Stjernekamp-Ella rasar mot gruvedeponi

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er ei flink pike med to politiforeldre, og har stor respekt for norsk lov, men for meg er det ingen tvil – eg gjer nærmast kva som helst for å stoppe dette gruvehelvetet, skriv Ella Marie Hætta Isaksen, kjent frå Stjernekamp, i eit lesarinnlegg på NRK sine nettsider.

Saka ho protesterer mot, er det planlagde gruvedeponiet i Repparfjorden. Det er gruveselskapet Nussir ASA som har søkt om å få starte ei gruve ved Repparfjorden, med påfølgande dumping av gruveavfall i fjorden. Regjeringa skal avgjere saka før nyttår, og dersom gruveutvinninga får konsesjon, er det berekna at det vil innebere 30 millionar tonn giftig avfall i fjorden.

– 30 millionar tonn betyr 17 lastebillass i timen. I 20 år. Gruve-draumen til Erna er for meg eit forferdeleg mareritt. (…) Vi skal ikkje dumpe 30 millionar tonn gruveslam i ein nasjonal laksefjord, og det burde vore ei sjølvfølge!  skriv Hætta Isaksen i innlegget.

Isaksen meiner det kan bli ei ny Alta-sak, og trekker òg fram at Noreg er eitt av fem land som driv dumping av gruveavfall i sjø.

Les også: Ella Marie: – Stjernekamp har gjort meg sterkare

Bekymra for reinbeitedistriktet

Repparfjord. Foto frå Natur og Ungdom si heimeside.

I tillegg til eit omfattande fjorddeponi, ytrar Hætta Isaksen òg bekymring for reinbeitedistriktet som vil bli råka av gruvefeltet. Ho skriv at reinbeitedistriktet Fiettar 22 vil bli sterkt prega av gruvedrifta, og at området rundt Ulveryggen er eit område der over 8000 rein beitar årleg.

– Dette er svært kritisk for reindriftsnæringen, og det saboterer for samiske interesser som ønsker å holde tradisjonell kultur i live, skriv Hætta Isaksen til NRK.

Protestar frå ungdomsparti og Natur og Ungdom

Tidlegare i år har alle ungdomspartia bortsett frå Senterungdommen, Unge Høgre og Framstegspartiets Ungdom, saman med Natur og Ungdom kravd at Stortinget bør stemme for ei ny vurdering av gruveprosjekta ved Førdefjorden i Sogn og Fjordane og Repparfjorden i Finnmark.

Tidlegare denne månaden tala statsminister Erna Solberg om havet under sin tale til Agenda Nord-Norge i Svolvær. Blant temaa ho trakk fram, var miljøutfordringar som plastforsøpling og klimaendringar.

Natur og Ungdom reagerer på at Solberg i same tale trekker fram den planlagte kobbergruva i Kvalsund, der gruvemassane skal bli dumpa i fjorden, som ei positiv utvikling.

Meiner statsministeren talar med to tunger

Gaute Eiterjord er leiar i Natur og Ungdom. Foto: Anna Olerud/Natur og Ungdom

– Det er jo oppsiktsvekkande hyklersk av statsministeren å snakke varmt og følelsesfullt om kor viktig det er å ta vare på havet, før ho seinare hyllar rasering av norske fjordar, seier Gaute Eiterjord, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.

Han meiner den planlagde gruvedumpinga vil vere katastrofal for økosystemet.

– Eg må verkeleg heve augebryna når statsministeren først omtalar dei fæle bilda av Gåsenebbkvalen som stranda på Sotra, og deretter i positive ordelag omtala det å dumpe 30 millionar tonn giftig avfall i fjorden. Det hykleriet må vere rimeleg openbert for alle og einkvar, seier Eiterjord.

Les også: La fjorden leve