksjonistar mot Engebøgruva i Sogn og Fjordane, og då vart det gjeve over éin million kroner i bøter. No blir rasla det med lenkjer igjen, og det blir drege parallellar til Altasaka som var på 70- og 80-talet.

Sondre Hansmark. Foto: Beate Haugtrø

– Om dei byrjar å byggja gruva vil me lenkja oss fast og stoppa det. Gruva og dumpinga i fjorden vil valda mykje større skade enn det å bryta lova vil. Det meiner 2900 individ som har skrive seg opp på lista og sagt seg villige til å bryta lova, held Næss Karlsen fram.

Unge Venstre-leier Sondre Hansmark er éin som vil lenkja seg fast i protest mot regjeringa, og for å hindra gruvedrift i Kvalsund i Finnmark.

– No må me slutta med å dumpa fleire millionar tonn med drit i fjordane våre, seier Hansmark til NTB.

Les også: La fjorden leve