Det er klart for tidenes første Bygdepride

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er to hovudformål med festivalen. Å vise at det er blitt mykje greiare for skeive å bu på bygda, og at Ørsta og Volda er eit samfunn som er ope og inkluderande, viser mangfald og kjærleik, seier Rune Sæbønes, som er styremedlem i Ørsta/Volda Pride.

For om lag eit halvt år sidan stilte Sæbønes og Anbjørn Steinholm Frislid seg spørsmålet om det ikkje var på tide å arrangere historias første Bygdepride i Ørsta og Volda.

Noko av bakgrunnen var at det den siste tida hadde vore ein del lesarinnlegg og presseinnlegg med negative haldningar mot homofile i lokalpressa i Ørsta og Volda.

– Vi visste at dei som skreiv desse innlegga var veldig få folk. Men det inntrykket som det skapte av Ørsta og Volda andre plassar, var at vi budde i eit lokalsamfunn som var veldig intolerant, noko vi meiner at det slett ikkje er, seier Sæbønes.

Dei lufta spørsmålet om ein Bygdepride på facebook, og fekk god respons, kalte inn til eit skipingsmøte, og oppretta eit styre i oktober 2017. Det var oppstarten til festivalen som brakar laus denne veka.

– Ut ifrå responsen, så ser det ut til at dette kjem til å ta fyr, seier Sæbønes.

Enormt god respons

Han fortel at det har vore ein enormt god respons rundt arrangementet, og at den har komme frå alle hald. No ventar dei mellom 500 og 1000 deltakarar på festivalen, dei fleste frå nærområdet.

Anbjørn Steinholm Frislid heiste det første Pride-flagget i Volda sist laurdag. Foto: Privat

Det skal arrangerast utandørskino, føredrag om skeiv lyrikk på nynorsk, bygdepride-parade gjennom Volda sentrum, Bygdepride-party på studenthuset i Volda og friluftskonsert i Laguneparken i Ørsta. Siste dag av festivalen kan ein både få med seg spinningtime og kyrkjekonsert i Volda kyrkje.

Høgdepunktet på festivalen er bygdeprideparaden som går gjennom gatane i Volda fredag ettermiddag. Kulturminister Trine Skei Grande skal vere med, og det er 50 lag og organisasjonar som har meldt seg på toget.

– Det er veldig kult! Det er politiske parti, fagforbund, idrettslag, og veldig mykje ungdom som har meldt seg på paraden, så det set vi stor pris på.

Sæbønes trur at den største forskjellen mellom ein Bygdepride og ein storbypride er at dei er mindre i omfang.

– Om vi hadde fått nokre få ungdommar til å gå i ein parade her, så ville vi vore veldig nøgde. At det er så mange er stor suksess. Vi veit ikkje før på fredag om ein parade i byen er meir laussluppen enn ein parade i Volda, men det tenker vi ikkje så mykje på. Hovudpoenget er at det blir ein parade på bygda, seier han.

Les også: Dronningane av Taiwan

Ei veldig haldningsendring dei siste 5-10 åra

Sæbønes seier at det eksisterer ei haldning og eit inntrykk av at det ikkje er greitt å bu på bygda som skeiv. Det inntrykket er feil, meiner han.

– For nokre tiår tilbake opplevde folk som var skeive at dei måtte flykte frå området for å kunne leve som heile menneske. Berre det å arrangere utekino i ei bygd med 200 menneske hadde for 15 år sidan vore utenkeleg med eit sånt tema.

Desse fire jobbar fram mot første Bygdepride i Ørsta/Volda. F.v.: Ingrid Kristine Sylte, Anbjørn Steinholm Frislid, Anne Martha Holsvik og Roy Aleksander Farstad i styret til Ørsta/Volda Pride. Foto: Ørsta/Volda Pride

– I løpet av dei siste 5-10 åra har det vore ei veldig haldningsendring. Det vil vi få fram, seier han.

I eit intervju med Klassekampen for om lag eit år sidan, fortel han sjølv om at serien «Skam» hjalp han sjølv ut av skapet, for berre eit og eit halvt år sidan. Da han sto fram, opplevde han støtta frå nærmiljøet som enorm.

– All støtta frå lokalsamfunnet er meir enn eg nokon sinne hadde forventa. Du går rundt og gruer deg, ikkje sant, og så får du berre positive tilbakemeldingar. Det har vore fantastisk.

På tide å vise folk at her er dørane opne

At det dei siste dagane òg har vore motdemonstrasjonar frå kristne konservative, bryr dei seg ikkje så mykje om.

– Vi meiner eigentleg at dei kan få halde på som dei vil, men det var på tide å vise både folk her og i resten av landet at her er dørane opne.

No, kort tid før festivalstart, er det travelt for styret i Ørsta/Volda pride. Dei siste dagane før festivalen har dei fått låne kontorlokale av Sunnmøre næringspark, der dei gjer dei praktiske førebuingane.

– Kva forventningar har de?

At vi skal ha ein flott festival først og fremst. At det skal bli gøy. Så håper vi at vi får samla masse folk. Det ser vi fram til, seier Sæbønes.