No kan du snart gå i Pride-parade i Sogn og Fjordane

Janne Merete Bøyum
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi er snart der at alle har ein parade å gå i sitt eige heimfylke, seier Ingvild Endestad, leiar i Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfald (FRI), til NRK Sogn og Fjordane, og held fram:

– Men det er lenge til vi kjem dit at vi ikkje treng å gå. Det er ein veg å gå til likestilling og alle rettar er på plass.

Les også: Da eg var tjue: Bjørn Hatterud stod fram som homo på 20-årsdagen

Nokon måtte gå først

– Eg håpar Pride i Sogn og Fjordane blir stor og bra, seier Ingvild Endestad i organisasjonen FRI til NRK. Foto: FRI

Pride-paradar er kjent frå byane, og kor mange arrangement og festivalar som finst totalt, har ikkje FRI oversikt over, men det byrjar å bli mange.

I mai i fjor arrangerte Ørsta/Volda den aller første bygdepride her i landet. Eit av hovudmåla dei hadde var å vise at det er blitt mykje greiare for skeive å bu på bygda. Minst 2000 menneske var med i paraden, ifølgje politiet.

I oktober mottok arrangørane likestillingsprisen for 2018 frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les også: «Bygdehomo» vender heim til Bygdepride

Signal på at samfunnet aksepterer

I helga heisa Gloppen kommune regnbogeflagget for første gang over heradsplassen.

– Det er eit signal på korleis samfunnet viser at ein aksepterer alle. Du skal ikkje bekymre deg eller vere usikker på legninga di, seier ordføraren Leidulf Gloppestad til Framtida.no.

Sandra Edith Tenud, som voks opp som homofil i Gloppen, vart både glad og overraska då ho såg på Facebook at heimkommunen hadde heisa to regnbogeflagg, men set eit mål om å måtte sleppe å markere det, og ønskjer at det blir kvardagsleg.

– Det er berre stoff med mange fargar liksom, men det symboliserar så mykje, seier ho til Framtida.no.

Sandra Edith Tenud håpar at å heise opp regnbogeflagget skal bli kvardagsleg.

Måndag 11. februar kom det ein rapport som seier at 23 prosent av LHBT-personar svarar at dei har vorte utsette for nedsetjande kommentarar eller hatefulle ytringar det siste året. Ordføraren hadde høyrt nyhenda på radio, og synest det var ufatteleg trist.

– Det viser kor viktig det er å vise offentlege synspunkt, og at slike haldningar ikkje er aksepterte. Det er ingen som øydelegge noko. Det verda treng er meir kjærleik, seier ordføraren.

Les også: – Ein må vere streit for å sei at «det er like greitt å vere homo» og faktisk tru på det

Frykta hat-rørsle

Ingvild Endestad trur det er fleire forklaringar på kvifor Pride spreier seg også i distrikts-Noreg, men noko skjedde etter at 50 personar vart drepne i eit angrep mot ein nattklubb for homofile i Orlando 2016.

– Mange vart redde for at slikt hat også kunne bli retta her heime. I tillegg ser ein oppblomstring av nazistiske rørsler som peikar ut homofile som hovudfiende, seier Fri-leiaren til NRK.

Les også: Hatar gud alle homofile?

Sjå video frå korleis det var på Bygde Pride i Volda/Ørsta: