Da eg var tjue: Bjørn Hatterud stod fram som homo på 20-årsdagen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kor var du då du var 20?

Eg budde hjå mor og far i ei lita bygd nord for Brumunddal som heiter Veldre. Det vesle guterommet var fullt av bøker og vinylplater.

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Eg gjekk framleis på vidaregåande. Eg er fødd med funksjonshemmingar og hadde mykje fråvær frå skulen. Så skulle eg prøve å ta dei tre åra over lengre tid. Ei idiotisk avgjerd som rådgjevarar på skulen stod bak. Eg hamna i klasse med stadig yngre elevar og mistreivst.

Hugsar du kva som skjedde?

Eg gjekk rundt og var generelt deppa og misnøgd trur eg. Eg drøymde om eit anna liv der eg kunne gjere kreative og kule ting.

Bjørn Hatterud på besøk hos Abbey Road platestudio. Foto: Privat

Les også: Else Kåss-Furuseth: – Eg har liksom erfart at ikkje alt går til helvete

Hugsar du 20-årsdagen din?

Eg stod fram som homo på 20-årsdagen i juli 1997. Dei som ikkje visste allereie fekk vite. Eg ringde rundt og vart ferdig med det.

På kvelden feira eg med nye vener eg kjende frå ei ungdomshomogruppe eg hadde vore med i eit par månader. Eg hadde møtt kanskje fire av dei frå før. No var huset fullt av skeive ungdommar, som drakk seg fulle, dansa og hadde det moro.

No var huset fullt av skeive ungdommar, som drakk seg fulle, dansa og hadde det moro.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Så stod eg fram som homo på vidaregåande og eg vart tungt mobba. Medelevar trykte opp t-skjorter mot meg fordi eg var homse. Resten av året var dritt.

Les også: Då Tore Renberg var tjue år

Kva las du og kva lytta du til?

Eg las mykje. Eg likte tidsskrift som Samtiden, musikkblader, Blikk, og alt som var sært og smalt. Bjørneboe var konge. Eg lytta på gammal punk, Johnny Cash, David Bowie og hylende damer som Nina Hagen, Yoko Ono og Diamanda Galas.

Les også: Året han var tjue var eit vendepunkt for Per Kristian Foss

Visste du kva du skulle bli i livet?

Eg ville jobbe med kunst, musikk og kultur, og eg ville skrive bøker. Alt dette gjer eg no.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Framtida var noko som skremte meg. Livet var mørkt og kaotisk og noko eg lengta etter å leve.

– Hei du, du vil aldri finne så mange som liknar deg sjølv. Men slapp heilt av, for folk vil faktisk like deg sjølv om du er sær.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Eg ville tenkt at eg var kul og tøff, men depressiv.

Kva ville du sagt til deg sjølv om du som vaksen møtte deg sjølv som 20-åring?

Det fyrste eg hadde sagt er: – Hei du, du vil aldri finne så mange som liknar deg sjølv. Men slapp heilt av, for folk vil faktisk like deg sjølv om du er sær.

Velg folka du omgår deg med nøye, drit i andres forventningar til deg, gjer det du har lyst til. Og få deg sømn! Ellers ville eg bedt meg sjølv om å halde ut. Ting går faktisk bra til slutt!

Ting går faktisk bra til slutt!

Les også: Slik var 20 år gamle Hanne Krogh