Skeive vil flytte til Canada for å rømme frå Trumps USA
– Ein betydeleg del av dei seier at dei er redde for kva som kan skje med dei, seier Rainbow Railroad, som hjelper skeive med å flykte frå vald og forfølging.

Etter at Donald Trump blei attvald som president i USA, har talet på skeive amerikanarar som vurderer å flytte til Canada auka kraftig, ifølgje Rainbow Railroad.
Organisasjonen Rainbow Railroad er ein frivillig organisasjon i USA som hjelper skeive frå heile verda med å rømme frå vald og forfølging i heimlanda.
760 prosent fleire enn året før
Vanlegvis får dei rundt 12 000 førespurnadar frå heile verda i året, men det første døgnet etter at Donald Trump vart vald i november, kom det inn over 1100 telefonar.
– For første gong i historia var det USA som låg på toppen over land folk treng hjelp frå, seier Latoya Nugent i Ranbow Railroad til The Guardian.
No har dei fått over 4 000 telefonar frå USA så langt i 2025 – ein vekst på 760 prosent samanlikna med i fjor.
Til åtak på skeive 255 gonger på 100 dagar
Bakgrunnen er politikken til Trump, som mellom anna har innført strengare reglar mot transpersonar i militæret, idretten og helsetenesta. Fleire statar har lagt fram over 600 lovforslag som svekkjer rettane til LHBTQ+-personar.
Særleg transpersonar kjenner seg utsette – 61 prosent av dei som ringjer Rainbow Railroad frå USA identifiserer seg som trans.
I løpet av dei første 100 dagane etter Trump tok over presidentembetet igjen, var LHBTQ-personar tema for både spesifikk politikk og retorikk 255 gonger, ifølgje den amerikanske organisasjonen Glaad.
– Redde for kva som kan skje med dei
Dei fleste som ringer Rainbow Railroad frå USA for å få hjelp, seier at dei vil ha hjelp til å flytte ut av landet.
– Ein betydeleg del av dei seier at dei er redde for kva som kan skje med dei, med tanke på det politiske klimaet, dei nye politiske vedtaka og det juridiske landskapet for LHBTQ-folk, seier Nugent.
Det er framleis vanskeleg å få opphald i Canada, men to ferske saker – der ein kanadisk dommar stoppa deporteringa av ein ikkje-binær kunstnar, og ein asylsøknad frå ei 22 år gammal transkvinne frå Arizona – har gitt håp til fleire.