Ordføraren heisar regnbogeflagget: – Det verda treng er meir kjærleik

Janne Merete Bøyum
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Målet er ein gang å sleppe å måtte markere det. At det er kvardagsleg, seier Sandra Edith Tenud.

20-åringen, som definerer seg sjølv som homofil, er sjølv oppvaksen på Sandane i Gloppen kommune.

Sandra Edith Tenud håpar at ein skal sleppe å måtte markere, og kvardagsleg henge opp regnbogeflagget.

Ho vart både glad og overraska då ho såg på Facebook at heimkommunen hadde heisa to regnbogeflagg.

– Eg vart overraska fordi mange meiner det er unødvendig å gjere slikt, men mange ser på det som ein fin ting, og det betyr mykje for mange, seier ho.

Les også: Angola avkriminaliserer homofili

«Jævla homo» høyrer du framleis i skulegarden

Tenud seier ho var heldig med ein aksepterande familie, og eit inkluderande skulemiljø, men at det ikkje er alle som er like heldige, og opplever hets grunna legningen sin. Difor meiner ho det er viktig at flagget kan henge der.

– Det handlar om at folk, vener, og familie, skal skjønne at folk slit med det. At dei må lytte og vere rause, lage rom og akseptere, seier ho.

Regnbogeflagget er eit verdskjent symbol for LHBT-rørsla. Det symboliserer fellesskap og fridom til å definere sin eigen identitet, kjærleik og seksualitet. Foto: torbakhopper, Flickr Cc-commons

Ho kjenner fleire som har flytta til Sandane fordi Firda vidaregåande skule er kjent for eit inkluderande miljø, men fortel at det framleis er fleire som ikkje har kome ut av skapet, og opplever hets.

– I skulegarden for eksempel, så er “jævla homo” framleis kanskje det mest brukte skjellsordet. Eg har sjølv kalla folk for homo. Det var det same som å kalle nokon ein dust, seier ho.

Les også: Skeiv på Sørlandet

Berre stoff med mange fargar?

Bakgrunnen for flaggheisinga er at Gloppen kommune har eit landsbyråd som ein gong i månaden skal arrangere landsbylaurdag med aktivitetar for heile lokalområdet, og denne laurdagen var tema kjærleik.

Leidulf Gloppestad (SP) ville heise regnbogeflagget då tema var kjærleik på landsbydagane på Sandane. Foto: Senterpartiet (Sp)/Flickr/CC BY 2.0

– Det sa eg var bra, og det ville eg vere med på. Og då ville eg heise regnbogeflagget for å vise at alle er akseptert, seier ordføraren Leidulf Gloppestad.

Ordføraren hadde kjøpt flagga allereie i fjor, og venta på ein moglegheit til å henge dei opp. Han ser på flagget som symboltungt, og ei viktig markering.

– Det er eit signal på korleis samfunnet viser at ein aksepterer alle. Du skal ikkje bekymre deg eller vere usikker på legninga di, seier Gloppestad.

Tenud ser òg på flagget som eit sterk symbol.

– Det er berre stoff med mange fargar liksom, men det symboliserar så mykje, seier ho.

Les også: Er du usikker på termonologien? Sjekk regnbogeordlista anno 2018

Verda treng meir kjærleik

Måndag 11.februar kom det ein rapport som seier at 23 prosent av LHBT-personar svarar at dei har vorte utsettte for nedsetjande kommentarar eller hatefulle ytringar det siste året.  Ordføraren hadde høyrt nyhenda på radio, og synest det var ufatteleg trist.

– Det viser kor viktig det er å vise offentlege synspunkt, og at slike haldningar ikkje er aksepterte. Det er ingen som øydelegge noko. Det verda treng er meir kjærleik, seier ordføraren.